
1. mailøpet 2019
Takk til alle. Vi kom ganske godt i mål i år også, trass i litt surt vêr og smårusk i maskineriet. Det skuldast ikkje minst alle gode hjelparar som trår til og tar ansvar. Legg ved eit bilete av Oskar Nedregård som overrekkjer det flotte fatet vi fekk, med takk for alle hyggjelege stunder frå familien Nedregård i løypa og i hallen. Vi rettar ein takk attende for at dei trufast har møtt fram som hyggjelege og engasjerte deltakarar og publikum gjennom femten år. Det vert underteikna som får takk, blomar og ros. Eg lar dette, i lag med blomehelsinga frå kommunen gå vidare til alle funksjonærar, sponsorar, hjelparar og bygda i det heile som støttar opp om arrangementet.
OBS: Bilete no under linken FRIIDRETT/1.mailøpet i venstre marg.