Graving av lengdegrop
img_3178.jpg

Tysdag 7. juli 2015 var det dugnad på skuleidrettsbana med graving av lengdegrop. Stor takk til positive, kjekke karar som stilte opp, og særleg til dei som skippa sykkeltrening for å køyre trillebåre i to og ein halv time og han som utsette Måløy-besøk. No ventar støyping av kantstein innvendig, og så kjem venteleg dei som skal legge kunstdekke snart. Ein ny stor kostnad for laget, men ikkje noke problem no når alle medlemskontingentane strøymer inn :-)

Så kom kunstdekket

img_6398.jpg

Endeleg, snart fire månader etter planen, var tsjekkiske Jozef, Jiri og Lucaci frå firmaet Polytan i dagane 10.-13. september på plass for å legge kunstdekke langs eine langsida og i lengdetilløpet på skulebana. Når vi no også får sand i gropa, tar det til å kome seg.

Flott femteplass til Fredrik
PERS: Fredrik Hovdevik, her fotografert etter KM i januar, sprang inn til femteplass i UM. Om utviklinga held fram kan det verte snakk om klubbrekordar ute til sommaren?
PERS: Fredrik Hovdevik, her fotografert etter KM i januar, sprang inn til femteplass i UM. Om utviklinga held fram kan det verte snakk om klubbrekordar ute til sommaren?

Fredrik Hovdevik tok søndag (8.3-15) femteplass på 1500 meter i klasse 16 år under UM i Ulsteinhallen. Fredrik sprang på tida 4.24,52, som er pers med ni sekund. Kjempebra prestasjon. Går du inn på nettsida nmdimna.no, kan du sjå streaming av Fredrik sitt løp ved å klikke deg inn 3.49 minutt ute i videoen.

Fin friidrett på Høddvoll

IMG_1147.JPG

Fem spreke utøvarar frå Åheim IL deltok laurdag (sept. 13)på Dimnaleikane. Her har vi knipsa fire av dei med medaljane sine etter stemnet. Frå venstre: Isak, Ine, Lucas og Magnus, medan Siren var reist på snoping med nye venninner frå stemnet då bildet vart teke.
Under ligg resultata. Fullstendig liste på dimna.no

resultatliste_dimnaleikane.doc

God generalprøve på Hauane

1_MAIOPPK_YRING_.JPG

Det vart to klassesigrar til Åheim under Haugen IL sitt årlege terrengløp tysdag. Både Elisabeth og Aina vann sine klasser. Bernhard og Anna tok tredjeplassar. Elles fin innsats i rekruttklassene av Isak, Andy, Ine og Siren. Det stilte i alt 77 deltakarar.

terrengl_p_klenkarberget.doc

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco