Ein skikkelig arbeidssiger……

05.05.2004 5.divisjon Sunnmøre
Åheim – Åmdal (2-0) Øyvind Bakkebø (53), Nils Svein Hansen (76)

Vi må nok innrømme at resultatet var noko i overkant i forhold til den spelemessige fordelinga, men i fotball er det slik at dei som scorar flest mål vinn kampen. (punktum) Det er heller ikkje ukjent at om ein kjempar og står på 100 % så gjev dette seg ofte utslag i at laget vinn kampen. Dette gjorde Åheim i dag, og stikkorda var: Moral, kjemping for kvar andre, å godt humør.
- No livnar det i lundar, no lauvast det i li skreiv ein kjent diktar…. Det same seier vi, for like sikkert som at bjørka sprett om våren, så er det tid for comeback for Tormod Hvattum (49) i Åheimburet. Og Tormod vi er imponert! Du er kanskje ikkje så raskt som du eingong var,men du verden for ein autoritet, rutine og ein speleforstålelse. Og det er no dette den harde kjerne på Løvoll elskar. Eit klart opprop frå oss er: Vi vil sjå fleire kampar av deg, både i år og neste år osv…

Kampen:
1. omgong vart ein tett, fair og spennande batle. Åmdal imponerte med gode pasningar og bevegelser, dei første minutta. Regien hadde ofte, og gjennom heile kampen ”Rikken” Svein Erik Grefsnes. Med sine ca 400 kampar for Ørsta, der han allereie som 18 åring blei kaptein visast. Og ”Rikken” du er ennå ein meget god spelar, den beste vi har sett i divisjonen så langt. 1. omgang endar målaust og vi noterte 2 – 4 i målsjansar.

2. omgong, Åheim kjempar som løver gjennom heile kampen, dette får vi betalt for i det 53. minutt, etter ein dødball som Terje Slagnes vinn ein hovudduellen på, landar ballen i nærheita av Øyvind Bakkebø, Øyvind brukar den erfaringa han har som forsvarsspelar, løftar blikket og set ballen kontant i nota. Åmdal pressar hardt på minutta etter Åheimscoringa, og nesten alle trur det er utlikning for Åmdal då dommar Hans J. Finnsæter korrekt dømmer offside. Litt av piffen går etter dette ut av Åmdal. Åheim fortsett kjempinga og i det 76. minutt nettar innbyttar Nils Svein Hansen med hovudet etter ein retur frå keeper. Vi såg at det blei nokre spennande minutt for den engasjerte lagleiinga til Åheim. Henning, Svein og Jon var uhyre konsentrerte og fokuserte. Det blei gjort inspirerande og spennande bytter mot slutten. Løvoll bana er etter årstida i meget god forfatning, men er likevel sugande så fleire av spelarane var på nippen av krampe..

Hovudtrenar Henning Hansen seier i ein kommentar at han er godt fornøgd med heile laget sin innsats. Henning meiner også at Åmdal er det beste laget Åheim til no har møtt denne sesongen….


Laget:
Tormod Hvattum (keeper)
Odd Arne Kragseth (høgreback)
Freddy Lyngvær (stopper)
Odd Steinar Husevåg (stopper)
Torgeir Halsen (vensteback)
Kai Johnny Venøy (høgreflanke)
Olav Øverlie (def. Mitbane)
Per Kenneth Hovdevik (Off. mitbane)
Torgeir Hellebust(venstreflanke)
Terje Slagnes (spiss)
Øyvind Bakkebø (spiss)


Reserver:
Elling Flister
Jørgen Sundal
Nils Svein Hansen
Pål Hellebust
Joacim Åsebø
Lars Inge Flister (kom ikkje innpå)
Marius Ekremsæther (kom ikkje innpå)


Det var vanskelig å gi poeng denne kampen, men igjen synest vi at forsvaret set godt i store delar av kampen. I tider blir vi pressa bakpå slik at ein legg merke til denne lagdelen godt. Til saman gjer dei ingen store feil DETTE ER IMPONERANDE OG VI HÅPER FRUSTRERANDE FOR MOTSTANDARANE. Å komme på denne lista skal være vanskelig og spesielt. Ein må også vise form og ha progresjon. Sidan siste heimekamp meinar vi at Odd Arne får poeng for godt overblikk, progresjon, god kjemping samtidig som sikringa og speleforståelsen er god. Eit par redningar på streken føler vi også må premierast.

3 Odd Arne Kragseth
2 Odd Steinar Husevåg
1 Tormod Hvattum, Torgeir Halsen ,Olav Øverlie

ref Jermund ;P

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco