Vinterkarusellen, løp 5, 13.mars 2015

SPREK gjeng på veg ut skulebakken.
SPREK gjeng på veg ut skulebakken.

Fredag gjekk siste løpet i karusellen. Tjue personar hadde funne vegen til ei fin avslutning med godt vêr, triveleg stemning og premieutdeling med saft, vaflar og kaffi.

Fredrik pressa på ny løyperekorden ned med sju sekund. Ved sida av premiar for deltaking, var det mange små gåvepremiar, og Ingvild Bøstrand og Per Kenneth Hovdevik vann hovudpremiane, eit gåvekort på 500 kroner og ein tursekk frå Sparebanken Møre.

vinterkarusell_2014og15_loep5.doc
Vinterkarusell løp 4, 28.2
PÅ HARDT UNDERLAG: Det er dårleg med snø, og Asgeir må bruke asfalten ein del i siste treningane før Birken.
PÅ HARDT UNDERLAG: Det er dårleg med snø, og Asgeir må bruke asfalten ein del i siste treningane før Birken.

Femten stykke tok seg laurdag rundt karusellrunden i småsurt vêr, der dei som sprang på tid også møtte ei av suraste regbygene. Fredrik Hovdevik tok det som ein grei treningstur, men var likevel klart raskast.

 

vinterkarusell_2014og15_loep4.doc
Løyperekord igjen
RASKE KARAR: Fredrik Hovdevik, her i tet ut frå skulen, betra løyperekorden med 18 sekund. Også Martin Skorge viser stigande form og persa med 34 sekund.
RASKE KARAR: Fredrik Hovdevik, her i tet ut frå skulen, betra løyperekorden med 18 sekund. Også Martin Skorge viser stigande form og persa med 34 sekund.

I det tredje løpet i vinterkarusellen 24.01 seinka Fredrik Hovdevik sin eigen flotte løyperekord frå 10.50  til enno sterkare 10.32 minutt. Det var litt småsurt vêr, men brukbare løpsforhold. 27 personar tok denne gongen turen rundt løypa og fekk ein triveleg tur, og nokre også små premiar med seg heim.

vinterkarusell_2014og15_loep3.doc
Fredrik med ny løyperekord
FORMSTERK: Fredrik Hovdevik viste styrke ved å setje løyperekord under ikkje heilt gode forhold.
FORMSTERK: Fredrik Hovdevik viste styrke ved å setje løyperekord under ikkje heilt gode forhold.

Tysdag 30. desember gjekk andre runden i karusellen. Trass i glatte parti og litt mørkt her og der, forbetra Fredrik Hovdevik sin eigen løyperekord med tre sekund. Litt dårleg deltaking med nitten personar på tid og seks i trimklassa, men vi få kome sterkare att. Resultat under.

vinterkarusell_2014og15_loep2.doc
Vinterkarusell 1.løp - 15.11.14
vinterkarusell_2014og15_loep1.doc
Vårleg avslutning i karusellen

Åtte-ni plussgrader og fine løpsforhold under avslutninga av vinterkarusellen 1. mars. Fredrik Hovdevik klarte som venta å presse løyperekorden enno litt ned. Elles klarte fleire unge å perse, og ein fin vårtur for alle dei 27 som tok del. Martin var dagens heldigaste og vart trekt ut som vinnar av gåvekort som gav nye sko. Asgeir vann tursekk frå Sparebanken Møre.

vinterkarusell_2013_14_loep5.doc
Knuste løyperekorden

Fredrik Hovdevik viser stadig framgang. Laurdag betra fjortenåringen løyperekorden i vinterkarusellen med tjueein sekund, trass i sterk motvind fram gjennom sentrum. Deltakinga gikk opp til 36 personar som hadde ein fin tur i fem-seks plussgrader, men altså litt kald vind. Siste løp ser ut til å verte laurdag 1. mars.

vinterkarusell_2013_14_loep4.docx
Vinterkarusellen løp 3

Tredje runde i vinterkarusellen (11.1) samla 26 deltakarar i fint vintervêr med nokre få minusgrader, men tidvis litt isete i løypa. Her finn du bilde (firkant i hjørnet gir stor visning) og under ligg resultat. Neste løp vert laurdag 1. februar.

vinterkarusell_2013_14_loep3.docx
Vinterkarusellen 2013/2014 løp 1 og 2

Dei to første løpa i vinterkarusellen  og samla ikkje så mange deltakarar (28 og 31), men gav mange gode tider. Særleg imponerande var det første løpet (23.11), der tre løparar sprang under tolv minutt. Aller raskast var Fredrik Hovdevik, som overtok løps-trona i familien og seinka storebror sin løyperekord med 12 sekund.
I dameklassa synte Vilde Hasund at forma er patent og slo sin gamle rekord med 21 sekund. Fleire sette også fine, personlege bestetider i kaldt, men godt løpsvêr.
Løpet i romjula
(28.11)baud på meir våte og sure forhold, men også her bra tider.

 

vinterkarusell_2013_14_loep2.docx

Avslutning vinterkarusellen 2013

Fredag 08. mars gjekk femte runde i karusellen med 52 spreke og kjekke deltakarar på startstrek. Som vanleg i siste runde også mykje gode tider og mange persar. Resultat ligg under. For stort bilde, klikk firkant oppe i hjørnet.

vinterkarusell2012og13_loep5_for_nett.doc

Få på karusell

BAKTROPPEN: Desse tre hadde ein kjekk tur rundt løypa.
BAKTROPPEN: Desse tre hadde ein kjekk tur rundt løypa.

Vinterferie og skiskyttarstafett får ta hovudskulda for liten deltaking i fjerde runde i vinterkarusellen 16.02, men seksten deltakarar prioriterte i alle fall riktig og tok seg ein grei formtest i løypa. Håkon Skorge Stranden vann difor også med seg ein paraply heim att, Magnus Fure kan koke seg småtorsk, medan andre mellom anna vann huer, buff og lys.

vinterkarusell2012og13_loep4.doc

Tredje runde karusellen laurdag 19.01

Resultat tredje runde, 32 delt.

vinterkarusell2012og13_loep3.doc

Vinterkarusell 2012/13

IMG_8530CROP.JPG

Resultat andre runde 26.12, 67 deltakarar

vinterkarusell2012og13_loep2.doc

Vinterkarusell 2012/13

IMG_7586.JPG

Resultat og bilde andre runde 9.11, 54 deltakarar

vinterkarusell2012og13_loep1.doc

Avslutning karusellen 2011-12

FORMSTIGNING: Runar har vist god løpsform i det siste og satsar på pers i siste løp.
FORMSTIGNING: Runar har vist god løpsform i det siste og satsar på pers i siste løp.

Under ligg førebelse tider

vinterkarusell2011og12_loep5.doc

Tredje runde i karusellen

Kaldt, godt vintervêr gav raude kinn hos deltakarane laurdag. På grunn av cupen i Måløy valde nokre å gjennomføre fredag kveld, men deltakinga var ikkje den heilt store, med om lag 40 som gjennomførte. Klikk på bilda for lysbilde. Under ligg foreløpige resultat.

vinterkarusell2011og12_loep3.doc

VINTERKARUSELLEN LØP 2, 28.12.11

Flotte 60 deltakarar fann vegen til skulen og tok seg ei frisk runde før turen gjekk attende til julemat, data og TV. For Per Kenneth Hovdevik lønte det seg ekstra godt, då han vart trekt ut som vinnar av årskort på trimromet på hallen, noko han har lova å bruke seks dagar i veka i det nye året.
Under ligg førebelse resultat. Sjekk opp og gje tilbakemelding om du ser feil. Klikk på bildet for å sjå fleire.

vinterkarusell2011og12_loep2.doc

VILDE SETTE NY LØYPEREKORD

Anders pustar ut etter løpet. Han må no konstatere at han ikkje berre har Asgeir føre seg, men at også Vilde har vorte for god.
Anders pustar ut etter løpet. Han må no konstatere at han ikkje berre har Asgeir føre seg, men at også Vilde har vorte for god.

Vilde Hasund seinka persen med 12 sekund og sette ny løyperekord for kvinner, då vinterkarusellen opna med første løp. Fleire andre unge sette nye personlege rekordar. Kjetil Halse kunne også ta med ein laksemiddag heim. Klikkar du på bildet, får du opp nokre fleire. Under finn du tidene.

vinterkarusell2011og12_loep135.doc

Vinterleg avslutning

VINTERKARUSELL_5_013.JPG

Siste runde i Vinterkarusellen fredag 11.03.11 gjekk på snøunderlag og vart ikkje den vårfesten med berre vegar og gode tider som ein hadde håpt. men mange visste likevel at dei har hatt fin framgang og sprang vesentleg fortare enn første løpet, og nokre klarde også å perse, trass i føret. Under ligg foreløpige resultat.

vinterkarusell2010og11_loep5.doc

Vilde med suverent løp

SETTE LØYPEREKORD: Far og storebror har forsvunne ut av bildet, men Vilde hang godt på Anders og Kjell og sprang inn til tida 13.07.
SETTE LØYPEREKORD: Far og storebror har forsvunne ut av bildet, men Vilde hang godt på Anders og Kjell og sprang inn til tida 13.07.

Vilde Hasund imponerte mest av alle og forbetra løyperekorden for kvinner med 37 sekund i det fjerde løpet i vinterkarusellen laurdag.

vinterkarusell2010og11_loep_4.doc
123Neste

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco