FRIIDRETTSTRENING

acasvasvd.jpg

Framfor 1. mailøpet legg vi no opp til nokre springetreningar ute. For dei yngste i aldersgruppa 6-9 år på torsdagar ca 18.10-18.50. For ti år og eldre frå ca 18.50 - 19.30. Når vi kjem over i mai vil treningane verte meir baneretta.
Treningane no i april vert lagde opp slik at dei skal passe for alle, og spesielt for dei yngste oppmodar vi difor foreldre å stille sporty kledde og ta del, men det er plass for alle aldersgrupper også på den andre treninga og berre fint om det er vaksne/ungdom som vil ta del.

Vinterkarusellen

Resultat og bilde finn du under Friidrett og vinterkarusellen til venstre.

Vinterkarusellen i gang

KLARE TIL START: Ikkje verst med kortbukse og T-skjorte 17. november
KLARE TIL START: Ikkje verst med kortbukse og T-skjorte 17. november

Laurdag (17.10) gjekk første løp i vinterkarusellen 2018/19 med 24 deltakarar. Som trenden var også i fjor, er aktiviteten høgre og tilbodet vert meir verdsett sør om fylkesgrensa. Heile femten personar derifrå tok turen for ein frisk og kjekk treningsrunde på Åheim. Løpsvinnar vart Bjørnar Gangsøy frå Deknepollen. Elisabeth Hovdevik sette pers i kvinneklassa og synste at ho med jamn trening vil vere med å kjempe om ein ny siger i 1. mailøpet til sommaren. Førebels resultat:

vinterkarusell_2018og19_loep1.doc

Så kom kunstdekket

img_6398.jpg

Endeleg, snart fire månader etter planen, var tsjekkiske Jozef, Jiri og Lucaci frå firmaet Polytan i dagane 10.-13. september på plass for å legge kunstdekke langs eine langsida og i lengdetilløpet på skulebana. Når vi no også får sand i gropa, tar det til å kome seg.

Trening torsdag

lam_bilde_friidrett_tau.jpg

Om helse og anna held seg oppe, prøver vi å starte opp att med friidrettstreningar i hallen frå torsdag 6. januar. For gruppa 6-9 år ca 18 - 18.50. For 10 år og eldre frå 19-20.00. Sko er ein fordel. Hugs at det skal vere lyse sålar.

Friidrettsgruppa

1. mai nærmar seg. Før den tid er det terrengløp på Hauane, og for så vidt på Dimna, men det kjem kanskje litt på tvers med dato. Vi vil etter påske starte utetreningar for dei yngre, sjå under.

HUGS:

Det er aldri for seint å starte treninga og aller best no...

Ole Magne
(911 84479)

FRIIDRETT 

117918_thumb.jpg

Tar litt springetrening framfor 1. mailøpet også i dag torsdag 28.april, for dei yngre ca 18.30 - 19.15. For aldersgruppa ca 10 - 49 år frå ca 19.30 - 20.15.

Framover vil vi framleis ha trening, i alle fall for dei eldre, frå torsdag 12. mai og utover, der vi trenar meir stemneretta.  

 

Idrettsmerke
53059_thumb.jpg

Sju personar har i det siste gjennomført idrettsmerkeprøver. Vi satsar på å få med eit par til ein kveld, men vil gjerne ha med oss enno fleire å prøve seg på dette. Det er berre å ta kontakt med Ole Magne, så går det an å finne ei tid der ein heilt utan noko meir ser kva det går ut på.
Les meir om krav/gjennomføring i venstre marg.

Tid for idrettsmerke

idrettsmerket_100.jpg

Fredag 1.11 kl 17.30  satsar vi på å avvikle idrettsmerkeprøver på bana ved skulen.

Er du interessert, så ta deg ein tur for å sjå eller få orientering om krava. Det ligg også meir info under friidrett i venstre marg. Og for dei som er klare å prøve seg; ta gjerne litt trening i stille lengde på kjøkengolvet, men hugs å varme godt opp !

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post: post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal medlemskap i
Åheim Idrettslag 2023

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco