Skåla: Anders i knallform!

Anders Bakkebø held fram å vise at han er i storform i år, og brukte 1 t 43,20 minutt på Skåla Rett Opp 13. august.

Dette er den beste tida av ein åheimar så langt, og lovar godt fram for Fanaråken duathlon neste helg. Tida ga 21. plass av 56 i klasse 40-44 år. Det var også tredje best av vanylvingane som deltok. Best av dei var Olav Krakset med 1 t 36,26 minutt, medan broren Petter hadde 1 t 41,29. Olav si tid ga 5. plass i klasse 45-49 år. Best plassering fekk elles Liv Berge i klasse 55-59 år med tida 2 t 17,10 minutt som ga 5. plass, men her var det rett nok berre seks som stilte. Likevel ei fin tid også av Liv. Søster Undis vart elles nr 2 i klassa under med tida 2 t 02,43 minutt, og i klasse 17-22 år finn vi Hildegunn Dalsbø frå Stadlandet på 4. plass med tida 2 t 06,10 minutt.

I trimklassa var det også med mange frå Åheim og Vanylven, men desse ser ut til å ta si tid å få oppdaterte frå arrangøren si side. Vi veit i alle fall at tre blad Hvattum og tre blad Thue tok turen, og også Idar Berget, Sverre Geir Hellebust, Iren Synnøve Karlsen skal vere mellom alle fjellgeitene denne dagen.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco