BARNETRIM VÅREN 2008:

Hauk og due

Hauk og due

Sidan det var så veldig få som meldte interesse ut frå svarslippane forrige veke, kan vi ikkje leige hallen til barnetrim slik vi har gjort før.

For å likevel ha eit tilbod til dei som er interesserte, har vi fått låne gymsalen på skulen til same tid mandagar.

Då kan 2001-, 2002-, 2003- og 2004-modellane som ynskjer det, kome og leike fritt med det utstyret som er der + det vi har kjøpt inn i haust.

Føresetnaden er då at alle ungane har med ein voksen som er der heile tida.

Det vert ikkje eit organisert tilbod slik det har vore tidlegare, men eit tilbod der ungane kan få leike og aktivisere seg.

Det einaste ein då treng å betale er medlemskontingent til idrettslaget (pr. i dag er det 50 kroner i året).

Vi startar mandag 21.januar klokka 17.30 – 18.30, så ser vi korleis interessa er, og om dette er noko vi vil fortsette med.

Det kan evt. verte aktuelt å starte oppatt i hallen til hausten, men det vil vi ta opp etterkvart.

Trimgruppa.

AVSLUTNING FØR JUL.

avslutning_barnetrim.jpg

Mandag  26 november var siste barnetrim før jul. Då vanka det som vanleg julebrus, pepparkaker
og twist! Som de ser var det stor stemning i leiren....

avslutning.JPG

Nye leikar til barnetrimmen!

Kjekt med balanse-steinar.

Kjekt med balanse-
steinar.

Rett før jul vart det kjøpt inn litt nytt utstyr til barnetrimmen. Det var blant anna ein fallskjerm, balansesteinar, "golvbasketkorg" mm.
Her kan ein sjå noko av det.

fallskjerm.JPG

BARNETRIM HAUST 2007

Barnetrimmen er som sagt godt i gong att etter ferien. Tidspunktet er som før; kvar mandag klokka 17.30 - 18.30,
med unntak av haustferien. Vi held nok på ut november, før vi tek juleferie.
Her er litt bilder frå ein av mandagane:

G_y_i_ringane.JPG
Hoppetau.JPG
Kjekt_med_tau.JPG
Slengtau.JPG

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco