Liv - for femtande gong.
Gratulasjonar til Liv, idrettsmerket neste.
Gratulasjonar til Liv, idrettsmerket neste.

Ettter Nordstrandsløpet på Vereide laurdag 23. september var det klart at Liv Berge hadde teke sin femtande sammenlagtseier på rad i Nordfjordkarusellen. Vi gratulerer!

Merke til Berget & Berget i Birken.
Idar klarte merket.
Idar klarte merket.
Det vart merke både til Idar og Ole Berget under Birkebeinarløpet 16. september.
God oppfølgjing andre dag i Trondheim.
Fin fjerdeplass til Ole Jonny i dag.
Fin fjerdeplass til Ole Jonny i dag.
(10.09) Det vart ei god oppfølgjing av Ole Jonny og Erlend på andre dag av NCC-leikane, med fjerde plass til Ole Jonny i tresteg som beste plassering.
Fin første dag i Trondheim.
Femteplass til Erlend i kule.
Femteplass til Erlend i kule.
(09.09) Det vart ein fin første dag for Åheim sine to representantar under kretskampen i Trondheim, med femte plass til Erlend i kule som beste resultat.

Nedtur for Kjetil i UM.

Det vart skuffande resultat for Kjetil i UM på Byrkjelo. På 100 meter vart tida 12,14 som ga 12. plass. På 200 meter vart det 25,03 og same plassering.

Kjetil tok sølv i KM.

(12.08) Det vart andreplass og sølv på 100 meter til Kjetil Westerås under KM på Aksla i dag. Tida vart denne gongen 11,93.

Andre- og tolvteplass i NM motbakkeløp.

Det vart andreplass til Gunnar Borg i klasse 65-69 år og tolvteplass til Anders Bakkebø i klasse 40 -44 år under NM i motbakkeløp i Ørsta 5. august. Vi ser elles fine løp av Geir Nordal, Syvde og Jan Erik Sørhaug og Stig Rune Maurstad frå Bryggja. Alle resultata finn du på:

http://www.saudehornet.no/files/presse06/Res-Saudehornet%202006.pdf

Fjelløpssesongen i gang.
Så fint var det i fjor. Utsikt på veg ned att frå ca midtvegs og ned att mot Grotlesanden.
Så fint var det i fjor. Utsikt på veg ned att frå ca midtvegs og ned att mot Grotlesanden.
Fjelløpa har vorte populære, og helga 8 - 9. juli starta sesongen opp for alvor.
God innsats på Byrkjelo.
god_innsats_p__byrkjelo.jpg
Under sparebankleikane i friidrett på Byrkjelo 1-2. juli var det i år med fire utøvarar frå Åheim.

Ikkje fullklaff for Kjetil på Lillehammer.

(25.06)Det var fin innsats, men ikkje heilt dei resultata ein kunne håpe på for Kjetil Westerås under G-sportleikane på Lillehammer.
Det nærmar seg også på 100 meter.
Kjetil er framgang.
Kjetil er framgang.
Under andre dag av kretscupen sto 100 meter på programmet for Kjetil, og her vart resultatet 11,88 som er sju hundredel bak persen.

Kjetil persa på 200 meter.

(17.06) Det vart ny flott pers på 200 meter for Kjetil i kretscupen på Straumsnes i dag. I dei innleiande heata fekk han tida 24,30 som er 32 hundredel betre enn bestetida frå i fjor. Dette var to hundredelar bak plass i A-finale, men til gjengjeld vann han B-finalen. Her var tida så sterk som 24,14, men vinden var dessverre over det tilletne. Uansett eit "fall framåt" for 16-åringen.
Heitt på Førdeleikane.
Fin innsats av Runar i Førde.
Fin innsats av Runar i Førde.
Gradestokken kraup opp under 3o grader under Førdeleikane 11. juni, men det vart likevel levert mykje fin friidrett.
Sterkt løp av Christian i Markane.
sterkt_l_p_av_christian.jpg
Sterk innsats av Christian i Markane.
Christian Thue viste seg på nytt som eit godt løpstalent under postvegløpet i Markane.
Christian med full kontroll på Hauane.
Christian i 1. mailøpet 2005. (Foto: JST)
Christian i 1. mailøpet 2005. (Foto: JST)

Christian Thue hadde full kontroll i sitt felt i det årlege terrengløpet på Hauane onsdag 26. april. I løypa på 900 meter tok han ganske tidleg teten og auka etter kvart. I bakken halvvegs kunne han roe litt ned, for så å ha meir krefter inn mot mål, fortel 13-åringen frå Thue. Til slutt vart avstanden i mål 16 sekund til andremann, Stian Remme frå Stårheim.

I geriatrisk vert det desseverre berre meir og meir geriatrisk, og Ole Magne brukte i år 9,33 minutt i løypa på 2 kilometer og heldt seg så vidt føre ungjentene frå Haugen. I hans alder får han trøyste seg med at det i alle fall er betre enn å springe etter ungjenter.

Strynehalleikar og Bamseleikar med gode resultat.
Mykje kraft og musklar hos denne gjengen.
Mykje kraft og musklar hos denne gjengen.
I helga 18. og 19 mars var det aktivt på friidrettsfronten innandørs. 

Kjetil nr 2 i KM

Det vart andreplass på 60 meter til Kjetil under KM innandørs i Brynhallen laurdag 3. februar. Han fekk tida 7.71 i forsøket og 7.70 i finalen. Vinnar vart gode Vegard Jenset Øien frå Eide IL, som fekk tida 7.57.

Sterk 10. plass til Kjetil i UM.

Det vart ein ny fin innsats av Kjetil Westerås under UM innnandørs i Drammen laurdag 11. februar. I forsøket vart han nummer to i sitt heat med tida 7,61 på 60 meter og gjekk vidare til semifinale. Tida var den niande beste i forsøksheata.

I semifinalen måtte han nøye seg med 7,64 og femte plass i sitt heat. Totalt ga dette ein tiande plass, noko som må seiast å vere svært flott, særleg når ein veit at konkurrentane alt har fleire stemne innandørs bak seg og at Kjetil bør ha ein del å gå på formmessig i forhold til desse. Med ein litt betre start og litt meir "stang inn" når det gjaldt kva semifinaleheat han kom i, kunne det også lett ha vorte finale, men uansett har 16-åringen all grunn til å vere fornøgd så langt.

Sterkt av Anders i Geiranger.
Sterk sykling av Anders i Nibberittet.
Sterk sykling av Anders i Nibberittet.
Anders Bakkebø viser stadig framgang både til fots og på sykkelen.

Tre frå Åheim uttekne til NCC-leikane.

Utøvarar frå Åheim IL markerer seg på kretsnivå også i friidrett, og Erlend Løvold (14), Torgeir Skorge Aasen (14) og Ole Jonny Westerås (13) er uttekne på Møre og Romsdal sitt lag til NCC-leikane, eller dei såkalla regionale kretsleikane. Dette er det som før var Donald Duck -leikane, og som no er delt i landsomfattande kretskonkurransar på tre stader i landet. Erlend, Torgeir og Ole Jonny skal til Trondheim, der Møre og Romsdal skal konkurrere mot kretslag frå trønderfylka og dei tre nordlegaste fylka i landet. Vi gratulerer også desse og ønskjer lykke til.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post: post@aaheim.no

Org.nr:971369418

Dagens kamper i krets
trykk på teksten
A-lag   Stadlandet /Åheim

sibelco.png

Terminlister og tabeller


1. mai løpet Åheim 2016

Medlems.
kontonr. : 3910 41 41777
Hoved.

Kontonr. : 3972 20 36100

spbm_logo_farge.jpg
sibelco789.png