Alternativ.
alternativ.jpg

Dersom ein vel å køyre, er det berre vegen frå Austlandet over Strynefjellet som er fergefri. Frå Oslo tar det ca 8 timar (ca 4 t frå Otta, 1,5 t frå Stryn). Ei alternativ rute er å køyre over Hemsedal og Sogndal ( ca 3 timar frå Sogndal). Dette går om lag same tida, men inneber to ferjer og bompengar (150,-) på Fjærlandssambandet.

Frå Trondheim kan ein ta tre vegar, enten køyre over Dombås og Otta, eller ein av dei ytre rutene: om Sunndalsøra og Molde med tre ferjer eller om Halsa - Kanestraumen ( http://www.mrf.no/Modules/Page/viewPage.asp?modid=569&level=506 ) og Krifast med ei ferje meir. Over Dombås tar det ca 8 timar, medan dei ytre rutene kan vere noko raskare om det klaffar med ferjene. Dei godt kjende held ein knapp på Halsa som raskast.

For dei som kjem sørfrå, tek det 5,5 – 6 timar frå Bergen og inneber to ferjer. Nærare beskrivelse av rutene med ferjetabellar finn du nedanfor.

Dersom ein vel å ta fly til Ålesund, må ein først ta hurtigbåt til Hareid (25 min) og deretter buss eller annan transport vidare over ferjesambandet Årvik –Koparnes. Dette tek ca 1,5 time. Dette kan gjelde ein del, og vi vurderer hentebuss på Hareid fredag kveld. Sjå elles ruta: ”Frå Ålesund” nedanfor. Det er også muleg å ta fly til Sandane. Der i frå tek det ca 1 t 15 minutt over ferjesambandet Lote – Anda (sjå Bergen nedanfor).

Frå Bergen er det også greitt å ta hurtigbåt til Selje ( 5 timar). Det går også ekspressbussar både frå Oslo og Bergen. Sjå rutebeskrivelsane under Reisetider/rutetabellar  i menyen.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco