Åheim - Haddal 13-0!

Åheim - Haddal 13-0(9-0)
Mål Åheim: Nils Svein Hansen 5, Andrè Pedersen 3, Pål Hellebust 2, Runar Aahjem Løvold, Martin Ekremsæter, Terje Slagnes.

Formasjon: 3-4-3
I Mål: Adrian Lyngvær
Forsvar: Dan Robert Warberg, Ole Jonny Løvold, Tore Høybakk
Midtbane: Martin Ekremsæter, Pål Hellebust, Runar Aahjem Løvold, Martin Stahl
Angrep: Terje Slagnes, Andrè Pedersen, Nils Svein Hansen

Åheim hadde ingenting å spele for idag bortsett fra ære, i og med at Tjørvåg slo Hasundgot i siste kampen, kunne ikkje Åheim rykke opp uansett. Vi ville likevel bevise at vi kunne vinne med dei nødvendige 10 måla som skulle til dersom Hasundgot hadde slått Tjørvåg. Kampen var flytta til Stadt i et forferdelig regnvær og kraftig vind.

Kampen: Åheim brukte lang tid før dei klarte å bruke vinden til sin fordel og etter ca et kvarter spel sette Andrè Pedersen inn 1-0 til Åheim. Åheim pressa på vidare i den kraftige medvinden, og etter kvart losna spelet litt meir. Måla rann inn bak Haddal si målvakt, og 1 minutt før pause var stillinga 7-0 til Åheim. Likevel gjekk vi til påause med 9-0!! etter 2 kjappe mål på slutten av omgangen. Med så mange mål i kampen vart det vanskelig å huske kven som skåra, og korti dei skåra, med øverst i referatet står alle målskårarane idag.

2. omgang vart spelt i kraftig motvind på den blaute kunstgrasbana. Åheim opna med å få straffespark og 10-0. Vi skapte store sjangsar, med hadde ikkje hell med avslutningane. Kampen ebba ut til slutt med 13-0 til Åheim, og NY KLUBBREKORD!

Konklusjon: Åheim sette eit verdig punktum i årets sesong, og med litt meir margina på vår side, hadde vi våre med vidare å kjempa om dei 3 opprykksplassane. Åheim er et ungt lag, og treng kanskje et år til i 5. divisjon før vi tek steget opp. Vi vil uansett ikkje gi opp, og trene godt vidare. Åheim blir sannsynligvis å finne på toppen av 5. div neste år, og vi takkar for all støtte vi har fått gjennom alle 9 kampane våre på heimebane i år.Publikum som har møtt opp har fått sett Åheim skåre 51 mål på Løvold og til dels på Stadt.

Kort om kampen mot Gursken/Larsnes:
Åheim hang med i en omgang mot det nye storlaget fra Gursken og Larsnes området. Klubben har henta inn forsterkningar som har våre ute og spelt for større klubbar på sunnmøre og andre stadar. Med en jamnspelt 1. omgang og 3-2 ledelse til Gursken/Larsnes, hadde vi et håp om å kunne drage dette i land, men 2 kjappe skåringar til Gursken/Larsnes etter pause var spikaren i kista for Åheim. Gursken/larsnes var det klart beste laget, og 8-3 vart til slutt en fortjent seier. Vi regnar med at dette laget blir å finne i 4. div neste år, og regnar også med at dei blir verande der.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco