NM og 1. mailøp vel i boks.
Nytt godt 1.mailøp av May-Britt.
Nytt godt 1.mailøp av May-Britt.
NM i terrengløp og 1.mailøpet er vel unnagjorte. Stoff og bilde finn du på eigne sider, men vi gratulerer Liv med norgesmesterskap i klassa si. Gratulasjon også til dei som vann klassa si på 1. mailøpet; Liv, Idar, Ingvild, Ine og Sondre, men det var mange som sprang godt og vi vil gje ein honnør til alle som stilte opp. Særleg synest vi år det var flott med ni stykke frå Åheim i senior og veteranklassene, og også at tre sekstenåringar stilte på startstrek.

Terrengløp på Hauane.

I motsetning til i fjor, med mange deltakarar, var det berre to stykke frå Åheim med på terrengløpet på Klenkarberget. Christian Thue gjorde eit fint løp i 12-årsklassa, men måtte bite i graset for sterke jens Christian Andenes frå Fjellhug/vereide. I klassa 40 - 44 år vart Ole Magne Kvalsvik nr 1 med tida 8.56 i løypa på 2 km, føre arrangør Asgeir Bakke.

Strynehalleikane: Redusert deltaking frå Vanylven.

Det vart ei redusert tropp frå Vanylven som deltok i dei årlege Strynehalleikane 19. mars. Det minte mest om Semb si periode med landslaget, då den eine etter den andre melde sjukdomsforfall. Til slutt vart det fire stykke som vart med, men dei gjorde sine saker bra.

Ole Martin Brudevoll frå Syvde heldt fram den fine trenden frå tidlegare og klarte denne gongen 10,42 meter med kule i 14-årsklassa. Dette ga førsteplass, 75 centimeter føre Torstein Ask frå Svelgen. Kjetil Westerås frå Åheim i klasse 15 år, sprang 40 meter på 5,6 sekund. Dette er ein tidel raskare enn i fjor, og viser at han er i rute framover mot utandørssesongen.

Dei mest aktive denne laurdagen, var May-Britt og Christian Thue som deltok i fire øvingar. May-Britt fekk andreplass i høgde, lengde og på 40 meter i 14 – årsklassa, med 1,20 meter i høgde og 3, 94 meter i lengde som dei beste resultata. Christian hoppa også godt i lengde, der han vart nummer sju i klasse 12 år med resultatet 3,58 meter, medan han har meir å gå på i høgde med 1,00 meter.

Forhånd.12

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco