TRENINGSKAMPAR MINI 8

glade_gutar.jpg

Fredag 28.nov hadde mini 8 si siste trening før jul, og då avslutta vi like gjerne med treningskampar mot Stadlandet. Gutane spelte mot 00-mod og jentene mot 99-mod. Alle gjorde ein god innsats, og hadde det veldig kjekt. Spelte to kampar kvar. I pausene var det frukt og drikke.

Siste samling vert no på Kvilehytta onsdag 3.des, og då tek vi lang juleferie!

Ingvild

MINI 8 -på tampen av sesongen....                      

 

Denne veka vert det siste treninga før jul.
Då skal vi spele treningskampar mot Stadlandet. Dei møter med to lag: 99-jenter og 00-gutar.
Kampane vert spelt i treningstida vår fredag 28.11 klokka 17-18, men møt opp kvart på fem!
Ha på drakter og leggskinn.

Vi kjem til å lage til litt oppskoren frukt og drikke til spelarane i vestibyla.
Kjøper inn alt felles, og bed difor kvar spelar om å ta med 10 kroner for å dekke dette.

Elles må alle ta av seg skoa nede i vestibyla før ein går opp på tribuna, eller ha med innesko (så slepp vi å vaske etter oss).

Oppsettet vert som følger:

17.00Jenter Åheim-00  - Stadlandet-99

17-15:  Gutar Åheim-00  -  Stadlandet-00

17.30Jenter Stadlandet-99  - Åheim-00

17.45:  Gutar Stadlandet-00   -  Åheim-00

 

Møt opp og hei på gjengen, dette er siste sjanse før dei vert mini 9...

 22.11.08,
Ingvild, 91144665 og Svenn, 45217037   
-gje gjerne eit hint om nokon ikkje kan møte.

TURNERING PÅ LØVOLD 25.SEPT.

l_vold_25_sept.jpg

Torsdag 25.september spelte vi turnering på Løvold. Vi stilte med 3 lag, VanKam med to, og Sandsøy og Kvamsøy med kvart sitt. Her er bilde frå eit av Åheim sine lag. Alle dei tre laga var kjempeflinke, og vann mange kampar.

Turneringa på Sandsøy var 27.september, og då hadde vi ikkje anledning til å stille.
Men veka etter haustferien skal vi prøve å få til treningskamp mot Stadlandet, nærmare informasjon kjem mandag 13.okt.

Ingvild

VI STARTR MED TRENING IGJEN...

Etter ein lang sommarferie startar vi no med treninga igjen på same tid som før ferien.
Tysdagar klokka 17-18 på grusbana.

Ta på leggskinner og gode sko, og ta med drikke. Sjå utdelt foreldrevaktliste 25.8.

I løpet av hausten skal vi spele turnering på Sandsøy og på Åheim, nærmare beskjed kjem etter kvart.

Ingvild

Åheim Mini 8 - Seljecup 2008

Foto: Arild Skorge

SELJECUP 2008

Her er både jentene og gutane samla!

Her er både jentene og gutane samla!

Søndag 15.juni var det Seljecup for første gong for gjengen.
Mini 8 stilte med eit gutelag og eit jentelag. Gutane spelte nokså jamne kampar, og vann to. For jentene så berre rann måla inn.....21 mål på met meste i ein av kampane...Dei vann alle tre kampane.
Alle var kjempeflinke, både gutar og jenter!!!

Dette var siste turnering/cup før sommaren. Tysdag 17.juni er siste treninga, og så tek vi sommarferie!

Ingvild

gutane.JPG
jentene.JPG

MINITURNERING PÅ KVAMSØY 6.MAI

Eit glimt frå eine kampen. Sjå vedlegget også.

Eit glimt frå eine kampen. Sjå vedlegget også.

Den første miniturneringa for mini 8 var på Kvamøy onsdag 6.mai. Åheim stilte med heile tre lag, og i tillegg var det lag frå VanKam, Sandsøy og Kvamsøy. Alle gjorde ein kjempeflott innsats, og vi vann dei fleste kampane!!

Det som var spesielt kjekt denne gongen, var at vi fekk bruke bussen og det var stor stas!! Kenneth Hellebust køyrde.

Neste turnering er mandag 26.mai på Eidsåvoll.

Ingvild

P5070010.JPG

Bilde Olivincup

OLIVINCUP FOR FØRSTE GONG!!!

Alle tre laga i trappa etter premieutdelinga.

Alle tre laga i trappa etter premieutdelinga.

Torsdag 27.mars var dagen endeleg komen. Mini 8 skulle spele cup for første gong. Det var mange spente 2-klassingar, og det gjekk kjempeflott! Vi hadde tre lag, noko som gjorde at alle fekk spele nesten heile kampane (og vi trenarane nesten stod samanhengande på bana...)
Alle gjorde ein flott jobb, og vi hadde det kjekt både store og små. Måla rann inn, og det var mange glade målskårarar.
Litt vanskar med innbytting var det (ikkje lett å høyre når alle heiar på oss...), men dette går seg nok til etterkvart.

Tilslutt var det premieutdeling med pokal, fotball og panneband.
Stor stas!

Treningane framover vert no UTE PÅ GRUSBANA tysdagar klokka 17-18, lapp vert utdelt etter helga.

Ingvild.

MINI 8 HAR STARTA MED TRENING OG AKTIVITETAR!

Litt informasjon i starten.

Litt informasjon i starten.

Mini 8 er no i full gang med trening og aktivitetar på fredagar klokka 17.00-18.00.
Det er 19 barn med i troppen, ein stor og flott gjeng!
Vi held på med leikar, aktivitatar, pasningstrening, spelar fotball osv. Målet er at det skal vere så
variert som råd.

Trenarar er Svenn Westerås, Ingvild Bøstrand og Sølvi Nygård. Oppmann er Britt Nerland.

Her ser de nokre klipp frå dei første gongane vi møttes!

IB

S8001438.JPG
slitne_etter_ei__kt.JPG

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco