Åheim - Bergsøy 2  4-1

Formasjon: 4-4-2
Startoppstilling:
I Mål: Adrian Lyngvær
Forsvar: Jørn-Tore Kragseth, Ole Jonny Westerås, Lars-Petter Bjørlykke, Dan Robert Warberg
Midtbane: Per Kenneth Hovdevik, Pål Hellebust, Tore Høybakk, Nils Svein Hansen
Angrep: Martin Ekremsæter, Andrè Pedersen

Innbytte: Terje Slagnes, Martin Stahl, Runar Aahejm Løvold, Øistein Kriken

KAMPEN:
Bergsøy2 kom til Åheim med delt tabell-ledelse og et fysisk robust lag pga at junior-spelarane deira var på varetelling for å tjene pengar til laget. Fleire spelarar frå A-laget var også til stede.

Bergsøy starta kampen best og spelte god fotball uten å skape dei store sjangsane. Dette var før Åheim våkna. Fra 5-10 minutt, og ut heile kampen hadde Åheim full kontroll og pressa topplaget i senk.

Andrè Pedersen som tidligare har markert seg med 4 scoringar i en om samme kamp kom igjen i fokus i 1 omgangen på Løvold. 1. målet til Andrè kom på eit skudd på kanten av 16-meteren. Keeper burde klart å avverga, men klarte ikkje det og 1-0 til Åheim. Ingen hadde forventa at Åheim skulle spele ut eit så godt Bergsøy-lag i dag, men Åheim fortsatte å skape sjangsar. Martin Ekremsæter snappa en ball tilbake til Bergsøy sin keeper, runda han, og sette ballen uegoistisk til ein umarkert og bedre plassert Andrè Pedersen, som sette ballen enkelt i åpent bur. 2-0. Pause.

I 2. omgang vart Andrè bytta ut med Terje Slagnes. Andrè var litt små skada, og Terje litt småskada, derfor spelte dei kvar sin omgang, og Martin blei skyvd opp på topp fordi Torgeir Halsen måtte stå over etter rødt kort i kampen mot Tjørvåg.

Terje markerte seg raskt i 2. omgang, etter at han fekk ballen gjennom i bakrom fra Martin, og sette ballen kaldt og rolig forbi keeper til 3-0. Åheim pressa heile omgangen, og Bergsøy fekk aldri helt taket på det sleipe underlaget på grasmatta på Løvold denne søndagen.

4-0 kom etter eit angrep tatt rett ut av læreboka. Tore Høybakk spelte gjennom Terje som gjekk diagonalløp ut i rommet. Tok med seg ballen eit par steg inn, og la inn forran kassa hardt og lavt. På bakerste stolpe kom Martin og sette ballen kontant med breisida fordi Bergsøy sin keeper.

Åheim hadde mange sjangsar og klarte å underholde publikum heile kampen. Bergsøy fekk sitt trøstmål 5 minutt før slutt på straffespark. Sluttresultat: 4-1.

Konklusjon: Åheim spelte årsbeste heime på Løvold i dag, sjølv utan toppscorar Torgeir Halsen. Det som såg ut til å vere nøkkelen var at alle presterte bra, i tillegg til å prestere bra som eit lag. Presset satt som planlagt, og vi kjmpa hardt på kvar ball. Offensivt spelte vi oss fint til mange fine sjangsar, og 4 scoringar er godkjendt. Det lukta 4.div nivå av Åheim idag:)

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco