Fin første dag i Trondheim.
Femteplass til Erlend i kule.
Femteplass til Erlend i kule.
(09.09) Det vart ein fin første dag for Åheim sine to representantar under kretskampen i Trondheim, med femte plass til Erlend i kule som beste resultat.

Erlend fekk denne gongen 10,01 som var 22 centimeter bak fjerdeplassen. Den hadde han altså klart fint om han hadde nærma seg resultatet frå forrige helg, med 10,75 i Ørsta, men truleg vart det litt lite vafler på tordagskvelden då to utanforståande luta seg inn i 4H-bevertninga. Erlend fekk elles ein 17. plass i lengde med 4,59.

For Ole Jonny gjekk det også best i kule i dag, med 9,32 meter og 7. plass som resultat. Her tok Syvde sitt stjerneskudd, Sigurd Eikrem, bronse med 10,56 som beste støt. Sigurd klarte også ein fjerdeplass på 200 meter, medan Ole Jonny tok ein 12. plass i lengde med 4,33 meter som lengstehopp. Hadde han nærma seg 4,70 som han hadde på Byrkjelo, kunne det vorte ein 6. plass, men alt i alt må vi vere fornøgde med det våre to har klart i dag, ferske i faget som dei er.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco