Kampreferat Åheim – Kvamsøy/ÅVK 2

Åheim ( 4-3-3)
Keeper: Arni
Forsvar : Christian, ole jonny,jørn-tore, dan
Midtbane: Per-kenneth, siggi, runar
Angrep: Torgeir, Magne, Terje
Innbyte: Lars-Petter, Borge, Sondre, David, odd-erik,thomas

Åheim tok imot Kvamsøy/ÅVK2 på åheim stadion 2 pinsedag. Kjekt å sjå at så mange hadde tatt turen fram på løvoll sjøl om ikkje veiret var det beste.

Det var litt spenning før kampen, for man visste at kvamsøy/åvk2 kom til å ville stille eit bra lag i dette nabo oppgjeret, og åheim hadde Nils-svein (skade) martin (sjukdom) og Andre (karantene) ute. Også David spelte nok sin siste kamp for åheim, sidan han skal flytte til risør.

Men idag hadde åheim med ein debutant, Sigurdur fra island, og han viste seg godt fram. Den andre islendingen satt på tribuna, for han var ikkje speleklar til denne kampen pga administrative forhold, men blir garantert klar til neste kamp. Vi gler oss Sveinn!

Dommar Magne Johnny Krumsvik bles igong kampen, og det blei en litt "rufsete" start for åheim sin del. Allerede etter 10 minutt skaut en kvamsøy/åvk2 spelar eit langskudd fra vel 40 meter, ballen fikk god fart i medvinden og gjekk i ein fin bue over arni, som sto litt langt ute. 0-1

Ikkje lenge etter fikk kvamsøy/åvk2 ein corner. Innlegget kom, arni var litt uheldig og mista ballen når han skulle plukke den, og der stod en kvamsøy/åvk2 spelar og pirka ballen enkelt imål. 0-2

Etter dette så var det kun eit lag på bana, og det var åheim.
Eit massivt press mot kvamsøy/åvk2 målet gav resultat, og etter vel halvtimen spelt fekk åheim straffe etter ein hands i feltet.
Torgeir tok straffa, men keeperen til kvamsøy/åvk2 valgte rett hjørne, og fikk fista ballen til corner.

Åheim fortsatte kjøret trass dårlig uttelling, og så losna det heilt. Etter 35 minutt fikk åheim hål på byllen, lars p kom seg fri fra sin venstrekant posisjon, slo eit fint inlegg på nærmaste stolpe, der var Torgeir frampå og fikk heada ballen imål via en kvamsøy/åvk2 spelar. 1-2.

Åheim hadde no virkelig "blod på tann" og skapte fleire sjangsar. Nok ein gong kom Lars.p seg fri på venstrekanten, skar fint innover i bana og fyrte av eit skot med høgra som gjekk rett i krysset. Vakkert! 2-2.
Dette vart også det siste som skjedde i 1 omgang.

I andre omgang fortsatte åheim kjøret, og fikk et enda meir etablert spel.
Åheim rulla fint opp på kantane fleire gonger, og etter 60 minutt fikk åheim corner. Eit presist inlegg fra Lars-p gjekk over alle, og på bakerste stolpe stod ingen andre enn debutanten fra island, sigurdur, og stanga vakkert inn en 3-2 ledelse til åheim. Nydelig!

Og da var kjøret igang, lufta hadde for lengst gått ut av kvamsøy/åvk2, og åheim fortsatte. Innbytar Thomas løvold brukte ikkje mange minutt på å markere seg. Han mottok ballen på et kast på hjørnet av 16 meteren, drog innover i bana, skar forbi 4 kvamsøy/åvk spelarar, og dundra ballen kliiin nede i venstre hjørnet for keeper. ein flott enkeltmansprestasjon.4-2

5-2 kom etter at jørn kom i stor fart mot mål, sentra fint til torgeir som sto helt umarkert, han fikk en enkel jobb å skrudde ballen fint i lengste kryss.

Innbytar borge berget tegna seg også på scoringslista, etter eit mønsterangrep. Jørn spelte opp på terje, som spelte ut til magne på høgre kant. Han la hardt inn foran mål og der sto spelarane i kø for å score, borge breisida ballen fint nede i hjørnet og dermed 6-2.

Åheim hadde fleire store sjangsar, og vist dei hadde vore litt meir effektive og hatt litt fleire marginar, kunne dei sendt heimjen kvamsøy/åvk2 med enda styggare tal enn 6-2.
Ein fortjent seier.

Med dette er åheim no på toppen av tabellen med 15 poeng. Hovdebygda er på en 2 plass med 13 poeng og hareid på 3 med 11 poeng, men begge desse laga med en kamp mindre spelt enn åheim.

Derfor blir neste åheimkamp mot tabelltoer hovdebygda ein veldig veldig viktig kamp. Vi går selvfølgelig for 3 nye poeng i denne bortekampen lørdag 29.mai. Vi gler oss!

Torgeir Halsen

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco