Ny siger for Åheim!

Tips!

Video frå kampen mellom Larsnes/Gursken 2 og Åheim ligg
her: http://ejhv-film.blogspot.com/2011/06/larsnesgursken-2-aheim.html

Åheim – Bergsøy 2: 4-1 (3-0)

Laget: Lars Nerland Aahjem – Tore Høybakk, Jørn Tore Kragseth, Per Kenneth Hovdevik, Christian Thue – Magne Brobakke, Runar Aahjem Løvold, Sondre Hasund – Torgeir Halsen, Terje Slagnes, Martin Stahl.

Innbytarar: Dan Robert Warberg, Jan Arild Solibakke, Odd Erik Bakkebø, Alfred Bakkebø, Per Arne Ekremsæter, Lars Petter Bjørlykke og Jainel.

Tilskodartal: 90

Åheim tok i går ein ny siger, denne gang mot serieleiar Bergsøy 2. Kampen var ganske jamnspelt i begynnelsen av første omgang før Åheim etter kvart tok meir over. Det første målet kom på den første skikkelege sjansen i kampen. Magne spelte nydelig igjennom til Terje som skaut i keeper før han sjølv tok returen og sette den i mål. Ikkje lenge etterpå var det duka for 2-0 til heimelaget. Åheim fekk eit frispark i midtsirkelen som Runar slo perfekt på pannebrasken til Terje som enda meir perfekt sette den heilt oppe i krysset med ei flott heading.

I denne perioda av kampen kjørte Åheim over Bergsøy 2 og effektiviteten var på topp. Allereie på den neste sjansen vart det scoring igjen. Torgeir fekk ballen inne i 16-meteren, vendte vekk ein forsvarar og sette ballen kontant i mål med venstrefoten. Nok ein fin scoring! Åheim fortsette og produsere store sjansar etter dette og både Torgeir og Magne hadde enorme muligheiter til å auke leiinga, men stillinga heldt seg til pause og dermed 3-0 til Åheim. Både Åheim og Bergsøy 2 ropte på straffe i løpet av fyrste omgang, men den gode dommaren valte å la begge situasjonane passere.

Andre omgang var mykje mindre underhaldande enn den fyrste. Bergsøy 2 var det førande laget og hadde ballen mykje utan å produsere dei store sjansane. Åheim forsvarte seg godt og fekk sjansen til og avgjere kampen på straffe, men keeperen til Bergsøy 2 redda. Det siste kvarteret vart det meir liv i kampen. Bergsøy 2 sendte mange mann i angrep noko som førte til store overgangsmuligheter for Åheim. Jainel heada blant anna i stoplen og i tverrliggaren og på headinga i tverrliggaren sette han returen i mål. Jainel sitt fyrste mål på a-laget! Like før slutt reduserte Bergsøy 2 på ei heading og dermed vart sluttresultatet 4-1 til Åheim.

Til slutt må vi nemne at det er utruleg kjekt og sjå så at så mange tek turen på kamp! Fortsett med det!

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco