Vindfullt på DimnaleikaneBlide stemnedeltakarar på Høddvoll: F.v. Vilde Hasund, Håvard Svastuen, Jon-Andre Thue, Sondre Aahjem Løvold.

Blide stemnedeltakarar på Høddvoll: F.v. Vilde Hasund, Håvard Svastuen, Jon-Andre Thue, Sondre Aahjem Løvold.

Det var gode prestasjonar av dei unge utøvarane som deltok på Dimnaleikane søndag 16. september, sjølv om resultata vart prega av vinden.

Arrangørane opplevde for ein gongs skuld å få bra ver i timane stemnet gjekk, men det bles ganske godt. Minst innverka det på kuleresultata, og tiåringen Håvard Svastuen vann kule i si årsklasse for tredje stemne på rad. Resultatet hans gav 949 tyrvingpoeng, som var ein av dei beste poengsummane på stemnet. Vi merkjer oss elles Elise Padmaja Knardal, som deltok i sitt andre stemne og vann 60 meter føre sterke konkurrentar frå Dimna, Eide, Hareid og Molde. Hennar resultat gav 929 tyrvingpoeng. På 600 meter vart ikkje tidene så gode i vinden, men Vilde Hasund vann lett si klasse og hadde berre ei jente i 12-årsklassa føre seg i heatet.

 

Stemnedebutantar denne gongen var Andreas Krakereid Slåttelid og Simon Myklebust Nielsen, som begge gjorde det godt og syntest det var kjekt å delta på stemne.

 

Resultatliste:

G-9 60 m

4. Andreas K. Slåttelid, Åheim IL            11,43

6. Simon M. Nielsen, Åheim IL               11,91

G-9 Lengde

5. Simon M. Nielsen, Åheim IL               2,70

7. Andreas K. Slåttelid, Åheim IL            2,60

G-10 60 m

6. Sondre Aahjem Løvold, Åheim IL       10,71

8. Jon Andre Thue, Åheim IL                  11,28

G-10 Høyde

3. Jon Andre Thue, Åheim IL 1,05     

    6. Håvard Svastuen, Åheim IL 1,00     

    7. Sondre Aahjem Løvold, Åheim IL 1,00       

G-10 Kule (2,0kg)

    1. Håvard Svastuen, Åheim IL 7,66     

    3. Jon Andre Thue, Åheim IL 6,75      

G-10 Lengde 

7. Sondre Aahjem Løvold, Åheim IL       3,11

10. Håvard Svastuen, Åheim IL               2,70

11. Jon Andre Thue, Åheim IL                2,38                                                 

G-14 60 m

     3. Paul Ervin Storeide, Syvde IL 8,61 

G-14 Kule (4,0kg)

2. Paul Ervin Storeide, Syvde IL 7,23 

G-16 Kule (5,0kg)

    1. Ole Martin Brudevoll, Syvde IL 12,32        

J-10 60 m      

6. Vilde Hasund, Åheim IL 11,03

J-10 600 m    

1. Vilde Hasund, Åheim IL 2.17,04

J-10 Lengde

6. Vilde Hasund, Åheim IL 2,90         

J-12 60 m      

     1. Elise Padmaja Knardal, Syvde IL 9,29

J-12  Lengde 

6. Elise Padmaja Knardal, Syvde IL 3,72

Fuktig friidrett i ØrstaHåvard og Runar med nye medaljer til veggen

Håvard og Runar med nye medaljer til veggen

Ørstaleikane 1. og 2 september vart ei fuktig og kald affære, men dei fem som var avgarde kom brukbart frå det resultatmessig, sjølv om vi håpar på betre resultat med betre ver, spesielt i ei teknisk øving som høgde.

 Resultatliste    Ørstaleikane 2007                                                              01./02.09.2007

G10                                60 m

5. Hellebust, Victor R.                     Åheim IL Friidrett      13,30

G11                                60 m

3. Stranden, Runar Skorge               Åheim IL Friidrett     10,20                        550

7.Hellebust, Daniel R.                     Åheim IL Friidrett       11,67                         94

G11                                Høyde

3. Stranden, Runar Skorge               Åheim IL Friidrett     1,15                        839

4. Hellebust, Daniel R.                     Åheim IL Friidrett      0,95                        699

 

G10 Kule                                            (2 kg)

1. Svastuen, Håvard                      Åheim IL Friidrett     7,86

G10                                Lengde                              (1 m satssone)

4.Svastuen, Håvard                      Åheim IL Friidrett      3,10                        790

G11                                Kule                                    (2 kg)

3. Stranden, Runar Skorge               Åheim IL Friidrett      7,90

 

G11                                Lengde                              (1 m satssone)

5.Stranden, Runar Skorge               Åheim IL Friidrett        3,35                        748

J10                                 600 m

2.Hasund, Vilde                           Åheim IL Friidrett        2.10,36

J10                                 Lengde                              (1 m satssone)

4. Hasund, Vilde                           Åheim IL Friidrett       2,95                        748

Håvard viste styrke på Byrkjelo

Åheim hadde med fire utøvarar på dei årlege Sparebankleikane på Byrkjelo i helga. (30.juni/1. juli) Alle gjorde sine saker bra, men mest utmerka Håvard Svastuen seg.

Håvard stilte i sitt første stemne og gjekk like så godt av stad og vann ein klar seier i kule. Tiåringen støytte 7,92 meter, som var over ein meter føre nestemann i klassa og som gir 965 poeng etter tyrvingtabellen. Og i følgje far Freddy, er resepten mykje silolemping som styrketrening. Vi veit at i ”gamle dagar” var skogsarbeid oppskrifta for særleg dei mest kjende langrennsløparane våre, som Ellefsæter, Grønningen og Tyldum. Kanskje vert no silolemping noko som må vurderast også for kulestøytarane våre på topplan?

 

Vilde Hasund viste seg på nytt som ei lettbeint og kondisjonssterk jente, som ho også har gjort på løpa i vinterkarusellen og på 1. mailøpet. På 600 meter vann ho ein klar seier i tiårsklassa, og ho fekk også ein bronsemedalje i lengde. Rett nok har ho seige kondisjonsgener i blodet både frå Ekremssætra og inne i frå Dalsfjorden, samt nokre fartsgener frå Folkestad, men Vilde er også ei aktiv og treningsvilleg jente som vi nok får høyre meir til.

 

For dei to 11-åringane Runar Skorge Stranden og Daniel Hellebust vart det meir på det jamne, men god trening gjennom sommaren vil nok gjere at dei kjem sterkare attende ved neste korsveg, som vert Ørstaleikane 1. september. Om sofaen øvst i Åheimlida fortsatt vert brukt flittig som landingsmatte, kan nok særleg høgde verte ei god øving der.

Resultat:

60 meter

Gutar 10 år:

7 . Håvard Svastuen, Åheim IL 10,38

Gutar 11 år:

10. Runar Skorge Stranden, Åheim IL 10,12

15. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 11,05

Jenter 10 år:

6. Vilde Hasund, Åheim IL 10,58

Lengde

Gutar 10 år :

11. Håvard Svastuen,   Åheim IL 3,05

Gutar 11 år:

9Runar Skorge Stranden, Åheim IL       3,58

16. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 2,95

Jenter 10 år:

3. Vilde Hasund, Åheim IL 3,07

Kule

Gutar 10 år :

1. Håvard Svastuen, Åheim IL 7,92

Gutar 11 år:

7. Runar Skorge Stranden, Åheim IL 7,84                                                      

10. Daniel R. Hellebust, Åheim IL 5,31

600 meter

Jenter 10 år:

1. Vilde Hasund, Åheim IL 2.07,70        

2. Mari Drabløs, Tyrving IL 2.11,98

Stadlandet Rett Vest.

Laurdag (05.05) arrangerte Stadlandet "Norges vakraste fjelltrim" for andre gong. Og i strålande solskin og mest ikkje vind vart det ein verkeleg vakker tur.

Vi synest synd på dei som måtte jobbe, var på korhelg, i konfirmasjon eller av andre grunnar ikkje kunne ta turen, men aller mest på dei som kunne, men ikkje prioriterte å ta turen. 62 deltakarar stilte i mosjonsklassa og tok seg forhåpentlegvis god tid å nyte utsynet undervegs, medan 30 stykke la meir vekt på tida og langa ut på fine fjellråser mellom Dragseidet og Mosekleivhornet (og bukkemark ned i Ervika)


Stadlandet_rett_vest.doc


Åheim IL markerte seg på Hauane.Asgeir dokumenterte bra form før 1. mailøpet.

Asgeir dokumenterte bra form før 1. mailøpet.

Løparar frå Åheim vann stort sett klassene der laget hadde deltakarar under det årlege terrengløpet på Hauane onsdag 25. april,

og særleg var det etternamna Hasund og Thue som dominerte. I klassa 13/14 år gutar var det begge desse namna i toppen, i det Sondre Hasund var den einaste som kunne by Christian Thue kamp om seieren. Men inne på oppløpet viste eitt år eldre Christian seg som den sterkaste. Elles ser vi at Asgeir Hasund var raskast av dei vaksne, og at Vilde Hasund vann jenter 11 år, medan Sindre Thue tok seg av guteklassa. Begge er eigentleg i 10-åringar.

Resultatliste Terrengløp Haugen IL 25. april 2007

G 11 år:
1. Sindre Thue, Åheim 03.01
G 12 år:
1. Andreas Os, Eid IL 03.33
J 11 år:
1. Vilde Hasund, Åheim IL 02.53
2. Aina Sofie Bakke, Haugen IL 02.55
3. Andrea Skeie Bakke, Eid IL 02.56
4. Silje Breiteig Bakke, Haugen IL 03.19
5. Julie Navelsaker, Eid IL 03.27
J 12 år:
1. Kristin Heggen, Heggjabygda IL 02.54
G 13 år:
1. Sondre Hasund, Åheim IL 04.34
2. Simen Hjelmeland, Eid IL 04.58
3. Magne Brobakke, Åheim IL 05.05
G 14 år:
1. Christian Thue, Åheim IL 04.33
2. Fredrik Fjelldal, Eid IL 04.56
J 14 år:
1. Merete Heggen, Heggjabygda IL 05.00
J 16 år:
1. Linn Kathrin Bakke, Haugen IL 09.12
2. Marianne Breiteig Bakke, Haugen IL 10.08
G 17 år:
1. Ole Nordnes, Heia IL 09.10
MS 21-34 år:
1.Torbjørn Nes Hjelle, Eid IL 08.34
Menn 35-39 år:
1. Asgeir Hasund, Åheim IL 08.09
2. Øystein Lødøen, Haugen IL 08.12
Menn 40-44 år:
1. Audar Kullsveen, Eid IL 08.41
2. Odd Harald Heggen, Heggjabygda IL 08.42
Menn 45-49år:
1. Hans Aksel Fjelldal, Eid IL 08.48
2. Ole Magne Kvalsvik, Åheim IL 10.00
Menn 70-74 år:
1. Gunnar Borg, Åheim IL 12.18

Uflaks for Kjetil i UM.

(28.01)Kjetil Westerås var uheldig og snubla i starten på 60 meter under UM i Stangehallen i helga.

Han fekk difor tida 7,79 som ga 14. plass av dei 22 som deltok. For å komme til finalen måtte han klart 7,53, noko som absolutt hadde vore innan rekkevidde for Kjetil som klokka 7,3 manuelt på eit treningsstemne for fjorten dagar sidan.

På 200 meter var det meir som venta med 24,98 og ein trettande plass. Her har han ikkje bygd opp det nødvendige mengdetreningsgrunnlaget enno, og er heller ikkje trent på svingar innandørs. Men Kjetil satsar no friskt vidare i lag med treningskamerat Torstein Nøstvold Harnes frå Valder, så framgangen vil nok vise seg etter kvart.