Fjelløp er i skotet.
Odd-Bjørn hjelmeset mot mål på Veten. (Foto: Bremanger IL)
Odd-Bjørn hjelmeset mot mål på Veten. (Foto: Bremanger IL)
Fjelløp er den nye trenden, og løp dukkar opp over alt. I tillegg til den fysiske utfordringa byr dei på den fine opplevinga ved sjølve turen og det å komme på toppen og nyte både utsikta og gleda ved å vere oppe. Ein kvan hadde talt over 200 slike løp på terminlista i år.

To nyskapingar av året var Vetenløpet i Bremanger og Eggenipa opp i Breim. Utanom at det nydelege veret og den flotte opplevinga var felles, var det to heilt ulike løp. Vetenløpet samla 379 deltakarar, 75 av dei i konkurranseklassa. Trekkplasteret Odd-Bjørn Hjelmeset var også raskast opp og brukte 28,49 minutt. Best frå våre kantar gjorde Jostein visnes frå Almenning det, med tida 45,30 minutt og andreplass i klasse 60-69 år. Sonen Inge vart nummer tre i klasse 23-39 år med tida 38,02. Også Ole Magne Kvalsvik, Liv og Helge Berge gjekk på tid, medan Idar Berget denne gongen valde trimklassa. Dette er ein familievennleg tur frå Grotlesanden og opp til Veten, 527 meter over havet. Vi anbefalar alle å setje av 8. juli neste år.

Eggenipa er den markerte toppen ein ser når ein køyrer gjennom Våtedalen i Breim. Løpet gjekk 31. juli og starta ved den kjende siloen til Ola Egge der nipa er mala så fint inn i siloveggen. Første delen gjekk mykje i tung myr og "bukkemark," før det på slutten barst nesten over i klatring, til dels med tau i brattaste partia. Imponerande av vinnaren, unge Arve Rindal frå Eid, som brukte 52,05 minutt til toppen på 1339 meter og slo klart meir kjende Roger Aa Djupvik. Ole Magne gjekk på tid også her og brukte 1 time 26,59 minutt, medan Gunnar og Liv Ingrid Borg gjekk i trimklassa. Etterpå kunne ein halde fram i slakare terreng sørover til Heggheimstøylen og ein fin rundtur ut att den idylliske dalen.

Det er no klart for dei meir etablerte løpa, som Saudehornet Opp, Skåla Opp og Fanaråken opp, så her er det berre å hive seg rundt og verte med.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco