Åheim sine spelte kampar

Du kan følge med alle Åheim sine kampar på på n3 sport 
 
n3 - sport
siste_resultater.jpg

Åheim rota bort seieren.

Guttekamp 22 mai 2004.

Åheim – Rovde 3-3 (2-1)

Åheim leda 3-1 når det var igjen 20 minutter å spele på Åheimgrusen, men makta ikkje å holde på ledelsen og til slutt stod det 3-3 i målprotokollen.


Kent-Ove Kragseth Sylte var dagens mann på grusbana, men alle Åheim sine mål. Han viste fin teknikk og fotballforeståelse, og den roa han må ha foran mål. Første omgang hadde Åheim ballen mint 70% av tida, og spelte tidvis fin fotball og hadde et klart overtak på Rovde sin gutar. Ved pause leda Åheim fortjent 2-1 etter eit klart overtak.

2 omgang vart litt jamnare, men fortsatt var Åheim det dominerende laget. Men Åheim var ikkje effektive foran mål, og sløste med sjansane.
Åheim manglet denne kampen Marius Ekremsæther og Elling Flister og det synte i angrepet. Trenar Lyngvær hadde litt for lite muligheter til skifte formasjoner etter kampen sitt løp.
Det såg ut til at Åheim hadde god kontroll på kampen, men etter en sterk sluttspurt greide Rovde å få 3-2 og til slutt 3-3, nåke Åheim må være skuffa over. Åheim burde og skal vinne denne kampen, men vi får håpe at laget greier å heve seg litt til neste kamp.

Best på Åheim denne dagen var tre mål scorer Kent-Ove Kragseth Sylte og ein hardt kjempane Pål Hellebust. Hellebust var overalt på bana, og kunne ha scoret seiersmålet på slutten på et flott frispark, men denne dagen ville ballen ikkje inn for unge Hellebust.


Til slutt et lite hjertesukk…
Det skulle være unødvendig å sette opp dommer frå Moldtustranda på en 7er kamp på Åheim...

sre

Lillegutt-92 kampar

Den gode sesongstarten held fram for Lillegutt-92 laget.
Laget starta som kjent sesongen med storsiger over VanKam. Etter dette har laget spelt to nye kampar, heime mot Sandsøy(torsdag 13 Mai) og borte mot Dalsfjord no på onsdag.
Kampen mot Sandsøy var jamnspelt dei fyrste 15 minutta, fram til stillinga 3-3, då klarte ettekvart Åheim og tilrive seg eit overtak.
Måla kom jamnt og trutt, og då dommare(Jon Thue) bles av kampen stod det 11-3 til Åheim. Gutane og jentene(Ine og Mariel) spelte ein god kamp, men har meir å gå på når det gjeld bl.a. teknikk(mottak - pasning) og samspel.

Kampen mot Dalsfjord no på onsdag gav oss nok ein storsiger. Laget var aldri truga og vann komfortabelt 16 - 4.
Komande torsdag blir det kamp mot Åram på Løvol, då får vi nok tøffare motstand og ein peikepinne på kor gode vi eigentleg er.
Per Kenneth Hovdevik
-trenar-

Lillegutt 93 - Van.kam - Åheim 1-6

Van.kam - Åheim 1-6
Tirsdag 25. mai var lillegutt 93 på Eidsåvoll og møtte Van.kam. Dei vann kampen 6-1.
Målscorere var Christian Thue (3), Adrian Nilsen Lyngvær, Ole-Johnny Westerås og Mads Myklebust Nielssen.
Heile laget viste ein imponerande arbeidsinsats. Det vart kjempa om kvar einaste ball, og dei viste stor vilje til å spele ballen mellom seg.
Dette ga resultat! Svært god innsats!!

Nytt poeng til Åheim i spennende kamp!!

Vartdal – Åheim 3 -3 (1-1)

Dommer: Oddmund Kaldhusæther
Tilskuere: ca 70
Mål Åheim: Freddy Lyngvær, Kai Johnny Venøy og Ole-Andreas Brandal
Gult kort Åheim: Per Kenneth Hovdevik


Åheim hadde bestemt seg i garderoben at vi skulle heve seg fleire hakk en det som var levert mot Rollon.

Venøy og Husevåg leder "Poengbørsen"

Åheim tapte for topplaget Herd.

Åheim – Herd 0 – 1 (0 – 0)

Dommer: Tove Marie Tandstad, VRF
Åheim Stadion
Tilskuere ca 60

Fotballformann - Per Kenneth har ordet
fotballformann_per_kenneth_har_ordet.jpg

Fotballstyret i Åheim IL 2004 består av desse personane. Per Kenneth Hovdevik - leiar, Odd Westerås - sekretær, Mette Osnes Kriken - kasserar, Ove Karlsen - leiar yngres avdeling, Leif Løvold - materialforvaltar, Arnljot Hole - banemester og Janne Hånes Rekkedal - styremedlem.

Fotballsesongen utandørs tek no snart til for fullt. fotball har meir eller mindre blitt ein heilårsidrett, kun med eit lite opphald om hausten. Etter jul er det fullt kjør med treningar og ulike innandørs cupar som det er kjekt å vere med på. Vår eigen Olivin-cup samla i år fleire deltakarar enn nokon gong tidlegare. Arrangementet vart i år som tidlegare proffesjonelt gjennomført med høg aktivitet og fornøgde born. Olivinhallen har forutan cupen mykje å seie for fotballen på Åheim. Alle lag i klubben nyttar hallen til trening, frå sesongslutt om hausten til utetreningane etter påske. Utandørs har vi og gode treningsforhold med grus- og grasbane. I 2003 fekk vi og på plass ein ballbinge som skaper god aktivitet utannom det organiserte tilbodet. ÅIL har i år med lag i alle mini-klassane, lille-klassane, små-jenter/gutter, jente- og gutte-lag og eitt seniorlag herrer i 5.divisjon Sunnmøre.
Vi tykkjer det er flott at så mange born og vaksne har fotball som hobby, og vi i fotballstyret vil halde fram med å legge forholda best mogleg til rette for dei aktive.
For at vi skal få til dette er vi framleis avhengige av den flotte dugnadsånda som rår i bygda. Vi oppmodar foreldre og andre "fotballvenner" til å støtte opp om dei ulike laga også i år.

Fotballstyret vil med dette ynskje alle dei ulike laga lykke til med sesongen 2004.
Per Kenneth Hovdevik
-leiar-

Forhånd.12

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco