Historisk tilbakeblikk på 1.mai-løpet.

1. MAI-LØPET, - TERRENGLØP MED TRADISJONAR
I 1959 arrangerte Å.I.L. sitt første terrengløp på Åheim. Eit idrettsstemne som sidan har vorte ein viktig del av idrettslaget sin aktivitet. Det er ikkje så mykje skrive om 1. mai-løpet i referat og årsmeldingar, men vi veit at det var årvisst og at deltakartalet auka frå år til år. Dette med årvisst har eit undatak: I 1965 vart det ikkje halde.

Det var Olav Kroken og Gunnar Borg som tok initiativet til løpet, og som sto for det første arrangementet. Den nybaka Noregsmeister Stig Rekdal frå Larsnes hjelpte til med løypelegginga. Den hadde start og innkomst ved ungdomshuset. Som ein ekstra spiss på denne opptakta, hadde Kroken fått Elias Ekroll frå Larsnes til å ta med hornmusikken derifrå. Det var 30 deltakarar, og sjølvsagt vann Stig Rekdal.

Mellom dei som alltid har teke del med eit stort og sterkt lag, er Hødd. Den deltakinga har gjort sitt til å halde tradisjonen oppe den første tida. Leiar for Hødd-gruppa har i alle år vore Sigmund Bugjerde. Han har heile tida vore ein god hjelpar for Å.I.L. ved desse løpa, og høyrer framleis til på laget si liste over medhjelparar denne dagen. Og det er nettopp denne etterkvart velrøynde og faste medhjelparstaben som har ført til at 1. mai-løpet på Åheim har fått ord på seg som eit godt opplagt stemne. Det ryet har igjen ført til at deltakartalet har auka jamt frå år til år, - også talet på lag som sender deltakarar.

Som døme på utviklinga kan opplysast at i 1967 var deltakartalet 70, i -68 var det 110, og t.d. i 1971 210. Etter at nyeskulen vart ferdig, vart løpet lagt dit. Det gjorde dei "ytre" tilhøva mykje betre: Gym-sal, dusjrom, stemnekontor, høgtalaranlegg o.s.v. Det høgste deltakartalet, - 240 - finn vi i 1972, men så går det noko nedover att. I dei seinare åra har talet vore vel 100 til 200.

Noko av det mest verdfulle ved dette løpet er interessa det har skapt mellom dei unge i vår eiga bygd. Dei fekk etterkvart lyst og sjølvtillit nok til å delta, ikkje berre i løpet her, men også andre stader der dei ofte fekk gode plasseringar. Ole Berget, ein av dei aktive gutane frå midten av 60-åra og utover, fortel at i 1966 var det ingen frå Åheim som våga å starte 1. mai. Men derimot var det stor lokal deltaking både i 1967 og -68. Første av desse åra, - 1967, - vart Ole nr 2 og Jan Inge Erdal nr 3 i sine klasser. Slike opplevingar ga mot til å prøve krefter andre stader, og etter gode plasseringar også i 1968, reiste ei stor tropp til Ulsteinvik på krinsmeisterskap i ein gamal militærbil som Rolf Løvoll hadde. Bilen gjekk seint, men i dei den gongen berykta Leikongbakkane klarde dei likevel å smadre eit gjerde ved ei forbikøyring. Men dei kom vel fram, og dei idrettslege resultata var oppmuntrande. M.a fekk Jan Inge Erdal ei god plassering. Mellom dei 45 som starta i hans klasse, vart han mellom dei 6 beste.

1969 ga laget ein krinsmeister, det var Idar Hellebust som sto for dette i Ørsta. Rune Birkelid var krinsmeister i 1971 og -72, og Ole Berget i 1973.

Utover i dei første 70-åra vart det fleire og fleire lokale namn på resultatliste-toppane ved 1- mai-løpet. I tillegg til dei vi har nemnt, finn vi nye namn som Lars Tore Bakkebø, Per Egil Hellebust, Roger Hellebust, Jostein Sætrenes m.fl. Men også jentene var komne med: I 1975 vart Reidun Åhjem nr 3 i si klasse.

Frå 1976 og utover er deltakinga og resultata så mange og gode at om vi skulle nytte namn på den einskilde, ville det kreve meir plass enn vi har til disposisjon, og det må vel kunne seiast å vere ei god utvikling. Vi tek med eit sitat frå årsmeldinga for 1976 for å syne dette: "I årets 1. mai-løp var det god deltaking frå Åheim i klassene 1964 og 1965". Dette var 11 og 12-åringane, det! Framtida, - rekrutteringa! La oss slå fast at 1. mai-løpet forsvarar sin plass på laget sitt program, og at det var godt at vi fekk det i 1959. Det har sett spor etter seg i friidretten i Å.I.L. La oss vone at det held fram, men for kvart år vert det vanskeligare og vanskeligare å legge løype p.g.a. utbygginga. Det er ei side ved utviklinga som ikkje er så positiv. Vi får vone at det også i framtida kan vere plass for ei terrengløype i BYGDA Åheim.

Som prov på at dette er viktig, kan vi merke oss dette frå resultata for 1. mai-løpet 1982: I klasse gutar rekrutt er alle første plassane beslaglagde av gutar frå Å.I.L:
1. Geir Aarsnes, 2. Egil Rekkedal, 3. Svein Rasmus Ekrem, 4. Bjarte Løvoll, 5. Stig Solheim, 6. Odd Bjørnar Bjørneset, 7. Jens Erling Lillebø, 8. Frank Endal.
I tillegg vart Idar Berget nr 2 i senior menn, Astrid Thue nr 2 i jenter 1966, Trine Osnes nr 3 og Tove Ekremsæter nr 4. i jenter 1971 (Både 10. og 12. plass i denne klassa gjekk også til Åheim) 4. plassen i gutar 1968, 10. og 11. plassen i jenter 1970 gjekk til Åheim, og Kurt Sylte vart nr 2 i gutar 1971.

1. mai-løpet har som kjent hatt vandre-pokalar. Desse har vist seg å gå lang "levetid". Den første pokalen vart vunnen til odel og eige første i 1975 av Malvin Steen frå Eidså. Agnar Kvalsvik, Å.I.L. hadde ein aksje i denne. Pokalen det no vert tevla om, har Ole Berget ein aksje i. Den er oppsett av Aaheim Sparebank, og vert eit gjevt trofé å hente heim for den heldige vinnaren.

I 2009 kan ein feire at løpet vert avvikla for 50. gong, om alt går som det skal. Få idrettsarrangement i fylket kan vise til same levekraft og tidsperspektiv.

Gjennom åra har (sjølvsagt) løpet, som det meste anna, gått gjennom fleirefaser. "Gullalderen" var også her 70-talet, med toppåra i 1971 med 210 og1972 med 235 deltakarar. Seinare svingar det frå vel 100 til opp i mot 200 som deltek til vi kjem ut på 80-talet. I 1983 er det ca 140 som startar, avdesse 31 rekruttar, i 1984 er det innlagt KM i terrengløp og eit sterkt år med 180 deltakarar, av dei 21 rekruttar. Kretsmeistarar er Arild Bjørdal ogGrethe Hjelle frå Ørsta. I 1985 er det 140 løparar som startar, av dei 21 rekruttar.

I 1986 synk så talet til 98, med seks rekruttar. "Dette er urovekkjande lågt samanlikna med tidlegare år," skriv Endre Håberg i årsmeldinga. "Vi må finne på noko som gjer 1. mailøpet meir attraktivt samanlikna med andre arrangement på same- og tilstøytande dagar. Saman med Jon Sivert Thue vert det difor gjort nokre grep for å prøve å motvirke tendensen. Utanom ein del forbetringar på det reint tekniske rundt arrangementet, utviklar ein mellom anna programbladet vi no kjenner og får inn annonsørar som gir inntekter.Ein vel å bruke av inntektene frå dette og frå den tradisjonelle kaketombolaen til å leggje seg på eit høgt premienivå. Dette er modig og truleg riktig satsing til rett tid. Ein ser nok av arrangørar som i dårlege tider går den andre vegen og forenklar både premiering og heile ramma rundt,og dermed kjem inn i ein dårleg sirkel som kan gjere at løpa til slutt vert nedlagde.

Det neste året gjer nok snøfall om morgonen at løpet når eit lavnivå med 76 deltakarar, men kanskje er det desse grepa som gjer at deltakartalet stig jamt fram til ein ny topp i 1993 med 170 løparar, av dei 34 rekruttar.

I åra frå 1992 - 2002 varierer talet på deltakarar mellom 153 som lavast i 1994 til 195 i 2002. No skal ein ikkje unnslå at ei galopperande utvikling på rekruttsida gjer sitt til dette. Frå at 47 av 153 er rekruttar i 1994, stig talet jamt, til det i 2002 var 120 rekruttar og 75 som spring på tid i klassene frå 11 år og oppover. Denne auken har og mykje av sin bakgrunn i at ein åpna opp for dei som er yngre enn ni år, noko som mange gonger har vore gjenstand for diskusjon. Innvendingane skal vi la liggje her, men å sjå dei yngste utfalde seg i løypa er i alle fall populært, og når det gjeld innstilling har dei kanskje noko å lære oss eldre?

Men talet på dei som spring på tid har gått nedover. I 1997 synk det under 100 til 91, i 2001 er det ca 80 og i 2002 altså 75. Dette har nok med idretten sin posisjon generelt å gjere, og det er i første rekkje dei yngre som sviktar. Rett nok var vi i mange år på 90-talet opp i rundt 30 senior og veteranar, medan tala i 2001 og 2002 var 17 og 18, men vi kan ta med at det til dømes i 1977 var elleve deltakarar over 15 år, av dei fire senior. I 1982 var det 13 løparar over 15 år, og fem senior/ veteran av 117 som deltok. Det er såleis i gruppa 11 - 15 år vi finn det mest betydelege fråfallet.

"Noko av det mest verdfulle med dette løpet er interessa det har skapt mellom dei unge i vår eiga bygd. Dei fekk etterkvart lyst og sjølvtillit til å delta, ikkje berre i løpet her, men også andre stader.." Denne utsegna kan ein nok vurdere endå høgre i dag. Ser vi på deltakarlista rundt 1980, ser vi at det er dei store deltakarkontingentane frå lag som Larsnes, Dimna, Håvoll, Moltustranda, og frå Eidså, Åram, Syvde, Rovde og til dømes Hjørungavåg, som har minka bort. Lag som Selje og Ørsta er vel mellom dei som eit stykke på veg har halde stillinga, saman med Åheim.

Både for Åheim og Selje sin del, har nok dette ein del bakgrunn i at løpeter ein innarbeidd tradisjon, at foreldra gjerne har vore med, at dei yngste er med frå starten, og at dei ser sine eldre kameratar/ venninner og sysken delta. Det er såleis viktig å få dei eldste ungdommane med, og særleg positivt har det dei to siste åra vore at sju av dei som har stilt i vaksenfeltet har vore frå Åheim IL. Det gir inspirasjon og synleggjer idretten. Ein ser i ein del tilfeller unge som får lyst å delta vidare, løpet viser at dei er gode nok, og om berre nokon er der og følgjer dei opp, kan dei hevde seg godt.

Det har oftast vore god kvalitet over dei beste løparane i løpet. Den nok beste løparen løpet har hatt, må vere vinnaren frå 1959, Stig Rekdal frå Larsnes, som var nybakt noregsmeister på 800 meter. Også Birger Stenhjem somvinn i 1969 var med og tok medaljer i lenger løp på nasjonalt plan, og på damesida var Sonja Lundanes som vinn i 1978 og -79 innom noregstoppen i orientering. I nyare tid var også vandrepokalvinnar i 2000, Øyvind Sandbakk, mellom dei beste langrennsløparane i landet i junioralder. I 2000 vart han også nummer fire totalt i Birkebeinarløpet, så det er heller ikkje noko i vegen med nivået utan ski på beina.

Det har elles vore mange store oppgjer og gode felt. Kanskje det beste feltet som har vore finn vi i 1981. Då melde Vicente Modahl, sin ankomst tilløpet. I dag er han kjend som friidrettsagent for fleire av verdsstjernene, den gongen var han høgt oppe i felta under noregsmeisterskapa på mellom-distansane. Som toppløpar og tidlegare Åheimsbuar ei periode, vart han sett på som favoritt. Men i Volda studerer det året Peder Arne Sylte, ein kar som og var med og kjempa om medalje i lenger løp nasjonalt. Han er opprinneleg romsdaling, men sprang no for Tjalve og det vert han som vinnløpet føre Jostein Vartdal. Vicente vert nummer tre, Per Johan nummer fire og Arild Bjørdal nummer fem.

Etter løpet vert det prata litt. Vicente vil gjerne kome att og meiner ein bør gå inn for å bruke pengar for å få kjende namn til løpet som trekkplaster og skape litt ekstra blest rundt det. Dette går ein bort i frå, og det vert gjort eit prinsippvedtak på at løpet skal sikte seg inn mot breiddeidretten. Det er likevel mange "storløparar" som har vore på listene gjennom åra. Om dei ikkje har vore i toppen nasjonalt, har mange vore markante namn på fylkesplan, og vi skal heller ikkje underslå dei lokale "kjendisane" sin innsats og betydning.

Den første vandrepokalen i løpet vart sett opp i 1960 og vunnen først i 1975 av Malvin Stein, som då sprang for Hareid. Han er eigentleg trønder, men sprang mest for Hareid, men også Eidså. Som Malfrid skriv, hadde og Agnar Kvalsvik frå Fiskå eit napp i denne pokalen. Både han og Svein Vik frå Syvdekjempa eit par år bra i toppen først på 60-talet.

Ny pokal vert sett opp av Åheim sparebank i 1977, og her vinn Per Johan Sandbakk både i 1978 og 1979, men er ikkje heilt i form i 1980, og Jostein Vartdal frå Hødd vinn sigeren. Ole Berget får og to napp i denne pokalen, i1977 og -83, før Arild Bjørdal slær til og vinn frå 1984 - 86, og såleis kan ta han med seg heim att til Ørsta.

Den neste pokalen, oppsett av A/S Olivin, får ei kort vandretid, då den lokale storløparen frå Flatraket, Olav Holvik, vinn i åra frå 1988 - 90 og sikrar seg den. Ny pokal frå Ulstein Verft vert sett opp i 1991, og fleire sterke namn tek napp i den. Arild Bjørdal på ny to gonger, før Øyvind Sandbakk, nevø av Per Johan, tek han med seg til Ørsta etter førsteplass i 1998, -99 og 2000. Ny pokal er sett opp i 2001 av Rovde Shipping.

På damesida har deltakinga vore ujamn og nivået ikkje like høgt, men vi finn også mange bra namn her. Med det vi kan finne, var Sonja Lundanes, seinare Sandbakk, den første kvinna som stilte i løpet då ho vann i -78 og -79. I 1980 vinn Inger Riksheim frå Velledalen, mest kjend frå skisporet. I 1981 er det ingen junior eller senior, men Astrid Thue i jenter 15 år har best tid mellom dei frå 15 - 18 år. Dei to følgjande åra er det ingen senior, men Dagny Skare frå Sandsøya vinn juniorklassen.

Vandrepokal på damesida vert sett opp i 1984 av A/S Olivin. Denne tek Bjørg Hillersøy, no Reknes, med seg til Florø etter tre strake sigrar frå 1988 -90. I 1994 gjer Torill Heltne frå Volda det same, og i 2000 vinn Åheim si eiga, Liv Berge, og syster av Bjørg, den tredje pokalen.

I 1982 uroar ein seg over at det kvart år vert "vanskeligare og vanskeligare å legge løype p.g.a. utbygginga." Ein har måtta gått meir og meir bort i frå Ospeskogen, og går no berre ein liten sving ut der på slutten, og i 1990 vert det også slutt på den. Hovudløypa for dei yngre går heile den tida utfrå skulen, ned til Lars Almklov og opp Halsevegen og attende, medan seniorspring fram i Årøyane og kjem attende over Holen.

I 1999 er så hallen ferdig, og for første gong går løpet ut fråskuleidrettsbana der. Dei yngre spring no i hovudsak ei runde på marka rundt hallen, medan senior etter ei runde rundt halen tar vegen ned i Årøyane og tilbake over Holen som før. "Vi får vone det også i framtida kan vere plass for ei terrengløype i BYGDA Åheim," skriv Malfrid. Tilbakemeldingane på løypene etter flyttinga til hallen har vore god frå løpararne. Så lenge laget kan oppretthalde eit positivt samarbeid med grunneigarane, ser det difor lyst ut i så måte. 

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco