Sykkel til Mingel.
(Foto: Sigve/Synste)
(Foto: Sigve/Synste)

Mingel Estrada fekk full klaff på sitt første friidrettstemne. Vel heime kunne han både hengje gullmedalje på veggen og setje ein sykkel i garasjen.

Det var under Høddsprinten laurdag 11.september at det slo til for Mingel. Først deltok han på 60 meter for 11-åringar. Her vann han med tida 9,4 sekund og kunne ta i mot gullmedalje for innsatsen. Men mot slutten av stemnet kom så det store, då to syklar frå G-sport skulle trekkjast mellom dei 107 deltakarane. Stor stas for vinnaren og mange misunnelege blikk då den eine av desse vart trekt ut på start nr 79, Mingel Estrada frå Åheim.

Stemnet viste elles at 1990 årgangen på Åheim er ein sprek årgang. Dei to 14-åringane som var på Ungdomsleikar helga før, var denne gongen heime. I staden deltok klassekameraten Karl-Martin Hellebust, og han vann like godt 60 meter i si klasse med den flotte tida 8,1 sekund.

Åheim stilte også lag på 1000 meter stafett (etapper på 100, 200, 300 og 400 meter). Etter forfall frå ein 13 og ein 14-åring, stilte dei to 11-åringane Martin Stahl og Ole-Jonny Westerås sporty opp i lag med Mingel og Karl-Martin. Alle fire gjorde gode løp på si etappe, men gjennomsnittsalderen vart litt lav i forhold til konkurrentane. Dei var likevel lenge med og kjempa om fjerdeplassen. Så med eit år til på seg, rikeleg med graut til middag og jamn trening gjennom vinteren, skal nok både Hareid og Hødd og andre få det tøft til neste år.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco