IDRETTSMERKE

idrettsmerke.jpg

Vert med oss og prøv på idrettsmerke.  Meir om merket finn du under .

Idrettsmerke

Idrettsmerket for vaksne kan du ta frå du er 16 år. Første året du klarer krava får du bronsemerke, etter fem gongar sølv og etter ni gonger gullmerke. Avlegg du prøva femten gonger kan du få idrettsmerkestatuett, etter tjue gonger får du krus, etter tjuefem miniatyrstatuett, etter tredve gonger forgylt miniatyrstatuett og etter trettifem gonger heiderspris. Deretter kan du gå vidare med 40-, femti- og sekstiårsmerke med NIF sin diplom.

Måtane du kan ta idrettsmerket på er ganske varierte, slik at det skal passe til ulike personar og måtar ein held seg i form på. For å oppnå merke må du klare krava innanfor fem grupper:

Gruppe 1: er Trim. Det vil seie at du i løpet av året minst 20 gongar skal ha gjennomført fysisk aktivitet som varte i minst 30 minutt. Sjå det, det gjekk no greitt!

Gruppe 2: er Spenst/presisjon. Dette er gruppa med minst muligheter. Her må du helst hoppe; enten høgde eller lengde utan tilløp, eller høgde eller lengde med fart. Men det finst og ei mulighet for å til dømes klare kravet gjennom skudd på mål med basket- eller bandyball. Som døme på kva som må til, tar vi med kravet for gruppa 35-39 år i stille lengde. Det er 1,70 meter for kvinner og 2,25 meter for menn. Så er det berre å måle opp på kjøkengolvet og prøve seg.

Gruppe 3: er Hurtighet. Her kan du avlegge kravet gjennom å springe, sykle, symje, gå på skøyter eller f.eks føre ball mellom kjegler. Som døme på krav, tar vi med at dei same gruppene som ovanfor her må sykle 400 meter på 60 sekund for kvinner eller 55 sekund for menn.

Gruppe 4: er Styrke. dette er gruppa med flest muligheter. Du kan både kaste kule, spyd, diskos, handgranat, liten ball, slengball, eller du kan ta push-ups, armhevingar i bom, knebøy eller benkpress. Som eksempel tar vi her med at krava er 20 eller 12 push-ups, og fem løft med 32,5 eller 15 kg i benkpress. Et graut og prøv.

Gruppe 5: er Uthald. Her er det også eit utal måtar å ta kravet. Dei mest vanlege i Åheim IL er gang eller sykkel. For gruppa ovanfor er krava for 10 km gang 97 minutt eller 80 minutt. For 20 km sykling er tidene 63 og 54 minutt.

På lista over merketakarar i Åheim IL er Gunnar Borg suveren. Han avla i 2009 prøva for 48. gong. Elles veit vi at Olav Kroken også hadde i overkant av 40 merke før han måtte gje seg. Utan å gå for langt attende, veit vi elles at Ingrid Hellebust fekk heidersprisen (90 poeng) i 1998 og Halldis Aahjem i 2001. Sigrid-Marie Lillebø fekk idrettsmerkestatuetten (30 poeng) i 2001, og Kjell Brenne klarte i 2004 kravet og fekk Miniatyrstatuett for 25-års klart prøve.

Elles har vi ei slik liste pr 31/12 2009 for personar som er aktive i merketakinga, stjerne betyr avlagt prøve i år:

Gunnar Borg 53 gonger*
Kjell Brenne 25 gonger
Sigrid-Marie Lillebø 19 gonger
Ole Magne Kvalsvik 17 gonger*
Otto Drage 14 gonger*
Reidun Aahjem Løvold 12 gonger*
Kirsten Thue Hvattum 8 gonger
Liv Berge 12 gonger*
Asgeir Hasund 7 gonger
Britt Nerland 9 gonger*
Kennet Bergesen 5 gonger
Tormod Hvattum 4 gonger
Stig Rune Løvold 7 gonger
Per-Kennet Hovdevik 4 gong
Lars Drage 2 gong


Vi må ta med at på grunn av omlegging frå poeng til gonger/år frå 1999, stemmer ikkje antalet gonger heilt med antal år dei har teke merket, spesielt for Kirsten, Otto, Liv og Ole Magne.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post: post@aaheim.no

Org.nr:971369418

Dagens kamper i krets
trykk på teksten
A-lag   Stadlandet /Åheim

sibelco.png

Terminlister og tabeller


1. mai løpet Åheim 2016

Medlems.
kontonr. : 3910 41 41777
Hoved.

Kontonr. : 3972 20 36100

spbm_logo_farge.jpg
sibelco789.png