Åheim - Hareid 2: 4-2 !

Åheim – Hareid 2: 4-2

Åheim: Sveinn Leo Bogason - Kai Jonny Venøy, Per Kenneth Hovdevik, Ole Johnny Westerås, Sondre Hasund – Magne Brobakke, Runar Aahjem Løvold, Sigurdur Reynisson – André Pedersen, Nils Svein Hansen, Torgeir Halsen.

Innbytte: Jørn Tore Kragseth, Dan Robert Warberg, Christian Thue, Terje Slagnes og Martin Stahl.

Åheim slo søndag Hareid 2, 4-2 på heimebane. Heimelaget gjennomførte ein heilt grei kamp, men ikkje på same nivå som dei siste kampane. Kampen starta med eit overtak til Åheim. Hareid 2 låg lavt i bana og prøvde å stenge rom. Dette lykkast dei bra med, men på dødball var Åheim farlege. Sondre slo ein god corner som Runar heada i bakken og over. Like etterpå slo Sondre inn på nytt, og denne gongen sette Runar ballen i nota bak keeper.

Åheim fortsette med å ha ballen mykje, men utan at det vart dei store sjansane ut av det. Med litt for liten bevegelse i alle ledd, vart det enkelt for Hareid 2 å reinske unna det som kom. Like før pause traff Hareid 2 på eit av dei lange oppspela sine og ein Hareid 2 spelar vart felt og fekk straffe. Straffa vart sett i mål og dermed 1-1 til pause.

Andre omgang starta slik som den fyrste omgangen, med Åheim som det førande laget. Jørn Tore hadde erstatta Kai Jonny på backplass, og det andre målet til Åheim kom etter ei fin pasning frå Jørn Tore. Torgeir kom på diagonalløp frå venstrekampen sin, og Jørn Tore tredde ballen mellom midtstoppar og back. Torgeir tok med seg ballen mot mål og sette ballen roleg nede i hjørnet. Fint mål etter ein fin bevegelse.

Ikkje så lenge etterpå fekk Åheim frispark heilt ute ved sidelinja ikkje så langt frå midtstreken. Sondre vart klart felt og fekk frispark. Runar tok frisparket og skrudde det inn mot bakarste stolpe. Ingen vart bort i frisparket og derfor annullerte dommaren målet fordi han meinte det var indirekte frispark. Ei heilt feil besluttning fordi det ikkje var nokon grunn for at det skulle vere indirekte frispark.

Den sterke vinden skulle få stor innverknad på kampen. Sveinn hadde ballen i henda, og skulle slå langt mot Torgeir. Torgeir vart akkurat for sein til å nå ballen, men keeper som var på veg ut, berekna ballbana feil og ballen spratt dermed over keeper og i mål. Sveinn scora altså frå eige straffemerke!

Hareid 2 hadde ikkje gitt seg og fekk noko ufortent ei redusering på dødball. Åheim lot seg ikkje stresse av det og fortsette å presse på. Torgeir vart spelt igjennom og akkurat i det han skulle avslutte, vart han felt. Dermed rødt kort og straffe til Åheim, som Per Kenneth sette i mål. Åheim som gjerne ville ha fleire mål skulle få enda eitt annullert. Jørn Tore slo inn eit frispark, og André gjekk opp og heada ballen heilt nede i hjørnet. Dommaren blåste av for offside, noko som virka svært tvilsamt. Like etter blåste dommaren av og Åheim tok ein fortent siger.

Neste helg skal alt avgjerast. Åheim må vinne med 2 eller 3 mål mot Haddal neste helg, samtidig som Hovdebygda må avgi poeng på heimebane mot Sæbø. Hovdebygda er store favorittar på heimebane, men fotballen er rund så alt kan skje!

Runar Aahjem Løvold

 

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco