Sterkt løp av Christian i Markane.
sterkt_l_p_av_christian.jpg
Sterk innsats av Christian i Markane.
Christian Thue viste seg på nytt som eit godt løpstalent under postvegløpet i Markane.

13-åringen fekk denne gongen tida 26.51 som er vel eit minutt betre enn i fjor. Det ga andreplass i klasse 13-15 år. Vinnar her var to år eldre Håvard Myklebust frå Sunnylven, som stiller for Hovdebygda IL, der han er med i eit aktivt skimiljø. Han brukte tida 25.50 minutt. Totalt vart Christian nummer elleve av dei 27 løparane som var med. Vinnar av løpet vart som vanleg Helge Hafsås frå Olden med tida 21.55. Ole Magne Kvalsvik sleit seg også rundt på maratonstøle bein og var med 32.22 snart fem minutt bak tida frå i fjor.

Christian var også heldig og vart uttrekt som vinnar av gåvepremie, som var middagsbuffet for to på Alexandra hotell. Så no vart det sagt han måtte invitere med kjæresten, og då var det mange og velje mellom meinte Christian. Men det spørst no om det ikkje vert mor som får glede av det, likevel.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco