Fjelløpssesongen i gang.
Så fint var det i fjor. Utsikt på veg ned att frå ca midtvegs og ned att mot Grotlesanden.
Så fint var det i fjor. Utsikt på veg ned att frå ca midtvegs og ned att mot Grotlesanden.
Fjelløpa har vorte populære, og helga 8 - 9. juli starta sesongen opp for alvor.

I nabofylket i sør hadde ein til og med klart å leggje to slike løp til same dag, med både Storehesten opp i Naustdal og Vetenløpet i Bremanger laurdag 8. juli. Ein flott kontingent frå vårt distrikt hadde teke turen til vakre Bremanger, men i år var ein ikkje heldig med forholda. Det regna og var surt, og mot toppen var det slik at det var godt at avstanden mellom stikkene ikkje var større enn den var skulle ein finne fram.

I konkurranseklassa finn vi to deltakarar frå Åheim. I kvinner 50-59 år var Liv Berge med tida 49,20 i år tre sekund raskare enn i fjor og godt nøgd med det. Gunnar Borg plagdest litt med ryggen og var ikkje heilt fornøgd med tida 54,33 som ga 7. plass i klasse 60-69 år. Likevel ei fin tid som mange skulle fått brynt seg på. Vi ser også at Jostein Visnes frå Almenning sprang eit minutt raskare enn i fjor og fekk tida 44,32. Merete Helgheim frå Måløy, som også var med i 1.mailøpet, vann dameklassa totalt med flotte 35,18, og vi ser at Jan Erik Sørhaug frå Bryggja er attende i form og brukte 35,08 i klasse 23-29 år.

I mosjonsklassa utan tidtaking er det ikkje lagt ut lister enno, men vi veit at Idar Berget tok turen til topps samman med blant andre Hanne Linn Berge, Kirsten og Tormod Hvattum, Svein Bøstrand, Marit Margrete Berget, Svein Thue og Åshild D. Thue.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco