Kampreferat Sæbø - Åheim

Kampreferat Sæbø – Åheim 19.05.2010

Sæbø – Åheim 1-2 (0-1)

Tormod Hvattum – Christian Thue, Ole Johnny Westerås, Jørn Tore Kragseth, Sondre Hasund – Dan Robert Warberg, Runar Aahjem Løvold, Lars Petter Bjørlykke – André Pedersen, Nils Svein Hansen, Torgeir Halsen.

Innbytarar: Terje Slagnes, Borge Berget, Magne Brobakke, Thomas Stahl Løvold.

Mål: Nils Svein Hansen (15 min) og Magne Brobakke (50 min), Sæbø (85 min).

Vi hadde i dag med oss 15 spelarar til Sæbø, noko som skulle vise seg å vere nødvendig, fordi vi fekk 4 skader i løpet av ca. 65 minutt av kampen. Fyrst var det Sondre som kjente i ein lyskestrekk. Deretter var det Tormod som fekk strekk før Runar fekk ei lårhøne. Alle desse skadene kom i fyrste omgang. I andre omgang måtte Nils Svein gå ut på grunn av problem med akillessen. Det vart gjort store omrokkeringar undervegs, men likevel gjorde laget ein god kamp, der innsatsviljen til alle var på topp!

Kampen starta med at vi hadde ballen mykje og pressa Sæbø bakover, noko som også førte til sjansar. Runar spelte igjennom André som lobba ballen rett utanfor stolpen. Like etter hadde Torgeir ein liknandes sjanse, men også den lobben gjekk utanfor målet. Sæbø var også frampå nokre gongar, men avslutningane deira vart for svake.

0-1 kom etter at Torgeir vart spelt igjennom og skar innover i bana. Han avslutta nede i hjørnet som gjorde at keeperen måtte gi retur, og på returen var Nils Svein og putta ballen i mål. Målet kom etter ca 15 minutt av kampen.

Etter dette vart omgangen prega av stopp, innbyte og døballar. Sæbø spelarane var tøffe i duellane, noko som førte til mange frispark og ei litt amper stemning. Sjølv om vi fekk mange døballar, klarte vi ikkje å utnytte dei godt nok. Det vart ofte berre halvsjansar vi fekk ut av dei. Tormod fekk som sagt strekk etter 40 min og dermed måtte Dan Robert nok ein gong stå i mål, noko han klarte godt!

Andre omgang starta som den fyrste. Vi skapte dei største sjansane og allereie etter 5 min måtte Sæbø keeperen plukke ballen ut av nettet. Magne som kom inn på venstrekanten, fekk ballen i bakrom og skar innover i bana. Frå 16 meters streken knalla han ballen oppe i det høgre hjørnet og dermed 0-2! Hans fyrste scoring på a-laget!

Etter dette var perioder av kampen prega av harde taklingar frå begge lag, noko som etter kvart førte til rødt kort til André. På grunn av dette fekk Sæbø større ballinnehav, men klarte ikkje å skape dei store sjansane før nokre minutt før slutt. Åheim spelarane jobba heroisk med 10 mann og nekta Sæbø spelarane å komme til gode avslutningar. Når Sæbø ikkje klarte å score sendte dei fleire mann i angrep, noko som førte til store kontringsmoglegheiter for Åheim. Åheim hadde store sjansar, men klarte ikkje å putte ballen målet. I staden fekk Sæbø eit mål 5 min før slutt, noko som førte til eit massivt press mot Åheim målet dei siste minutta. Sjølv om dei pressa hardt klarte dei ikkje å skape fleire store sjansar og dermed vann Åheim ein viktig 2-1 seier!

Heile Åheim laget gjorde ein fantastisk kamp innsatsmessig, men eg synes at Magne var laget sin beste spelar, sjølv om han spelte berre ca ein omgang. I tillegg til å score det viktige målet, var han flink til å ta dei offensive løpa då vi vart 10 mann slik at vi fekk trykk framover i angrep. Han var også flink til å kunne drage av ein mann og deretter slå gode gjennombruddspasningar. Håper han fortsetter slik!

Runar Aahjem Løvold.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco