FJELLPOSTANE

No er hausten her for alvor, og vi tek til å bytte ut bøkene på dei 11 fjellpostane vi har.
Hadde du tenkt å ta alle toppane dette året, men enno ikkje har hatt tid, så må du vere snar...veldig snar.
Dei første bøkene vert nok bytta ut allereie i helga (20-21 okt) og så går det slag i slag no framover.
Men fortsett å gå på fjellet, nye bøker kjem på plass no samtidig som vi tek inn dei gamle til oppteljing.
Elles ei oppmoding til alle om å gi beskjed til nokon i trimgruppa dersom bøker snart er fulle og må byttast ut, eller det er
andre ting vi må hugse på.

Trimgruppa

TUREN TIL BEKSLEHORNET 28 AUG:

Trass surt og kaldt ver, var det over 20 personar som tok turen til
Bekslehornet. Både bygdafolk og frå andre bygder.

STAURDALSEGGJA JUNI 2007

Her er eit lite tilbakeblikk på turen vi hadde til Staurdalseggja i juni.
Sjå vedlegg også.

GetAttachment[1].jpg

"SOLSIKKEVEKE-TUR"

Tysdag 28.august vert det tur til Bekslehornet. Møt opp på Beksle klokka 18.30, så går vi i "samla" flokk oppover. Registrering i eiga bok på toppen, i tillegg til trimgruppa si bok. For meir informasjon, sjå programmet i avisa.     IB.

FAMILIETUR TIL LISJEVASS-SETRA

Søndag 16 september har vi planlagt tur til Lisjevass-setra. Registrering mellom klokka 12-15. Det vert sal av pølse m/brød (pinnebrød for dei som vil), kaker, kaffi, saft og sjokolade. Ta med kopp! Fiskekonkurranse og antagelig natursti med premiering.

Så håpar vi på godt ver og bra oppmøte!

IB.

P5010001.JPG
Forhånd.1...45678Neste

Åheim IL
Postboks 17
6146 ÅHEIM
E-post:
post@aaheim.no
     aaheim.il@gmail.com
handball.aaheim.il@hotmail.com

Org.nr:971369418

Betal  medlemskap i
Åheim Idrettslag 
2024

TRYKK HER.

Sparebanken Møre logo
chatletsport1logo-00000002-.png

Chatlet Sport 1 Nordfjordeid

 

Åheim Stadion

Slik blir du grasrotgiver
for Åheim IL

1009_heim_20il_20_20fotball.png

Kart Duestøylen

www.facebook.com/

Åheim IL
Åheim IL - fotball
Åheim IL Friidrett/Ski
Åheim IL - Handball

Åheim IL Fjelltrimgruppa 

Kontonr.: 3972 20 36100

doc_16053_6.jpg

vipps: nr 130056

sbm_logo_3x.png

Sibelco