DEI FIRE RASKASTE: Frå venstre: Mussie, Medhanie Abrham, vinnaren Jonas Osland og Frode Refsnes.
DEI FIRE RASKASTE: Frå venstre: Mussie, Medhanie Abrham, vinnaren Jonas Osland og Frode Refsnes.

Fjortenåring vann Vassend-rittet 2017

Fjorten år gamle Jonas Osland frå Naustdal var den raskaste opp svinagne til Vaulen i år. Sprekingen, som syklar for Flora CK, fekk tida 13.46,5 minutt. I kvinneklassa sigra søstra Marie Osland, som brukte 19, 04 sekund og avgjorde dei siste to hundre meterane i kamp mot Oddbjørg Vik Nordal frå Syvde. Bildegalleri under resultata.

Vassend-ritt laurdag 9. september 2017

skjermbilde_2017-09-04_kl_15_03_46.jpg

Laurdag er det på nytt klart for vassendrittet under bygdedagen Åheimfest. Rittet startar 12.00. Påmelding ved Spar. Etter ei defileringsrunde går løypa 5 km opp svingane til Vaulen. Først ca 1 km flatt, så 3 km med opptil 8 % stigning opp svingane til Kvilet, før spurtstrekket på ca 1 km fram til Vaulen.

Begge løyperekordane er frå 2011; Martin Notøy Nevstad 11,35 og Camilla Landsverk 17,28. Men her er det rom for alle. Det har også vore deltakarar på rulleski og siste åra eiga Elsykkelklasse. Det er også klasser for ungdom under 16 år (f 2002 og yngre). Pengepremiar med 1 000 kroner til vinnar, pins til alle og trekningspremiar på startnummer. Premiering/trekking ca 13.10 på ungdomshuset. Kjekt om alle kjem innom.

Sjå elles resultat frå tidlegare år under linken sykkel til venstre. For meir info: Kontakt Ole Magne 911 84 479

Vassend-rittet 2016

Karl Erik Kravik vart klar vinnar av sykkelrittet til Vaulen under Åheimfest 27. august. Tida vart rett nok ein del bak det han brukte for to år sidan, utan at vi trur han trengte å ta ut alt. Det vart dermed 1 000 blanke kroner, gitt av Sibelco, i førstepremie. Sonen Ole Marius vann ungdomsklassa og 500 kroner, samt at begge vann førsteklasses mòr frå Ole Ringdal til å ta med seg til helgeopphaldet på Hakallestranda.

resultat_vassend.docx
Vattøy vann Vassendrittet 2015
wp_20150829_005.jpg

Deltakinga var ikkje den store under sykkelrittet på bygdedagen, men baud på kvalitet og moro. I år også med el-syklistar.

Vassend-rittet 2014
VINNAR: Ved passering Kvilehytta leiar Karl Erik Kravik med om lag hundre meter.
VINNAR: Ved passering Kvilehytta leiar Karl Erik Kravik med om lag hundre meter.

Karl Erik Kravik vann sykkelrittet til Vaulen i år. Vinnartida er rett nok over eit minutt bak Martin Notøy Nevstad sin fantastiske løyperekord, men den nest raskaste tida som er sykle på. Lav fart i feltet i starten gjorde også til at tida kunne vore betre for den ferske noregsmeisteren i temposykling med tilknyting til Hakallestranda.
Anita Hoddevik kunne ta med seg 1 000 kroner i premiepengar attende til Stadlandet som vinnar av kvinneklassa, medan Fredrik Hovdevik vann klassa under 16 år. Det var elles mange friske duellar. Bildegalleri ligg under resultatlista.

Kai Arne kjappast i føtene

Kai Arne Otneim betra tida si i Vassend-rittet med 46 sekund og spurtslo fjorårsvinnar Frode Refsnes. For han gjekk det vel halvminuttet seigare enn i fjor. Det stilte i år sytten deltakarar. Britt Nerland vann dameklassen. Resultat 2013 ligg under.

resultatliste_vassend.doc

Vassend-rittet 2012

IMG_5784.JPG

Sykkel-rittet frå Spar til Vaulen samla i år tjue-ein deltakarar, ein meir enn i fjor, trass i kollisjon med Birken. Det skuldast ikkje minst fleire unge som deltek. Flott at så mange tar dette som ein formtest, og også ei god vinnartid for Frode Refsnes, som persa med 49 sekund. Det er vel det vel berre Martin Notøy Nevstad betre tider gjennom vinnartida frå 2010 og den sterke løyperekorden frå i fjor på 11,35. Klikk på ruta oppe i hjørnet for biletgalleri i fullskjerm.

Sterkt av Anders i Geiranger.
Sterk sykling av Anders i Nibberittet.
Sterk sykling av Anders i Nibberittet.
Anders Bakkebø viser stadig framgang både til fots og på sykkelen.

Løyperekordar i Vassend-rittet

_HEIMFEST11_SYKKEL_MARTIN_OVER_M_L.JPG

Det vart solide bestetider både i herre- og dameklassa i sykkelrittet til Vaulen laurdag. Vi har dessverre ikkje bilete av damevinnaren, men klikk på biletet under for å sjå fleire frå rittet.

Løyperekord til Vaulen

Martin Notøy Nevstad frå Ulsteinvik imponerte med ny løyperekord i Vassendrittet 2010.

VASSEND-RITTET 2009

VASSEND-RITTET LAURDAG

Her er dei lokale deltakarane samla etter målgang i fjor.

Her er dei lokale deltakarane samla etter målgang i fjor.

Laurdag er det klart for historia sitt andre Vassend-ritt. Vi har no fått tilsagn om at fjorårsvinnar Martin Nevstad Notøy vil ta turen i år og, saman med andre frå Ulstein og omegn sykkelklubb. Det er vi glade for og håpar også på at nokre av dei som driv med sykkel i Måløy-distriktet har fått informasjon og finn ut dei vil delta. Men først og fremst håpar vi mange lokalt tek utfordringa og testar sykkelkondisen opp svingane. Smør kjedet og vert med!

 

Vassend rittet 2008

sykkell_p_gruppe.jpg

Team Bakkebø i stadig framgang.

Anders og Kjell Bakkebø deltok også i år i sykkelrittet
Merke for Anders i Birken.
Anders mot mål i 2004.
Anders mot mål i 2004.
Det vart merke for Anders Bakkebø i Birkebeinarrittet på sykkel laurdag 20. august.

Tøffast av dei tøffe.(?)

Ikkje alle nyttar ferietida berre til avslapping og kos. Enkelte prøver seg også på fysiske utfordringar. Anders og Kjell Bakkebø gjer det helst med sykkel.

Endeleg for Anders.

I sitt tredje forsøk vart det merke i Birkebeinarrittet på sykkel for Anders Bakkebø.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post: post@aaheim.no
             aaheim.il@gmail.com

Org.nr:971369418

 

vipps: nr 130056

Vipps logo

sibelco.png

Medlems.
kontonr. : 3910 41 41777
Hoved.

Kontonr. : 3972 20 36100

spbm_logo_farge.jpg

Vipps logo   
vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco