Kjetil braut draumegrensa.
Full klaff for Kjetil på Høddvoll. (Foto:G. Bj. Mo)
Full klaff for Kjetil på Høddvoll. (Foto:G. Bj. Mo)
Endeleg lukkast det for Kjetil! Under Dimnaleikane laurdag 10. september klarte han det som har vore eit mål i heile år; å bryte 12-sekundsgrensa.

Femte plass på 200 meter.

Det vart femte plass i finalen på 200 meter for Kjetil Westerås under ungdomsmesterskapet i Moss. I motvind 1,2 sekundmeter vart tida 25,16. Likevel klart under den gamle persen på 25,21 frå G-sportleikane på Lillehammer, og han tek med seg ei bestetid frå semifinalen på 24,76, rett nok i for sterk medvind (+4,1). Eit flott mesterskap av 15-åringen Kjetil og Åheim IL er kry over å ha ein utøvar som hevdar seg i norgestoppen!

Kjetil til finale på 200 meter.

I dag, laurdag, har det vore først forsøksheat og så semifinale på 200 meter for 15-åringane. I forsøket vart det 24,85 og niande beste tid på Kjetil (vind +1,3). I semifinalen vart tida 24,76 (vind + 4,1) som ga femte beste tid og dermed plass mellom dei seks i finalen i morgon, søndag 4. september.

Kjetil nr 4 i UM

Det vart ein flott fjerdeplass på 100 meter for Kjetil Westerås under UngdomsMesterskapet i Moss. Beste tida fekk han i forsøket med 12.13 sekund som er 1/100 bak persen. Her var det 0,5 sekundmeter i medvind. Dette ga femte beste tid i dei to forsøksheata. I finalen vart det så eit hakk opp i plassering, men med 1,3 i motvind vart tida ikkje fullt så bra, 12.32 sekund. Uansett ein kjempeflott prestasjon å verte nr 4 mellom landet sine raskaste 15-åringar. Vi gratulerer!

Ørstaleikane

Fire av utøvarane våre var av garde på Ørstaleikane 27 og 28 august. For Sondre Hasund var det første banestemnet han var med på, men sikkert ikkje det siste. Fine resultat i alle tre øvingane deltpk i. Også dei andre gjorde det godt, og vi ser mellom anna at Kai-Robin har ei fin tid på 100 meter og ikkje er så fole langt bak Kjetil.

 

_rsta27og280805.rtf

Kai og Kjetil i stadig framgang.

Kai-Robin og Kjetil deltok 14. august på Aksla og viser stadig framgang.

Skåla: Anders i knallform!

Anders Bakkebø held fram å vise at han er i storform i år, og brukte 1 t 43,20 minutt på Skåla Rett Opp 13. august.

Kai-Robin i U-match.

Kai-Robin deltok 23-24. juli på Møre og Romsdal sitt lag i klasse 15-17 år under U-matchen mot sør- og Nord-Trøndelag på Straumsnes.
Fjelløp er i skotet.
Odd-Bjørn hjelmeset mot mål på Veten. (Foto: Bremanger IL)
Odd-Bjørn hjelmeset mot mål på Veten. (Foto: Bremanger IL)
Fjelløp er den nye trenden, og løp dukkar opp over alt. I tillegg til den fysiske utfordringa byr dei på den fine opplevinga ved sjølve turen og det å komme på toppen og nyte både utsikta og gleda ved å vere oppe. Ein kvan hadde talt over 200 slike løp på terminlista i år.
Ny framgang på Byrkjelo.
Fin framgang i spyd for Kai-Robin. Foto: Lill Sørensen.
Fin framgang i spyd for Kai-Robin. Foto: Lill Sørensen.

Det vart nye flotte resultat av friidrettungdommane våre under sparebankleikane på Byrkjelo i helga. Dette var siste stemnet i vårsesongen, og med trening og mykje annan god aktivitet gjennom sommaren, ser det verkeleg lovande ut for haustsesongen.

Lillehammerfararane frå helga før, Kjetil og Kai-Robin sette personleg rekord i sine øvingar. Kai-Robin tok førsteplass både i kule, spyd og diskos, og særleg var det flott framgang i spyd med tre kast over 41 meter. For Kjetil nærmar det seg stadig grensa til å komme under 12 sekund, så forhåpentlegvis ligg det ikkje så altfor langt framme i tid.

Dette viser også at det å få ut sitt beste i konkurransar er ei treningssak som ein vert betre på gjennom nettopp å delta i konkurransar. Alle andre var ikkje så heldige, men vi merkar oss god lengdehopping både av Runar, Håvard og Ruben. Sistnemnde braut for første gong firemetersgrensa, medan Håvard også hadde to døde hopp som visstnok var over seks meter.

Kjetil og Kai kvalifiserte for UM.
Flott innsats av Kai-Robin og Kjetil i G-sportleikane. (Foto: Lill Sørensen.)
Flott innsats av Kai-Robin og Kjetil i G-sportleikane. (Foto: Lill Sørensen.)

Fine prestasjonar på Lillehammer også søndag, då begge deltakarane våre klarte kravet til Ungdomsmesterskapet som går i Moss i september. Kjetil sprang på 12,20 sekund på 100 meter med svak medvind i forsøket. Dette er ein tidel under UM-kravet. Litt skuffa var han over finaleløpet der det vart 12,41 og åttandeplass. Då var visst gleda større over å vere best i bowling mot Svenn og Kai kvelden før, men vi trur ikkje motstanden her var av same nivå som på 100 meter.

Kai-Robin hadde også centimeterane på si side i dag, då han kasta 33,50 meter i diskos i tredje omgang. Dette er 50 cm over UM-kravet og ga sjuande plass i øvinga. Felles for begge to er at dei nok har meir inne, slik at vi forhåpentlegvis kan håpe på stigning framover.

Lillehammer laurdag;litt for lite spinat for Kai-Robin?

Kai-Robin følgde fint opp i spydøvinga på G-sportleikane laurdag. Det beste kastet målte 38,99 meter. Dette ga ein 6. plass og var ny bestenotering med 1,68 meter. Dessverre var det akkurat ein cm bak kravet til UM, så ei skei ekstra med spinat kvelden før hadde nok gjort susen. Men det er enno fleire sjansar til å klare det kravet. Vi nemner også at det vart ny andreplass i kule til Ole Martin Brudevoll frå Syvde. I morgon er det 100 meter og diskos på programmet, og det skal verte skikkeleg spennande å sjå kva utøvarane våre klarer.

Flott start på Lillehammer.

Det vart ein flott start på G-sportleikane fredag 24.06. Kjetil var i aksjon på 200 meter og persa med eitt sekund til tida 25,21. Dette ga sjuande plass.
I morgon er det Kai som skal i aksjon i spyd, og han har fått beskjed om å ete mykje spinat i kveld. Øvinga startar 11.20, så det er også gitt beskjed om å leggje lagleiar Svenn tidleg, slik at ikkje nattesomnen for deltakarane vert øydelagt av roping og bråk utover kvelden.

Åheim IL med to kretsmeistrar.

I helga som var deltok tre frå Åheim i KM på Bergsøy. I hard konkurranse med seg sjølve vart dei både Gunnar Borg og Ole Magne Kvalsvik kretsmeistrar,

Middels på Kompaktleikane.

Kompaktleikane på Aksla søndag 12. juni vart ikkje det heilt store for utøvarane frå Vanylven verken når det gjaldt
Vått, men godt på Bergsøyleikane.
Runar og Ellen debuterte på friidrettsstemne med flotte resultat. (Foto: JST)
Runar og Ellen debuterte på friidrettsstemne med flotte resultat. (Foto: JST)
Det meste var slik det har vore på mange friidrettsstemne, veret var dårleg og dei lokale utøvarane var gode under Bergsøyleikane i friidrett laurdag 4.juni. Det stilte denne gongen seks frå Åheim IL.
DET NORSKE FJELLMARATON 2005
Vi gratulerer gamle travarar på tur.
Vi gratulerer gamle travarar på tur.
Gunnar fullførte sin 22. fjellmaraton på 2.01.18 og Ole Magne sin 16. fjellmaraton på 1.37.36. Jan Petter Venøy frå Selje var med for 10. gong og brukte 1.45.22. Vi tar også med at ein gammal kjenning frå 1. mailøpet, Knut Innselset frå Volda, sprang på 1.31.57 og vart nr 5 i klasse 55-59 år. Helge Hafsås frå Olden vann som vanleg heilmaraton, i år med tida 2.47.08, medan Inge Asbjørn Haugen brukte 4.04.42 i sitt 263. maratonløp.
Christian med sterkt løp i Markane.
Christian i fint driv i 1. mailøpet.(Foto:JST)
Christian i fint driv i 1. mailøpet.(Foto:JST)
Christian Thue gjorde ein sterk innsats på Postvegløpet i Markane 
Lovande friidrettsopptakt i Ørsta..
Sterk lengdehopping av Håvard. Her i sving under 1.mailøpet.(Foto: JST)
Sterk lengdehopping av Håvard. Her i sving under 1.mailøpet.(Foto: JST)
Under trasige forhold, med tre plussgrader og silregn, vart det første kretscupstemnet i friidrett avvikla i Ørsta pinsedag. Dette er eigentleg ein stemneserie for senior og veteran, men Åheim IL stilte med tre ungdommar som klarte seg godt i selskap med stort sett litt eldre utøvarar.
Lokale løpsresultat april og mai.
Kan det verte råd å finne attende til litt form for Ole Magne utover sommaren?
Kan det verte råd å finne attende til litt form for Ole Magne utover sommaren?

Dei lokale løpsmosjonistane har så smått starta konkurransesesongen i tillegg til NM og 1.mailøp. I samband med friidrettssamling på Eide på Nordmøre 16. april, deltok Ole Magne i KM i terrengløp og vart nr 2 i klasse 40-44 år med tida 12.23 minutt i tre kilometer løypa. I klasse 50 -54 år vart Arvid brudevoll frå Syvde nr to. Også Kai-Robin slang seg med og vart nr fire i gutar 15 år.

9. mai var så Ole Magne med på Bergsøyløpet. Her vart han nr 2 av veteranane. Tida 20.11 over nesten 5 km var ikkje så gale. Kanskje kan det verte råd å komme litt attende i gammal form?

Laurdag 14 mai var Gunnar Borg og testa seg i Ålesund maraton. I sterk vind fekk han tida 2,05.38 som ga 4. plass i klasse 65-69 år. Nr 3 i klassa vart Magne Evensen frå Fiskå med 2,04.15

12Neste

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco