FAMILIEBADING hausten 2007

Trimgruppa har (etter førespurnad frå skulen) tenkt å arrangere familiebading på torsdagar no i haust. Men det er avhengig av at frivillege stiller opp.
Mange har allereie sagt ja til å ta del på teorikurs og praktisk livredningskurs i lag med skulen. Og for å arrangere dette er vi avhengig av at mange har desse kursa.
Er det fleire som vil hjelpe til, så er vi takknemlige for det. Om ikkje du ynskjer å ta del på kursa, så treng vi også vakter til å ta i mot pengar osv.
Ta kontakt med Wenche Haugen Thue (41106415) eller Ingvild Bøstrand (91144665) så fort som råd, dersom du er villig til å stille opp.
Vi har tenkt at det vert ca 6 gongar no i haust, og at vi berre treng stille ein gong kvar. Men vert vi for få, kan det hende vi må kutte ned på tilbodet.....

Trimgruppa.

Dametrim

No torsdag 11 januar startar dametrimmen opp igjen i hallen kl 20.30-22.oo. Så då er det berre å komme for både "gamle" og nye trimmande. De er alle hjarteleg velkomne. Trimmen held på som før: mandagar kl 18.30-20.00 og torsdagar kl 20.30-22.00. Så vel møtt til ei inspirerande, kjekk, sosial, trimmande og til tider hard stund ilag med dei to spreke damene som trimmar oss, og oss andre som heng med....... Trimgruppa
BARNETRIMMEN OG DAMETRIMMEN ER  I GONG!
Hauk og due!
Hauk og due!
No er både barnetrimmen og dametrimmen kome godt i gong att etter ferien.
Sjekk trimgruppa sine sider for meir informasjon om tider mm.
IB

AVLYST MERKE-LØYPE-TUR!

Den planlagde turen for å merke løype til Kyrnosa mandag 21 mai, må dessverre gå ut. ÅIL skal ha medlemsmøte denne kvelden.
Vi kjem tilbake seinare med evt. nye datoar, sidan turen 7 mai og gjekk ut.
Ingvild B.
Merking av løyper/stiar
merking_av_l_yper.jpg

Vi har satt opp desse datoane til merking av løyper/stiar til fjellpostane våre:
2.mai: Lyngfjellhola-Løvoldsnipa og evt. vidare (start ved Jarle Løvold)
9.mai: Vaulsnipa-Nyken-Tusshornet (start på parkeringsplassen på Vaulen)
Ei gruppe merkar og frå høgda-Nyken (start på parkeingsplassen på høgda)
21.mai: Kyrnosa, evt vidare til Gorgehornet (start i Skitnevika)
30.mai: Bekslehornet- Heida - ned til Kvile (start på Beksle)

Alle dagar startar vi klokka 18.00. Ein del av oss/alle i trimgruppa kjem til å gå desse turane, men er det fleire som vil vere med er det berre å henge seg på. Dersom veret er usikkert, kontakt Wenche A.H.Thue på telefon 41106415.

FJELLTURAR!

Tysdag 28 august er det fjelltur til Bekslehornet, som ein del av
solsikkevekene. Møt opp på Beksle klokka 18.30.
Registrering i eiga bok på toppen.
Les meir under programmet for solsikkevekene.

Søndag 16 september har vi planlagt familietur til Lisjevass-setra.
Registrering mellom klokka 12 - 15. Det vert sal av pølse m/brød,
kaker, kaffi osv.  Meir informasjon kjem seinare, sjå og under
trimgruppa sine sider.

Trimgruppa V/Ingvild

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco