Mini 8 på sin første turnering
mini_8_p__sin_f_rste_turnering.jpg

Mini 8 fikk vere med på handballturnering i Olivinhallen den 1. mars 2006, det var Stadlandet IL som arrangerte turneringa for 8,9 og 10 åringar. Vi hadde vår første trening mandag. Vi har sikkert masse å lære når det gjeld handball men det var skikkelig spennande og kjekt å vere med. Alle laga vi spelte i mot var eldre enn oss, men berre vent til neste år, då blir vi ikkje gode å slå.....

jr;)

Vi trenar ute (mini 8) fom mandag 24. april

MINI 8

Det blir utetreningar frå og med fyrstkomande måndag 24. april treningstida er fortsatt 1630.
(bana ved olivinhallen)Ta med utekle og sko.

jr;)

Nye drakter til Mini 8
nye_drakter_til_mini_8.jpg

Biletet viser representanter frå Gjensidige i Ulsteinvik og klubbane frå Søre Sunnmøre.
Gjensidige har tilbudt alle klubbar på søre Sunnmøre eit draktsett for eit av dei aldersbestemte laga sine. Frå Vanylven var det Rovde, Åheim og Åram som fekk eit draktsett i klubbane sine fargar.

Flott gjort, slik kjem godt med når sesongen no står for døra.

På Selje Cup for første gong...
Åheim 1 på Seljecup fine premiar blei det på oss...
Åheim 1 på Seljecup fine premiar blei det på oss...

Mini 8 reiste i helga til Selje Cup for første gong. Vi hadde 2 lag og spelte kvar sine 3 kampar. Verkelig spennande på Cup, med så masse ting som skjer rundt oss. Kva gjer vel det om vi taper fotballkampar berre vi har det KJEKT. Forresten var brusa, isen og pølsa veldig gode ute i Selja. Vi kjem sterkare i igjen berre vent.

No tek vi ein velfortent ferie..

Mini8. Repotasje frå trening.

Mini8 Åheim IL sitt yngste fotballag.
Dei viser stor speleglede so mange andre he å lære av.

AaheimTV var med på ein av dei siste utetreningane i år,
og har laget ei lita repotasje.

Musikken er sjølvsagt av Ronny Thue


Mini-8 trening

Seier for Guttelaget i første kamp om KM

Guttelaget gjorde i dag første del av jobben i kampen om kretsmesterskapet for Gutter 16-7er.
I bortekampen mot Stordal vant dei 3 - 1 etter 2 - 0 ved pause. Målscorarar for Åheim var Runar, Kaj og Daniel. Gutane jobba beinhardt i medvinden fra start og Stordal vart nok "tatt på senga". 1-0 kom allerede etter ca 5 min og dermed fekk Åheim det viktige første-målet noe som nok stressa Stordal, som har gått gjennom serien uten å avgi poeng. I begynnelsen av 2. omgang slappa Åheim litt av på presset, og dermed kom reduseringsmålet ganske kjapt. I stedet for at Stordal tok over kampen jevna det heile seg ut, og Åheim øka ledelsen på slutten av omgangen.
No igjenstår en kamp på Løvoll, der gutane skulle ha det beste utgangspunkt for å kunne ro dette i land. MEN kampen skal spelast først, og Stordal gir nok ikkje vekk poenga frivillig, så gutane håpar på mykje publikum søndag 15.10.06 kl 16:00. Møt opp og sjå om Åheim nok en gong skal ro i land eit kretsmesterskap i gutteklassa.

AH

Avgjørende kamp om KM for Gutter 7-er
Hærførar Daniel siktar mot KM
Hærførar Daniel siktar mot KM

Åheim sitt guttelag 16 år skal spele avgjørende kamp om KM i 7er fotball mot Stordal denne helga.
Kampen går etter all sannsynlighet på Løvoll søndag kl 16:00
Om flagga er oppe på Løvoll søndag formiddag, går kampen der, ved dårlig vær går kampen på grusbana ved Olivinhallen.
Åheim har et godt utgangspunkt (Sjå artikkel under) slik at det kan være duka for enda et kretsmesterskap for guttelaget.

Vi vil oppfordre alle som har sjangs til å ta turen på kamp på søndag for å støtte gutane.

AH

Guttelaget kretsmestere for 7-er lag 2006
Guttelaget jublar etter å ha vunnet sammenlagt 7 - 5 over Stordal
Guttelaget jublar etter å ha vunnet sammenlagt 7 - 5 over Stordal

Åheim IL sitt lag for Gutter 16 7-er gjorde i dag jobben, slik at dei vart Kretsmestere 2006. Resultatet på Løvoll vart 4-4 i en kamp som var svært jevn. Kampen var ikkje velspilt, men var spennande heilt til fløyta gikk for full tid. Stordal hadde på slutten ledelsen 4 - 3, slik at det på det tidspunkt var berre et mål som skilte for at Stordal skulle stikke av med seieren. Men i stedet kontra Åheim, og Terje Aahjem fekk æra av å putte det siste målet på nydelig pasning fra Kaj Robin. Dei andre måla vart scora av Kjetil og Kaj i tillegg til et sjølvmål. Dermed er flesteparten av denne guttegjengen kretsmestere for 3. år på rad. Et år som smågutte og to år som gutte.
Vi gratulerer spelarane og støtteapparatet rundt laget med trenarane Stig Rune og Svenn i spissen.

AH

 


AaheimTV si repotasje frå kampen

Mini 8 - i gong med treningane - 2006

Hei alle MINI 8 spelarar og foreldre.
Vi har starta treningane, treningstida er 1630 på mandagar. Vi måtte starte no slik at vi er "godt" trena til OLIVINCUP. Der skal vi stille med 2 lag. Dei som er med på musikkskulen går direkte frå hallen og til skulen kl 1715.

jr;)

Sparebanken Møre med raus gåve.
Flott gåve frå Sparebanken Møre til skigruppa og Mini 10. (Foto:JST)
Flott gåve frå Sparebanken Møre til skigruppa og Mini 10. (Foto:JST)

Åheim Idrettslag fekk måndag 24. april overrrekt ein sjekk på 40 000 kroner til skigruppa. Pengane skal dekke finansieringa av bru over elva i den nye traseen vi held på med. Samtidig vart Mini 10 i fotball spanderte på nye drakter og 10 nye fotballar.

Arbeidet med ny langrennstrase på Duestøylen vart også støtta med gåvemidlar frå Sparebanken Møre i 2004, då det også vart gitt til ny klippar på bana. I 2005 fekk vi mellom anna eit flott bidrag til NM i terrengløp. Idrettslaget vil få takke banken som ein trufast og god støttespelar, og minner alle med interesse for idrettslaget sitt arbeid og arbeid mellom barn, om at det er den lokale banken som støttar oss!

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco