Resultat vinterkarusellen 2006/2007.
resultat_vinterkarusellen_2006_2007.jpg

Av ulike grunnar har det teke litt tid før dei siste som skulle fullføre femte løpet i vinterkarusellen fekk gjort det, slik at vi kunne setje strek. Men no håpar vi at dette er dei endelege resultata.

I det siste løpet 30. mars imponerte mellom andre Henning med å springe inn til 13.47 og den fjerde raskaste tida. Det er ei personleg forbetring av bestetida med eitt minutt og 34 sekund, og det er tydeleg at Åheim kan stille med ein godt trena spiss i år, i motsetning til eit lag vi les mykje om i Sunnmørsposten.

Elles ser vi at mange av dei yngre har gjort store framskritt og både forbetra seg og sprang inn til fine tider. Kjetil Halse(9), Eirin Halse(13), Fredrik Hovdevik(8), Johannes Rekkedal(9) og Håvard Svastuen(10) forbetra seg alle med frå to og eit halvt til nesten tre minutt og kom inn på tider bra under tjue minutt. Under tjue minutt kom også Bernhard Vik(8) som viste seg lettføtt og sprang på 19.25 i sitt første løp. Vi tar også med Jon Andre Thue(10) som persa seg med fjorten sekund til 18.08, Magnus Fiskerstrand(10) som persa seg med over tre minutt til 17.01, Sondre Aahjem Løvold(9) med nesten eit minutt til 16.05, Victor Stahl(11) med 1.16 minutt til 14.56 og Runar Skorge Stranden(11) med 11 sekund til 14.34.

49 deltakarar hadde fire løp eller meir og fekk pokal. Seksten stykke hadde tre løp og fekk medalje.

vinterkarusell2006_07_l_p5.doc

AaheimTV: Reportasje fra første Vinterkaruselløpet.

AaheimTV har våknet fra "sillyseason"
og kjeme no endelig med ei fri-idrett reportasje.

Mykje nytt er på vei i AaheimTV, bla. podcast
og ikkje minst at vi frå no av kjører også
med ulike biledkvaliteter. Denne reportasjen kan du
sjå både i 520 kbps kvalitet og i 1 mbps kvalitet.
Dette betyr at dei som har 4 mbps breiband linjer heime,
no får mykje bedre kvalitet på sendingane.
For å få repotasjane i 1 mbps linjer må du gå til www.aaheimtv.com,
her på aaheim.no vil vi kun ligge ut 520 kbps kvalitet.


Vinterkarusellen (des 06)

Bilde løp 1: 02.12.06
Denne gongen har Eivind steppa inn som fotograf.
Bilde løp 2: 27.12.06
Løp 3: 27.01.07
Foto denne gongen, med nytt apparat, er Jermund.
Løp 4: 14.02.07

Løp 5: .04.07

Resultat vinterkarusellen 2005-2006
Jon-Andre og Ane Linette. Ei hjelpande hand i svingen eller knuffing i feltet? (Foto: JST)
Jon-Andre og Ane Linette. Ei hjelpande hand i svingen eller knuffing i feltet? (Foto: JST)

Vinterkarusellen 2005-2006 er historie. Enten det var finveret, premiar eller vaflene som lokka, vart deltakartalet på avslutninga av vinterkarusellen laurdag 1. april det nest høgste i år. Trass i at nokre valde fjellet og ein del var på ulike fotballarangement, tok 61 personar turen rundt løypa denne gongen, medrekna fire førehandsstartande. Deltakartala i år var elles 42 på løp 1, 73 på løpet 27.12, 48 og 55.

Mange har forbetra seg i løpa gjennom vinteren og mange sprang også inn til gode tider i dette siste løpet. 30 stykke, eller rundt halvparten, sette personlege bestetider. Om det er karuselløpa som har fungert etter hensikta og gitt ein piff til å forsere forma litt, eller det er fine forhold for skigåing gjennom heile mars månad som har gitt utslag, eller ein kombinasjon, så har det vore kjekt å sjå særleg mange unge i framgang.

Mellom dei finn vi Are Berstad frå Selje som persa seg for fjerde gong i år, no med 1.36 minutt til 14.48. Vilde betra seg i siste løpet med 2.11 til 15.27 og Ane Linette og Jon-Andre sprang begge inn til 19.40 og persa seg med 6.54 minutt og 1.50 minutt. Største forbetringa gjorde Erlend Nystøyl som betra seg med 8.13 minutt. Søstra Aina gjekk fram 4.20 minutt til 28.03, Kjetil Halse med 4.04 minutt til 25.29, og så har vi Magnus med litt tilhøyrighet i Torvika, som denne gongen let onkel vere onkel og sprang inn til 20.12 som er 4.05 minutt betre enn sist.

No var rett nok utgangspunkta noko ulike, men vi ser også at til dømes Elisabeth Hovdevik forbetra seg med 6.17 minutt, Ådne Hagen med 2.17 minutt og Erlend med 2.03, Live Halse med 2.54 og Eirik Thue med 1.31 minutt. Det var altså mest dei yngre som gledeleg viste fin utvikling og tok seg ut og sprang inn til nye bestetider, sjølv om også enkelte eldre klarte det. Størst framgang av dei hadde to damer i moden junior. Anita Petersen betra seg med 5.54 minutt og Siw Halse med 7.55 minutt.

Vi i friidrettsgruppa vil takke for innsatsen i år. 103 personar var inn om eitt eller fleire løp. 42 stykke fekk pokal for fire eller fleire løp og fem stykke fekk medalje for å ha vore med i tre løp. alle dei fine fjellturane som ligg der og ventar. Lykke til!

Bilde løp1 19.11 2005
Løp 2: 27.12 2005
Litt tyngre, men enno sprekare.
Magnus både sprang godt og hadde godt humør.
Bilde løp 4: 11.02-06
Bilda denne gongen tekne av Jermund Rekkedal.
01.04-06

Resultat vinterkarusellen 2004 - 2005

Resultat_vinterkarusellen_2004_05_l_p5.doc
Bilde løp 1; 20.11 -04
Alle foto frå Jon Sivert Thue fotoservice.
27.12 2004
Bilde. Alle foto frå Jon Sivert Thue fotoservice.
15.01 -05
12.02 -05
05.03 -05

Resultat vinterkarusellen 2003 - 2004

Les resultata her:
Resultat_vinterkarusellen_2003___2004.doc
12Neste

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco