Kampreferat Hovdebygda - Åheim

 

Kampreferat Hovdebygda – Åheim 6-1 (4-1)

Sveinn Bogason – Christian Thue, Jørn Tore Kragseth, Dan Robert Warberg, Sondre Hasund – Terje Slagnes, Sigurdur Reynisson, Per Kenneth Hovdevik, Runar Aahjem Løvold, Torgeir Halsen – André Pedersen.

Innbytarar: Thomas Løvold, Martin Stahl, Magne Brobakke og Lars Petter Bjørlykke.

Mål Åheim: Christian Thue.

Åheim reiste til denne kampen vel vitande om at det var ein kamp dei absolutt burde ta poeng i for å ikkje lage ei luke opp til ledarlaget Hovdebygda. Ein skulle derfor tru at laget var topp motivert til å gå ut på bana med full insats.

Kampen starta jamt der vi låg lavt i bana og prøvde å stenge rom og satse på kontringar. Dette lykkast vi bra med ei god periode, men når Hovdebygda scora både 1-0 og 2-0 på sin andre og tredje sjanse, sank motivasjonen til Åheimspelarane og derfor også duellstyrken.

Omgangen sitt lyspunkt for Åheim sin del var Christian Thue sitt langskot frå ca 20 meter som suste inn i nota og dermed redusering til 2-1. Alle trudde då at vi skulle komme inn igjen i kampen, men Hovdebygda gjekk rett i angrep og på sine to neste angrep hadde dei scora to mål og dermed var stillinga 4-1 til pause.

Andre omgang starta som den fyrste omgangen med jamt spel, men denne gongen med eit lite overtak til Åheim. Etter kvart som omgangen gjekk begynnte vi å skape fleire store sjansar, men ballen ville ikkje i mål. Tre gongar gjekk ballen i stolpen og ut, og som ikkje det var nok var det ein Åheim spelar som sto i vegen for eitt skot som ville sust inn i nota. I staden for at vi sette sjansane våre fekk Hovdebygda to sjansar på slutten, noko som førte til to nye mål.

Alt i alt ein dårlig kamp av Åheim, der mangelen på duellstyrke i alle lagdelar førte til det stygge tapet. Spelemessig hadde laga ein omgang kvar, men der Hovdebyga var supereffektive på sjansane sine, var vi det stikk motsette. Hovdebygda skapte 7 opplagte målsjansar og scora 6 mål og vi hadde omtrent same antall sjansar, men scora 1 mål. Åheim skal no ha ei pause fram til 12 juni, då vi skal møte Bergsøy 2 på heimebane, ein kamp vi SKAL vinne!

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco