A-laget tapte mot topplaget

Kampfakta:

Åheim – Sæbø 1-3 (1-2)

Selje Idrettspark kgb

 

Dommer: Inge Mortveit, Larsnes

Mål Åheim: Per Kenneth Hovdevik

 

Som venta fekk Åheim problem mot eit sterkt Sæbø lag,

men Åheim kom klart i frå det med æra i behold,

etter ein særs god 2 omgang der Åheim til dels kjørte over serielederen.

 

Åheim gjekk hardt ut mot topplaget Sæbø og tok ein fortjent ledelse etter

eit flott angrep der Per Kenneth skåra sikkert frå sida.

 

Sæbø tok meit og meir over i 1 omgang og det var ikkje ufortjent når dei fekk 1-1

midt i omgangen, etter litt rot i det elles gode Åheimforsvaret.

Etter 35 min tok Sæbø ledelsen etter at dei fekk sjansen til å ta eit frispark

to ganger av dommer Mortveit, surt. Dermed leda Sæbø etter halvspelt.

 

2 omgang begynte med Åheim press og Åheim spelte til tider ut Sæbø.

Midtbana hadde full kontroll og spelte flotte baller til gode bevegelige spisser og flanker.

Det som kom av angrep tok ein særs opplagt Tormod seg av bak, og forsvaret spelte sikkert og kontrollert. Åheim skulle hatt straffe etter 20 minutt men dommer Mortveit mente at Henning sjølv hadde skuld i at han vart liggande under keeper og han fekk gult kort, ”litt” merkelig for dei fleste andre. Åheim pressa på, men så gjekk det som det ofte går

at motstanderen får ei kontring og dermed 1-3. Lufta gjekk då ut av peridottane og kampen enda 1-3.

 

Konklusjon: Ein av årest beste kamper sjølv om vi tapte. Spesielt 2 omgangen var meget god, der vi stort sett var i angrep mot Sæbø sitt mål. Med litt bedre uttelling burde vi ha vunne mot serieleiaren. Dei fleste på Åheim he ein god dag. Forsvarsrekka er stort sett sikker heile kampen, og avvæpna det meste av gode spissane til Sæbø. Midtbana er god og bevegelig,

og når vi får retta på dei små justeringane i pausa sitt det godt. Spissane på topp jobber konstant, og det er lite som skal til før dei putter mange mål.

 

Til slutt ein ekstra blomst til Tormod som igjen tar på seg hanskane og stiller opp for oss,

og ikkje nok med det; han STOR spela. Dirigerer og ordner opp som i glansdagane.

 

Åheim. Tormod Hvattum, Karl Martin Hellebust, Olav Erlend Øverlie, Daniel Ekremsæther,

Kai Jonny Venøy, Per Kenneth Hovdevik, Kenneth Bellen, Tore Høybakk, Lars Petter Bjørlykke,

Henning Olav Hansen og Kai Robin Hellebust

 

Innbytte: Runa Aahjem Løvold, Stig Rune Løvold, Pål Hellebust

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco