Åheim - Hovdbygda

Torgeir set ballen i mål liggandes!
Torgeir set ballen i mål liggandes!

Åheim knuste Hovdebygda i toppkampen!

 

Åheim – Hovdebygda 7-0!

Åheim stilte med følgande lag:

Sveinn Leo Bogason – Kai Jonny Venøy, Per Kenneth Hovdevik, Ole Johnny Westerås, Sondre Hasund – Magne Brobakke, Runar Aahjem Løvold, Lars Petter Bjørlykke – André Pedersen, Nils Svein Hansen, Torgeir Halsen.

Innbytte: Martin Stahl, Jørn Tore Kragset, Odd Erik Bakkebø, Lars Nerland Aahjem.

Åheim visste før kampen at om det skulle vere nokon håp i opprykksdraumen, måtte kampen mot Hovdebygda vinnast. Allereie i garderoba var det ikkje vanskeleg å sjå at ALLE spelarane var innstilte på å gjere manns jobb slik at Hovdebygda skulle reise heim med tap. Vi bestemte oss for å gå ut i 100 og presse Hovdebygda bakover på bana. Denne taktikken virka akkurat som den skulle og Åheim skapte fleire store sjansar.

Fyrste målet kom etter ein god corner frå Sondre, som Nils Svein krangla i mål. Denne scoringa kom etter 15 min, men Åheim hadde ikkje planar om å legge seg bakpå av den grunn. Åheim fortsatte å trykke på og ikkje lenge etterpå fekk Torgeir ballen i bakrom etter ei fin pasning frå Magne. Torgeir tok med seg ballen mot mål og vart felt av Hovdebyda sin midstoppar. Dermed rødt kort til midstopparen og straffe til Åheim, som Per Kenneth satte kalt og roligt i mål. 2-0 til Åheim og Hovdebyga virka som dei var gått sure allereie.

Hovdebygda som ikkje produserte ein einaste skikkelig målsjanse i fyrste omgang, klarte ikkje å komme tett nok opp i Åheimspelarane som gjekk på fine løp, og fekk gode pasningar frå medspelarane. 3-0 målet var eit fint eksempel på dette. Etter fint spel på venstresida kom venstreback Sondre til innlegg, som høgreback Kai Jonny banka kontant i mål på halv volley! Rett og slett ei kanonscoring av Åheim!

Etter dette kom Hovdebygda litt meir med i kampen, utan at det stoppa Åheim i å produsere fleire sjansar. Like før pause slo Åheim til igjen. André vann ballen fantastisk igjen på midtbana, sette igang Nils Svein som var på løp mot cornerflagget. Nils Svein mista ballen til ein Hovdebyga spelar , men fortsatte og presse han slik at Hovdebygdaspelaren gjorde ei svak klarering. Runar snappa ballen på litt over 20 meter og slo gjennom Lars Petter som breidsida ballen kalt og roligt i mål. Ei fin scoring som kom etter det høge presset som vi bestemte oss for å sette. Like etter dette blåste dommaren blåste dommaren av til pause.

Etter pause pressa Hovdebygda høgare i håp om ei redusering, men dette straffa seg. Åheim med sine gode backar fortsette å produsere sjansar nesten på eigenhånd. Sondre slo igjen inn og der var Kai Jonny igjen og sette ballen i mål. Etter dette kom det ei periode utan dei store sjansane, men det var Åheim som nok ein gong skulle sette ballen i mål. Torgeir sprang i frå forsaret og vart felt, men liggandes klarte han å sette ballen i mål. Dommaren hadde då allereie blåst straffe, og Torgeir tok straffa sjølv og sette den kalt i mål. Om dommaren skulle blåse straffe burde han også gitt eit nytt rødt kort, noko han var enig i etter kampen. 7-0 som også vart sluttresultatet, kom rett før slutt etter at Jørn Tore spelte Torgeir fint igjennom som satte ballen kalt og roligt nede i hjørnet.

Kampen var klart årsbeste frå Åheim sin del og det var utruleg kjekt å få det til på ein slik dag mot Hovdebygda. Sjøl om det var eit ufyseleg vêr var det mange som hadde tatt turen fram på bana, noko som vi sett utruleg stor pris på!

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco