Ei oppsummering av a-laget si oppkøyring :)
Det er no under ei veke igjen til seriestart borte mot Gjerdsvika / Moltu og vi på a-laget begynner verkeleg å glede oss til å få grønt gras under beina i ein seriekamp etter ein lang vinter. Treningsoppmøte har i dei aller fleste tilfelle vore mellom 11-15 stk. Vi har hatt eigentreningar på måndagar, fellestrening på Høddvoll på onsdagar og kamp og/eller trening i helgane. A-laget har i vinter spelt 8 treningskampar med varierande resultat der vi har fått prøvd ut ulike formasjonar og spelarar i ulike posisjonar.
Den første treningskampen gjekk mot Flatraket, ein kamp som vi vann 2-1. Dei tre neste treningskampane vi spelte var i Hareid si flotte vinterturnering. Her opna vi med 4-4 mot Hareid, før det blei tap både mot Ørsta og Vigra etter dårlege kampar frå vår side. Et par veker seinare var vi med på ei turnering i Selje, der vi igjen spelte mot Flatraket og vann 5-1 etter å ha leda 5-0 etter ein god fyrste omgang. Dagen etter spelte vi mot eit godt TMFK 2 lag som stilte med mange fyrstelagsspelarar fordi fyrstelaget hadde fått avlyst si generalprøve før cupkampen sin. Her fekk vi altså mykje å bryne oss på, men etter ein godt gjennomført kamp vart det 4-2 tap i ein kamp som ei stund kunne ha vippa begge veger.
Et par veker seinare spelte vi kamp mot Stadlandet på den gode kunstgrasbana deira. Kampen enda med ein 2-0 siger. Den siste treningskampen gjekk mot eit godt og hardtsatsande Hornindal lag på den nye kunstgrasbana i Stryn. Kampen enda med 3-1 tap etter at vi leda 1-0 til pause. Forskjellen på laga i den kampen og mange andre kampar er bredda på stallen. Der dei hadde “problem” med at dei var for mange har vi har i år en dessverre litt for tynn stall, noko som kan gi problem utover i sesongen.
A-laget har i år som i fjor mål om å kjempe i toppen av tabellen. Det blir mange spennande oppgjer i løpet av sesongen, men mest av alt må vi seie at vi gleda oss til kampane mot ÅVK! Sjølv om dei er og blir favorittar har vi ikkje tenkt å gi oss utan kamp! :)
Til slutt eit tabelltips for 5.div avd.1.
1. Åheim
2. ÅVK
3. Tjørvåg
4. Bergsøy 2
5. Hasundgot
6. LGFK 2
7. Haddal
8. Kvamsøy
9. Gjerdsvika / Moltu
10. Flø
Runar Aahjem Løvold