Turbok ski Rota

skitur.jpg

Vi hadde i vår (-16) oppe turbok for registrering av skiturar på Rota, der alle med minst to turar var med i trekning av premiar frå Marine Harvest. Oppteljing tidlegare i sommar viste at det var gjort 209 registreringar av 92 personar, og 29 av dei hadde skrive seg minst to gonger og var med i trekninga. Her vart Isak Berget og Lilli Ann Bakkebø trekt ut som vinnarar av kvar sin ryggsekk. Siren Berget får drikkebelte, drikkeflaske og buff.

Det var også drikkeflaske og buff til alle born/unge, men berre fire av dei hadde vore minst to gonger. Dermed trekte vi ut også nokre vaksne, og følgjande får flaske og buff: Tiril Hasund, Else Aasen Hole, Mariann K. Løvold, Therese Nilsen, Aage Sørdal og Ine Berget. Premiane vil verte delte ut ved eit passande høve, kanskje under Åheimfest? Sjå liste under.

turbok_ski_16.xls

Turbok for ski på Rota

BOK: To kjekke gutar har køyrt opp løype og hengt opp postboksa vi kan sjå på veggen i bakgrunnen.
BOK: To kjekke gutar har køyrt opp løype og hengt opp postboksa vi kan sjå på veggen i bakgrunnen.

Det er bra med snø i fjellet, og for å få fleire til å nytte seg av det har skigruppa plassert ei turbok på vedhusveggen på Rota, der alle kan skrive seg. Ettter at skisesongen er over vil det verte trekt gåvcepremiar mellom dei som har minst to turar. Vi håpar dette kan vere ein ekstra motivasjon, særleg for dei yngre, og dess fleire turar, dess større vinnarsjanse.

Kjekk smak av vinter

NAUT SKIFØRET: Øyvind Bakke, hunden Sally og jentene Sunniva og Henny Lovise var medllom fleire som hadde ein fin tur i løypa torsdag.
NAUT SKIFØRET: Øyvind Bakke, hunden Sally og jentene Sunniva og Henny Lovise var medllom fleire som hadde ein fin tur i løypa torsdag.

Om det baud på ein del andre bryderi, som snømåking og anna, baud sist veke på gode vintertilhøve som mange nytta seg av. Flott at skulen kasta seg rundt og var aktiv i snøen og løypene rundt hallen. Elles kjekt å sjå at mange fann vegen på kveldstid. Finaste dagen var torsdag 21. januar -16, då vi utpå kvelden fann truleg eit godt tjuetals personar på ski rundt i løypene, sjølv om det denne dagen også var teke initiativ til ein fellestur til Harpefossen i privat regi.

Fredag var om lag det doble samla til trimgruppa sin utekveld, der fleire også nytta ski, sjølv om mildvêret no var åt og slo inn.

Støtte til løypekøyring

LØYPEKØYRING: Trakkemaskona har i vinter vore nytta både i lysløypa og på Rotafjellet. Ønskjer du å støtte arbeidet, les meir.
LØYPEKØYRING: Trakkemaskona har i vinter vore nytta både i lysløypa og på Rotafjellet. Ønskjer du å støtte arbeidet, les meir.

I påska 2015 vart det køyrt løype frå heimesætra til Hellebustfjella palmesøndag, skjærtorsdag og langfredag, noko fleire nytta seg av og gav ros til. Særleg laurdag var det bra med folk ute i løypene og fleire gav uttrykk for ønskje om å ville støtte drift av trakkemaskina.

KJEMPEKVELD I LØYPA

BÅLKOS: Pølser, saft og marshmellows smakte godt inni mellom aktiviteten.
BÅLKOS: Pølser, saft og marshmellows smakte godt inni mellom aktiviteten.

Det vart ein flott kveld på Duestøylen torsdag (26/1 2012), med fint ver, god temperatur og gode forhold. 12-13 personar møtte opp og koste seg med bål og pølser i tillegg til renning og gåing, og dei siste heldt på til nærare klokka 21. På grunn av at ein del var opptekne med musikalen, satsar vi også i morgon på å ha eit liknande opplegg, der folk kan kome fram og ha det triveleg, og håpar det ikkje vert vind som gjer det vanskeleg med bål.

lysl_ypa_duest_ylen.pdf

Vanylvsrenn

Det stilte 34 deltakarar i Vanylvsrennet med flotte forhold på Hellebust søndag (20.2.11). Takk til alle funksjonærane som hjelpte til. Under ligg resultata.

vanylvsrenn_resultatliste_hellebust_2011.doc

Vanylvsrenn 20.2.11
(og her ligg bilde, foto: Kjell Brenne)

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco