God oppfølgjing andre dag i Trondheim.
Fin fjerdeplass til Ole Jonny i dag.
Fin fjerdeplass til Ole Jonny i dag.
(10.09) Det vart ei god oppfølgjing av Ole Jonny og Erlend på andre dag av NCC-leikane, med fjerde plass til Ole Jonny i tresteg som beste plassering.

Ole Jonny som har slite med forkjøling og ikkje prestert opp i mot sitt beste denne helga, fekk likevel resultatet 9,45 i lengde som ga ein fjerde plass i 13-årsklassa. I tillegg tok han seg til B-finale på 60 meter som han vann med tida 8,81 og vart dermed nummer ni i øvinga. I A-finalen vart det ny tredjeplass til Sigurd Eikrem frå Syvde med tida 8,45. Sigurd vann også slegge for trettenåringar med 25,31 meter som resultat.

Erlend klarte i dag 33.15 meter i spyd som ga ein sjetteplass i 14-årsklassa. Her var det berre litt over tre meter opp til medaljeplass, så med absolutt fullklaff hadde sjansen vore der. Erlend vart også nummer åtte i tresteg med 9,93 meter som lengstehopp. Litt ergerleg for Møre og Romsdal å vere berre ni poeng bak Nord-Trøndelag i kretskampen. Sør-trøndelag på førsteplass var det ingen ting å gjere med, men våre deltakarar gjorde dermed sitt for å skaffe nok poeng til ein tredjeplass i kretskampen bak dei to trønderfylka.

Fullstendige resultat finn du på:
http://www.andro.no/webreg/2006/ncc/doc/trondheim/resultater/

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco