
Mandag 14.mai var ein stor del av bygdafolket samla til dugnad i bygda.
Dugnaden kom til etter eit møte for nokre veker sidan, der fleire lokale lag var representert - også idrettslaget.
4H hadde også si årlege søppelrydding før 17.mai denne dagen.
Minst 30-40 personar var i aksjon, både unge og gamle. Etter vel utført arbeid venta kaffi og sveler på misjonshuset, der helselaget stod i bresjen.
Områder som vart rydda denne dagen var bedet i Stompehjølet, rundkøyringsøya ved hallen og skråningane ved elvavegen og fiskeplassen.