Poeng på ein svak dag!
poeng_p___ein_svak_dag.jpg

Åheim leverte årsværste på Sæbø Stadion, men fekk allikevel med seg poeng heim igjen til Åheim, og dermed har Åheim tatt poeng i alle kampane til no i år.

Allerede frå start av såg vi at Sæbø hadde mest lyst til å vinne kampen. Dei fekk tidlig kontroll på kampen og fekk kontroll på miltbana. Dei skapte fleire halvsjanser uten å sette ein god Ivar Krokvik på dei store prøvene. Åheim kom aldri skikkelig inn i kampen, og det meste gjekk ikkje vår vei. Vi vart springane masse imellom uten å vinne til oss ballen. Åheimspelerane gikk til pause med litt bøyd nakke, fordi alle viste dei kunne so masse bedre…

2 omgang
Vi hadde bestemt oss for å gå ut å trykke litt meir til frå start av i andre omgang.
Trenar Henning Hansen hadde påpekt nokre justeringer som måtte til for å komme inn i kampen, men det viste seg fort at hans disipler på bana ikkje hadde ”dagen” i andre omgang heller. Omganen begynner med en rekke relativ store Sæbø sjanser, og vi kan takke Krokvik og Fru Fortuna for at Åheim fortsatt var med i kampen.
Det meste gjekk galt i banespelet og dei fleste hadde en under pari dag.
Men Åheim-laget skal ha at dei fortsatt holdt haude kaldt og ikkje ga opp.
På slutten av kampen såg det ut til at Åheim våkna. Dei siste 5 minutta pressa vi Sæbø tilbake, og kunne med litt flaks stjele alle poenga på Sæbø Stadion. Det hadde IKKJE vært fortjent.

Konklusjon:
Ingen stor forestilling, men Åheim har endå ikkje tapt, og det er SVÆRT positivt. Vi gir aldri opp, og kan med litt flaks vinne kampen. Vi veit at mange av spelerane har mykje meir inne, og vi håper at alle løfter seg nokre hakk til onsdag då vi skal møte topplaget Herd på Åheim Stadion.

Kampfakta 5 divisjon

12 mai 2004

Sæbø – Åheim 0 –0

Sæbø Stadion
Ca 30 tilskuere.


Åheim:
Torgeir Hellebust (keeper)**
Odd Arne Kragseth (høgre back)
Freddy Lyngvær (stopper)
Odd Steinar Husevåg (stopper)
Pål Hellebust (venstre back)
Kai Johnny Venøy (høgre flanke)
Olav Øverlie (def mitbane)
Per Kenneth Hovdevik (off mitbane)
Lars Inge Flister (venstre flanke)
Elling Flister (spiss)
Joachim Åsebø (spiss)

Innbytte:
Ivar Krokvik
Torgeir Halsen
Terje Slagnes
Nils Svein Hansen


**Ivar Krokvik kom inn etter ca 30 sekund speletid.
Torgeir Hellebust kom seinare inn som flankespelar.

POENG:
2 poeng: Ivar Krokvik
1 poeng: Odd Steinar Husevåg, Freddy Lyngvær og Joachim Åsebø

Spelarar 2004

Bilde og opplysningar om Åheim sine spelarane sesongen 2004. Vi mangler bilde av Stig Beitveit foreløpig 
Fotballavsluning på Kvilehytta 7 Desember.
Sjå bilda
Bilder frå sesongen 2004
Gutelaget: Tap mot Vartdal
Hard veke for Elling Flister som skal spele 5 kamper på 8 dager. I lgar med Pål og Svein R. blir det mange timer fotball kommande veke.

Hard veke for Elling Flister som skal spele 5 kamper på 8 dager. I lgar med Pål og Svein R. blir det mange timer fotball kommande veke.

Åheim - Vartdal 5 -6 (1-3)
Åheim Stadion
Dommer: Tormod Hvattum

Det vart en ny tett kamp mot Vartdal for gutelaget fredagskvelden.
Åheim tok ledelsen allereie etter 20 sekund, mend Elling Flisterm og Åheim såg ut til å ha full kontroll første del av omgangen. Men mot slutten kom Vartdal sterkt tilbake og putta på 3 før pause, et litt flatterande pauseresultat etter alle Åheimssjansane.

2 omgangen var også janmn, men Åheim greide aldri å komme nærmare en et mål bak Vartdal. Åheim produserte bøttevis med sjanser, men er sørgelig inneffektive foran mål denne kampen. Vi får håpe dette retter seg til neste fredag, når vi skal hevne tapet for Sæbø på Norway Cup.

Mini 9 på Vanylvscupen
mini_9_p__vanylvscupen.jpg

To seier og eit tap for mini 9 på Vanylvscupen.

Dei som spilte for Åheim var :
Tormod,Svein-Ove,Isak,Sander,Renate,Kitt,Sverre,Per-Arne,Alfred,Preben,Andreas.

Åheim tape den første kampen 7-3 mot Tornado/Måløy 1,det var ein jamnspillt første
omgang med stillinga 1-1.
I andre omgang så greide Tornardo/Måløy 1 å få uttelling på nesten alle sine
skjanser , mens Åheim ikke var fult så heldige.
Både mot Tornado/Måløy 2 og Van.Kam så vant dei med 4-2 , der Åheim sine spillere
viste gode enkeltprestasjoner og godt lagspill.

Lillegutt 93
lillegutt_93.jpg

Lillegutt 93 spelte ein god kamp mot Bergsøy 2 på Løvoll 10.05.2004.Dei vann heile 13 - 1, med Christian Thue som toppscorer med 8 mål. Heile laget spelte ein god kamp og viste utrulig innsatsvilje. Laget har 2 seiarar av 2 mulige så langt i sesongen, dette laget blir spennande å følgje framover.

Arnljot

Fotballsesongen 2004
fotballsesongen_2004.jpg

Her er bilde av A-laget sesongen 2003. Frå denne sida kan du følge med resultat, tabeller og kamper for alle lag på Åheim.

Vi utfordrar alle lag til å sende bilde og skrive ein liten tekst om seg sjølve her..

 


Resultat, tabeller og kamper for alle lag på Åheim

Freddy Lyngvær A-lags kaptein 2004.

Spelerane og lederane i A-lags gruppe valgte lørdag Freddy Lyngvær som kaptein for 2004. Freddy har spelt for Åheim dei siste 3 åra, og er kjent for en hardt arbeidene og solid stoppar. Freddy er en av Åheimspelerane som er mest treningsivrig og bidrar særdeles positivt i trening og kamp.

Freddy Lyngvær står med 24 kamper for Åheim foran årets sesong. Vi håper det vil bli mange flere.


Svein Ekrem 25. april 2004.

STATISTIKK OVER REGISTRERTETE KAMPAR FOR A-LAGET 1977->

Idar Sylte troner øvers på adelskalenderen for spelte kampar pr. 31.12.2003
Tal i [] er spelte kampar i 2003

IDAR SYLTE 572
LEIF LØVOLD 529
OLAV GJERDE 524
HARALD KRIKEN 411
TORMOD HVATTUM 368
SVENN WESTERÅS 358
STIG RUNE LØVOLD 340
ANTON LØVOLD 304
OLAV ØVERLIE {7] 305
HENNING HANSEN [6] 248
JON A. THUE [3] 231
OLAV LØVOLD 226
JOSTEIN MIDTHJELL 198
PER KENNETH HOVDEVIK [18] 173
SVEIN RASMUS EKREM [1] 168
JON ARNE KRIKEN 167
RASMUS STØVREIDE 154
EINAR STØVREIDE 142
ØISTEIN KRIKEN [15] 141
ODD BJØRNAR BJØRNESETH 135
KURT SYLTE 132
JARLE KROKEN 123
OTTAR SANDE 119
PÅL DRAGE 118
OTTAR I RUSTEN 117
ODD-STEINAR HUSEVÅG [9] 111
KJELL BRENNE 111
MATZ KROKEN ÅSEBØ 107
JAN MAGNUS THUE 105

PÅL HELLEBUST DAGENS MANN
p_l_hellebust_dagens_mann.jpg

Guttekamp Åheim Stadion 04.05.04

Åheim – Vartdal 7-7
Dommer: Stig Rune Løvoll.

Med tre scoringar seint i kampen, vart Pål Hellbust dagens mann på Åheim Stadion. Når det var igjen ca 10 minutt av kampen låg Åheim under med 4-7, men laget avslutta veldig sterkt der Pål Hellbust sto i fremste rekke og berget poenget for et morsomt Åheimlag. Dermed har trenar Freddy Lyngvær sine gutar fått ein fin start på årets sesong. Andre som utmerka seg på Åheim var ein småskada Elling Flister og ein litt overtent
Marius Ekremsæter. Vi kjem tilbake med de andre målscorerane seinare.

SRE

SANDEJENTER - ÅHEIM

Måndag 3/5 spelte Åheimjentene mot Sandejentene sitt lag. Resultat vart 4-4. Kampen var veldig god og spennande med Åheim i føringa til Sande utlikna på overtid.
Målskorarar: Tone Hellebust (2), Henriette Løvold Hellebust (1) og Tina Skorge Aasen (1)

Ein skikkelig arbeidssiger……

05.05.2004 5.divisjon Sunnmøre
Åheim – Åmdal (2-0) Øyvind Bakkebø (53), Nils Svein Hansen (76)

Vi må nok innrømme at resultatet var noko i overkant i forhold til den spelemessige fordelinga, men i fotball er det slik at dei som scorar flest mål vinn kampen. (punktum) Det er heller ikkje ukjent at om ein kjempar og står på 100 % så gjev dette seg ofte utslag i at laget vinn kampen. Dette gjorde Åheim i dag, og stikkorda var: Moral, kjemping for kvar andre, å godt humør.
- No livnar det i lundar, no lauvast det i li skreiv ein kjent diktar…. Det same seier vi, for like sikkert som at bjørka sprett om våren, så er det tid for comeback for Tormod Hvattum (49) i Åheimburet. Og Tormod vi er imponert! Du er kanskje ikkje så raskt som du eingong var,men du verden for ein autoritet, rutine og ein speleforstålelse. Og det er no dette den harde kjerne på Løvoll elskar. Eit klart opprop frå oss er: Vi vil sjå fleire kampar av deg, både i år og neste år osv…

Småguttelaget med storsiger
sm_guttelaget_med_storsiger.jpg

05.05.2004 Austefjord - Åheim 0 - 30 G14.07 Avd. 2

Undertegna har aldri hørt om større siger for noko Åheimlag.
Vi kjem tilbake med kommentarar seinare.

Jermund :-P

Lillegutt 92 - 2004

Lillegutt 92 fekk tatt lagbilde i dag. Alle lag som ønskjer det må ta kontakt med ein av oss i redaksjonen. (Eller nokon som har digitalt kamera)
Ta kontakt med: Jermund, Jon Sivert eller Johan så ordnar dette seg sikkert….


Jermund :p

lillegutt_92_2004.jpg
Mini 10
Trenar Asgeir Hasund og oppmann Grete Krogenes Brobakke.
Bilde av spelarane som var med på Åheim 1 og Åheim 2 i fjor, i år er fylgjande med: Sondre Hasund, Kristoffer Berge, Sigurd Per Hellebust, Magne Brobakke,, Ivan Marius Berget, Adrian Hatl

Trenar Asgeir Hasund og oppmann Grete Krogenes Brobakke.

Bilde av spelarane som var med på Åheim 1 og Åheim 2 i fjor, i år er fylgjande med: Sondre Hasund, Kristoffer Berge, Sigurd Per Hellebust, Magne Brobakke,, Ivan Marius Berget, Adrian Hatl

Mini 10 er også i år inndelt i 2 jamne lag, og vi skal i år spele turneringar ilag med lag frå VanKam, Gursken, Sandsøya, Larsnes, Gjersvika, og Sandsøya.

Treningar:
Måndag kl 17.30 – 18.30

Kampar:
Vi startar turneringane i veke 19.
Åheim 1 spelar i Gjersvika på måndag
Åheim 2 spelar i Gursken på Fredag.

Utandørscup:
Vi satsar i år på å delta på Skeidar Cup den 6 juni i Ulsteinvik, arr Hødd og Hasundgot.

Kontaktpersonar Mini 10
Asgeir Hasund mobil tlf 91 71 96 34
E-mail: asgeir.hasund@panfish.no
Grete K. Brobakke mobil tlf 48 02 21 09
E-mail: Grete.krogenes.brobakke@olivin.com

4 målmenn på 4 kampar.

På 4 kampar i serien har a-laget brukt lika mange keeperar i år. Første kampen stod Tor Moltumyr mot Skodje, kamp nr 2 måtte Torgeir Hellebust steppe inn når dei andre ikkje hadde mulighet. Kamp nr 3 stod Tormod Hvattum i mål og no i kveld stod Ivar Krokvik i mål mot Sæbø.
Og la oss slå det fast; alle har stått meget bra i mål. Faktisk har alle keeperane fått poeng i vår poengskala etter kampane. Sjølsagt er det ikkje ein ideell situasjon å måtte skifte keepere kvar kamp, men det viser seg at rutine og pågangsmot gjær underverker. Det at resten av forsvaret er stabilt gjær situasjonen litt bedre. Det vil nok fortsatt bli en del bytter på keeperplassen utover året, men vi får håpe vi i alle fall kan spele to kamper på rad i år uten å bytte keeper ;)

Faktisk har vi ikkje i år hatt keepere på trening ein einaste gong. Dette er sjølvsagt ingen god situasjon, men vi for håpe at resultata ikkje blir påvirka av det. Vi er faktisk pr. dato det mest gjerrige laget i divisjonen i lag med Herd.

Første tap for A-Laget i årets serie.

Fortjent seier til Rollon.

Åheim – Rollon 1-2 (0-0)
Dommer: Magne Johnny Krumsvik, Volda

Åheim gjekk på årets første tap i kveld på Åheim Stadion. Rollon som er en av opprykks favoritter viste seg å være minst et hakk for store for oss denne kvelden. Rollon laget var et fintspelande lag, som tok med seg mange i oppbyggingsfasen og spelte langs bakken. Åheim kom aldri skikkelig inn i kampen, og vart tidvis spelt ut på midtbana. Åheim vart litt for forutsigbar i oppbyggingsfasen, og fekk aldri dei store sjansane i første omgangen. Dommer Krumsvik dømte korrekt straffe til Rollon etter 39 minutter i første omgang, men vår rutinerte målmann Hvattum reddet skuddet glimrende, og vi fekk avklart returen.
Første omgang ebba ut 0-0, nåke Åheim ikkje skal være misfornøgd med.

2 omgang:
Vi la litt om formasjonen og sette blant annet inn Olav Øverlie inn på midtbana. Vi gjorde også om en del på den offensive formasjonen for å få litt mer trøkk i angrepet. Men Rollon tok også kommandoen også i andre omgang. Skapte en del halvsjanser, og presset Åheim. Etter 9 minutter fekk dei også ”hull på byllen” og fekk sitt fortjente 1-0 scoring, det må nemnast at det såg ut til å være litt kommunikasjon problem i forsvaret i denne situasjonen.

Rollon forsette med banespelet utover kampen, og dei fekk også 2 – 0 da vi rundet halvtimen i andre omgang. Også i denne situasjonen såg det ut til å være unødvendig å la Rollon få sjansen.

Etter dette kom Åheim meir med i kampen, om Rollon sleppte seg nåke ned kan være mulig… Nils Svein Hansen hadde etterkvart komt inn, og fekk sjansen etter 38 minutter og ekspederte ballen i mål. Etter dette tok Åheim og presset litt mot slutten, uten å skape dei helt store sjansane.

Konklusjon:
Åheim tapte for et bedre lag i dag på Åheim Stadion. Rollon ville meir, og hadde også bedre individuelle prestasjoner. Rollon virka å være godt trent og kjem til å være med i toppen i 5 divisjom.
MEN, Åheim kan så mykje meir, vi veit at på gode dager kan vi være med å kjempe mot lag som Rollon. Vi trur og håper at Åheim vi vil vise seg i et bedre lys neste gang.


Åheim:
Tormod Hvattum, Odd Arne Kragseth. Freddy Lyngvær, Odd Steinar Husevåg, Torgeir Halsen, Kai Johnny Venøy, Per Kenneth Hovdevik, Torgeir Hellebust, Jørgen Sundal, Øyvind Bakkebø, Terje Slagnes.

Innbytte; Olav Øverlie, Lars Inge Flister, Nils Svein Hansen,

Poeng:
3 poeng Odd Steinar Husevåg
2 poeng Tormod Hvattum
1 poeng Freddy Lyngvær

12Neste

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco