SMÅGUTTER 13 OG 14 ÅR.

I år stiller Åheim med to småguttelag, eitt i 13 års klassa og eitt i 14 års klassa. Laga har trent saman i Olivinhallen ein gong i veka gjennom heile vinteren. Gutane er ivrige og flinke til å møte på trening, motivasjonen for å gjere det godt i serien er stor.
Begge laga starta sesongen 06 med å spele bortekampar. 13 åringane reiste til Moltustranda på tysdag for å spele kamp. Ein er ofte spent på kor gode ein er samanlikna med dei andre laga. Åheim var i denne kampen betre enn motstandarane og vann lett 14 - 1. Humøret og stemninga var difor god på veg heim til Åheim.

 

14 åringane hadde difor resultatet til 13 åringane då dei tok turen til Sandsøya på onsdag. Kampen opna med eit klart overtak til Åheimlaget, men ein god og heldig målmann tok det som kom i førstninga. Åheimspelarane hadde fleire store og gode sjansar, men skudda vart for lause og svakt plasserte. Åheim fekk ikkje hull på byllen før Andreas Ekremsæter knalla til med eit hardt og kontant skudd som keeperen berre høyrde susen av. Etter denne scoringa løyste det også for dei andre Åheimspelarane og måla kom jamt og trutt resten av kampen. Åheim hadde ei svak periode nokre minutt i 1. omgang, då scora Sandsøy to kjappe mål. Sluttresultatet vart til slutt 13 - 3 til Åheim.
Toppscorar for Åheim denne gongen vart Jørn Tore Kragset med 5 nettkjenningar, elles skal alle spelarane ha ros og skryt for ein godt gjennomført kamp. Eg trur at alle saman har endå meir og gå på og at laget berre vil bli betre utover i sesongen.
Berre for å nemne det, 8 av desse 13 og 14 åringane starta kampen mot Brann på Eidsåvoll og som leia 4 - 0 til pause, i tillegg kunne fleire av dei som splete 2. omgang forsvart ein plass på det laget som spelte 1. omgangen. Merkeleg at initiativtakarane valgte å kalle dette laget for ÅVK............
Klarer vi å behalde desse talenta nokre år kan vi nok flytte fotballtyngdepunktet i A-lagssamanheng til Åheim, det kan vere ei langsiktig målsetting for Åheimsfotballen, talenta har vi.
Oppfordring til foreldre og alle som er interessert i fotball: møt opp på heimekampane til desse to laga(og andre Åheimlag) og få sjå mykje fin fotball utover i sesongen.

Helsing Per K. Hovdevik.

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco