Hareid - Åheim: 4 - 4

Åheim gjorde ein god kamp mot 4.div laget Hareid.

Hareid – Åheim: 4 – 4 (5 - 4 etter straffer)

Lagoppstilling Åheim:

Dan Robert Warberg – Martin Stahl, Christian Thue, Lars Petter Bjørlykke, Sondre Hasund – Tore Høybakk, Runar Aahjem Løvold, Magne Brobakke – Nils Svein Hansen, André Pedersen, Torgeir Halsen.

Innbytte: Odd Erik Bakkebø, Alfred Bakkebø, Per Arne Ekremsæter, Thomas Løvold

Åheim spelte i dag sin fyrste kamp i vinterturneringa på Hareid, mot Hareid. Etter ein heller svak kamp mot Flatraket sist helg, løfta Åheim seg mange hakk mot ein antatt mykje betre motstandar. Åheim gjekk raskt opp i ledelsen ved Torgeir etter rot i Hareid forsvaret. Ikkje lenge etterpå var det Åheim sin tur å lage problem for seg sjølv, noko som Hareid utnytta godt og sette inn 1-1. Etter dette kom det ei periode med mykje kjemping og lite  presist pasningsspel frå begge lag, noko som dei vanskelege forholda må ta en del av skulda av. Resultatet sto seg til pause og dermed 2-1 til Hareid.

Etter pausa kunne ein igjen sjå den grøne matta. Åheim gjekk tøft ut og som i fyrste omgang kom scoringa etter berre nokre få minutt. Nok ein gong var det Torgeir som var frampå etter at eit innlegg frå Runar gjekk i stolpen og rett i beina på Torgeir som kunne sette ballen i nota. Det var ikkje berre Åheim som gjentok bedrifta frå fyrste omgang for Hareid gjekk nesten rett i angrep og sette ballen i mål etter eit innlegg. Åheim lot seg ikkje knekke av og i løpet av ca 10 min hadde kampen snudd igjen. Først fekk Åheim frispark frå 35-40 meter som Runar skrudde rett inn i lengste hjørnet. Like etterpå fekk Åheim ein corner som Sondre skrudde flott inn mot bakarste stople som Tore kriga i mål.

Hareid tok meir over etter dette, men klarte ikkje å skape dei store sjansane før det var ca 15 min igjen. Hareid pressa då på og like før slutt fekk dei den fortjente utlikninga etter eit flott skot. Stillinga sto seg kampen ut og kampen måtte då avgjerast på straffespark. Denne vant Hareid 5-4 og er dermed vidare til a-sluttspel i turneringa. Også neste helg blir det god motstand då Vigra står på motsatt banehalvdel.

Åheim gjorde ein god kamp, med tanke på motstanden og eit heilt ny komponert forsvar frå forrige helgs kamp mot Flatraket. Alt i alt MYKJE positivt å ta med seg vidare og kjekt at mange av dei unge er med og kjempar om plassane! Til slutt må vi ta med at Torgeir vart kåra til banens beste, noko som viser at godt treningsoppmøte gir resultat!

Runar Aahjem Løvold

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco