Bylagsturnering i Sunnmørshallen

Sunnmøre Fotballkrets har i samarbeid med nabokrinsane i nord og sør danna ”bylag”. I vår krins er det bylaga Ålesund og Ulstein som skal gi dei unge spelarane eit trenings- og kamptilbod i ei elles roleg periode utanom sesongen. Åheim har som einaste klubb frå Vanylven vore godt representert på bylaget Ulstein. Heile 4 spelarar har vore med på treningar og kampar frå sesongslutt og fram til no. Desse er: Jørn Tore Kragset,
Alexander Hovdevik, Torgeir Skorge Aasen, alle gutar 14 år og Marielle Thue, jenter 14 år.
Fyrste helga i desember arrangerte Sunnmøre Fotballkrets ei bylagsturnering for jenter og gutar. Laga frå Ulstein, Ålesund, Molde og Kristiansund møttes i Sunnmørshallen for å kjempe om tittelen fylkes beste bylag.

 

 

Jentelaget til Ulstein fekk ei vanskeleg oppgåve. Dei spelt jamt mot Ålesund, der stillinga vart 1 – 1. Marielle Thue som er målvakt, stod trygt og godt i denne kampen. Elles vart det to klare tap mot både Molde og Kristiansund. Kristiansund synte seg som det sterkaste laget på jentesida og vann turneringa.
Gutelaget til Ulstein opna turneringa med å spele uavgjort mot Ålesund. Stillinga etter to omgangar, a 25 minutt blei 0 – 0. I denne kampen spelte både Jørn Tore Kragset og
Alexander Hovdevik heile kampen. Alexander som målvakt og Jørn Tore som høgreback.
Begge to synte at dei held eit godt nivå i denne aldersgruppa. Alexander har god rekkevidde, er reaksjonssterk, les spelet godt og roleg og trygg med ballen. Jørn Tore har god fart, er teknisk god og jobbar godt. Torgeir kom inn i 2. omgang, men fekk i det heile litt for lite speltid til å få vist seg fram skikkeleg. Torgeir er og ein spelar med god teknikk og fart, og med litt meir fysikk kan han hevde seg godt på dette nivået. Både Ulstein og Ålesund vann sine påfyljande kampar, Ålesund slo Kristiansund 5 – 1 og Ulstein slo Molde 3 – 0.
Søndag vann Ålesund 4 – 0 mot Molde. Ulstein måtte difor slå Kristiansund med 6 mål for gå forbi Ålesund på målforskjell. Det vart ein jamn og spennande kamp som Ulstein til slutt vann 6 – 1.
Ålesund og Ulstein hadde dermed like mange poeng og heilt lik målforskjell, 9 – 1.
For å kåre ein vinnar av turneringa vart det difor kasta mynt, og då gjekk Ålesund av med sigeren. Vinnaren av turneringa får spele kamp mot vinnaren i Sogn og Fjordane.
Ekstra motivasjon for spelarane var nok tanken på at dei 18 beste spelarane frå jente- og guteklassa får tur til Island i vinterferien. Der skal dei møte eit tilsvarande lag frå Island.
Island har i fleire år synt at dei er gode på talentutvikling, og difor blir det spennande å sjå om våre talent kan hevde seg. Ekstra spennande blir det å sjå om nokon frå Åheim blir å finne blant desse 18 som får tur til sagaøya i vest.


PK

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco