Endeleg for Anders.

I sitt tredje forsøk vart det merke i Birkebeinarrittet på sykkel for Anders Bakkebø.

42-åringen frå Hjellen har vore svært nær dei to føregåande åra. I fjor var han berre to minutt frå å klare det, og også i år må vi seie det var med eit nødskrik. Resultatlista i timane etter rittet opererte nemleg med ei maksimaltid for klasse 40-44 år som var 3.59.12. Med tida 3.58.23 fekk Anders dermed merke og diplom. Etter ein del rettingar i etterkant er maksimaltida justert til 3.57.48, og viser såleis at han er 35 sekund for sein.

Men merke er merke, og Anders leverte uansett ein flott prestasjon i det ufyselege veret. Dei fleste fekk vel med seg utsjånaden til løparane når dei kom til mål, og i tillegg skapte dette vanskar med utstyret slik at bremseklossane bak vart vekkslitne ut i løpet, og framhjulsbremsene låste seg om ein bremsa for hardt, fortel Anders. Han vart nr 466 av 1510 deltakarar i si klasse og kan no kalle seg merketakar i Birken i tillegg til VM-mester i konebering.

Av andre lokale finn vi at bror Kjell Bakkebø fekk tida 3.59.23 i klasse 35-39 år, Jon-Sverre Bjørneseth 4.10.11 i klasse 25-29 år, Tore Bjørneseth 4.50.39 i klasse 50-54 år, og debutanten Marius Ekremsæter (16) fekk tida 4.44.08 i klassa 16-19 år.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco