Vinterkarusell 2019/ 2020, løp 4: 12. februar

img_9784.jpg

Onsdag gjekk fjerde runde i karusellen. Det stilte 27 deltakarar på startstrek. Raskast denne gongen var Isak Berget med 13.14 og Tuva Borg med 17.12. Nedanfor ligg førebelse resultat.

vinterkarusell_2019_og20_loep4.doc

Vinterkarusell 3. løp 18.01-20

25 deltakarar starta det nye året med friske takter i vinterkarusellrunda. Raskast var denne gongen Hilmar Kråkenes, medan Lisbeth Engesæter med sine 17.27 hadde raskast tid av kvinnene. Nedanfor ligg nokre bilde frå løpet og førebels resultatliste.
vinterkarusell_2019_og20_loep4.doc

Vinterkarusell 2. løp 27.12-19

30 deltakarar stilte på andre runde i vinterkarusellen, som gjekk i litt kald vind, men brukbare løpsforhold. I kveldsmørkret ein frdag kveld vert det likevel ikkje som å springe i dagslys, men vi fekk mange gode tider, og andre fekk ein fin tur i vinterkvelden. Mest imponerte Isak Berget, som sprang ned tida sieitt minutt og no har familierekorden. Også andre unge og litt eldre viste at med god trening fromover kan dette verte bra. Under ligg førebelse resultat.

STUDERAR TIDA: - Ka det vart i dag, då? spør Anders, som må konstatere å vere tjue sekund bak forrige løp, men ut frå forholda sikkert sprang ganske jamt med då.

STUDERAR TIDA: - Ka det vart i dag, då? spør Anders, som må konstatere å vere tjue sekund bak forrige løp, men ut frå forholda sikkert sprang ganske jamt med då.

vinterkarusell_2019_og20_loep2.doc

Vinterkarusell 1. løp 2019-20

32 deltakarar stilte på vanskelege og isete forhold i første løp. Thomas Rikstad og Lene Sandsund hadde dei to raskaste tidene for menn og kvinner. Fredag 27.12 kl 18 vert det nytt løp.

VEL I MÅL: Deesse fem kan puste ut etter gode løp, og Tuva var også nest raskast av kvinnene, medan Isak også leverte ei god tid og var sytten sekund bak bestafar sin pers.

VEL I MÅL: Desse fem kan puste ut etter gode løp, og Tuva var også nest raskast av kvinnene, medan Isak også leverte ei god tid og var sytten sekund bak bestefar sin pers.

vinterkarusell_2019_og20_loep1_1_.doc

Hilmar raskast i femte løp

Onsdag 13. mars gjekk femte og siste løp i vinterkarusellen 2018/19. Best tid hadde denne gongen Hilmar Kråkenes, som persa med seks sekund til 11.09. Heldigast var kanskje likevel Noah Leander Engesæter, som vann hovudpremien, gåvekortet på 500 kroner frå Selje Sport og Fritid.  

Det var elles premie til alle med minst fire løp, og no er det berre å trappe opp treninga fram mot 1. mailøpet. 

SPREKINGAR: Noah Leander Engesæter og mor Lisbeth på veg mot mål  i siste løp i karusellen for i år.

SPREKINGAR: Noah Leander Engesæter og mor Lisbeth på veg mot mål i siste løp i karusellen for i år.

vinterkarusell_2018_og19_loep5.doc

Sebastian slo til i karusellen

Bursdagbarnet Sebastian Otneim, her til høgre i lag med bror Nikolas, persa seg med tretten sekund på niårsdagen i fjerde runde av karusellen (16.2). Bak Asgeir Hasund med bestetid, var det også etternamnet Otneim på fire av dei fem neste plassane. LIkevel låg deltaking i denne runden med berre fjorten personar på startstrek, og vi få håpe langt fleire møter opp til avslutningsløpet, truleg fredag 8. mars.

img_2515.jpg

vinterkarusell_2019_og20_loep4.doc

Vinterkarusellen tredje runde 12.1-18

(36 delt) I godt løpsver vart det nokre personlege rekordar også i treje runde av vinterkarusellen. Kristoffer Thue Stranden stilte med kortbukse også 12. januar og sprang inn på raskaste tid, 12.11, ei forbetring av eiga bestetid med 39 sekund. Også Sebastian Otneim og Inge Visnes kunne notere seg for persar. Inge for tredje gong på tre løp denne vinteren. No er det berre å legge inn godt med trening for alle og kome og delta i fjerde løpet midt i februar. 

img_1706.jpg

vinterkarusell_2018og19_loep3.doc


Godt besøkt karusellrunde

(26.12-18) Skikkeleg kjekt at nesten seksti personar i dag hadde teke turen for å stille opp på litt sosial juletrim i andre løp i vinterkarusellen. Det var også mange raske tider hos dei som sprang. Ein kan ikkje perse kvar gong, sjølv om to av deltakarane gjorde det også. Så er det kjekt å sjå stadig nye på startstrek. Under ligg resultat og bilde.

KLARE: Eit fyldig startfelt på nesten seksti deltakarar før start. Og jammen fann vi enkelte med kortbukse sjølv på ein andre juledag.

KLARE: Eit fyldig startfelt på nesten seksti deltakarar før start. Og jammen fann vi enkelte med kortbukse sjølv på ein andre juledag.

Vinterkarusellen i gang

Laurdag (17.10) gjekk første løp i vinterkarusellen 2018/19 med 24 deltakarar. Som trenden var også i fjor, er aktiviteten høgre og tilbodet vert meir verdsett sør om fylkesgrensa. Heile femten personar derifrå tok turen for ein frisk og kjekk treningsrunde på Åheim. Løpsvinnar vart Bjørnar Gangsøy frå Deknepollen. Elisabeth Hovdevik sette pers i kvinneklassa og synste at ho med jamn trening vil vere med å kjempe om ein ny siger i 1. mailøpet til sommaren. Førebels resultat:

KLARE TIL START: Ikkje verst med kortbukse og T-skjorte 17. november

KLARE TIL START: Ikkje verst med kortbukse og T-skjorte 17. november
vinterkarusell_2018og19_loep1.doc

Karusellavslutning fredag 9. mars

SPREK GJENG: Deltakarane i siste løp klare til å legge i veg.

SPREK GJENG: Deltakarane i siste løp klare til å legge i veg.

Femte og siste løpet i vinterkarusellen samla 21 deltakarar. Ein småsjuk Inge Visnes var raskast rundt løypa med ei av sine beste tider siste åra. Det tyder godt framover når han får sykja or kroppen. Imponerte gjorde også Maria Borg, som med 14.09 sprang på den fjerde beste tida på kvinnesida i løpet. 

Atten av dei som har delteke i karusellen i år har minst fire løp og får premie for det. På avslutningsløpet var det som vanlleg også trekning av gåvepremiar frå Sparebanken Møre og Marine Harvest. Og ikkje minst var det ein glad vinnar i Margrethe Sylte, som vann gåvekortet på 500 kroner frå Selje Sport og fritid.
Vel blåst, no er det berre å sjå fram mot 1. mailøpet.

vinterkarusell_2017og18_loep5.doc

Karusellen fjerde runde

img_6759.jpg

Fjerde runde i vinterkarusellen starta onsdag 14.2. I sur, kald vind og på skiftande underlag gjennomførte ti deltakarar på gode tider med omsyn til vind og underlag. Laurdag møtte elleve stykke fram til ein god del betre forhold og kvitterte med svært sterk springing. Ikkje minst imponerande at to jenter kom godt ned på 14-talet, og med Tiril heilt frisk att i siste løp kan det verte tre? Fredrik og Øyvind synte at dei er i god rute og var ikke langt bak sine sterke persar, og fleire av dei enno yngre også anten persa eller synte at dei med trening fram til siste løpet kan klare å pynte på bestetidene.


vinterkarusell_2017og18_loep4.doc
vinterkarusell_2017og18_loep4.pdf

Vinterkarusellen runde 3

img_6272.jpg

20. januar 29? delt   På grunn av litt isete parti i den vanlege løypa, valde vi denne gongen å flytte løpet ned på hovudvegen. Her følgde Bjørnar Gangsøy og Fredrik Hovdevik kvarandre det meste av løypa, men Gangsøy hadde litt meir å gje på slutten enn ein treningstung og reisetrøtt Fredrik. Tida vart 11.15. Hos damene leverte Lisbeth Engesæther eit sterkt løp med tid 14.57. Ellles mykje bra springing, og no er det berre å få enno meir jamn rutine i treninga når det går mot vår, slik at ein har eit godt grunnlag til dagane lysnar og vegane tinar. Foreløpige resultat under

vinterkarusell_2017og18_loep3.doc

Vinterkarusell andre løp 26. desember

jul_047.jpg

Litt snø og isete, og ikkje det beste underlaget for å setje pers. Mange sprang likevel på raske tider. Odd Arne Engesæter kom først i mål med 10.45, ei av dei beste tidene som har vore.  Elisabeth Hovdevik brukte 15.47. Ikkje altfor mange har vel heller sprunge fortare av kvinnene, men ho sjølv er ei av dei. Mest imponerte igjen seks år gamle Noah Leander Engesæter som persa seg til 17.34. Nedanfor ligg foreløpige resultat (59 delt).

vinterkarusell_2017og18_loep2.doc

Vinterkarusellen løp 1, 25/26.11 -17 (48 delt)

GOD TID: Bjørnar Gangsøy tok teten frå start og kom med 11.26 inn på ei av dei betre tidene som har vore sprunge på i vinterkarusellen.

GOD TID: Bjørnar Gangsøy tok teten frå start og kom med 11.26 inn på ei av dei betre tidene som har vore sprunge på i vinterkarusellen.

Bjørnar Gangsøy frå Deknepollen leverte ei av dei raskaste tidene som har vore i karusellen i si første deltaking. Ein del ungdomar gjorde det også godt og sette nye bestetidar, mellom dei Tuva Borg, Peder Sjåstad, Øyvind Roth, Cathrine og Kyle Nygård. Unge Sondre Gangsøy sprang også på ei god tid i sitt første løp, men aller mest imponerte kanskje vesle Noah Leander Løvseth Engesæter som sprang heile vegen og kom inn på 18.28. Under ligg foreløpige resultat.

vinterkarusell_2017og18_loep1.doc

Avslutning karusellen søndag 12. mars 2017

KRUS: Deltakarar med minst tre løp fekk i år krus med motiv.

KRUS: Deltakarar med minst tre løp fekk i år krus med motiv.

Søndag gjekk femte og siste løp i vinterkarusellen 2016/2017.  Det var tjuesju deltakarar i fint vårvêr. Det gav nye persar til Tuva, jesper, Anton, Malene og Olina. Det var premiering og trekking av gåvepremiar. Peder Sjåstad fekk tursekk frå Marine Harvest, Asgeir Hasund sekk frå Sparebanken Møre og Jostein Visnes vann hovudpremie, eit gåvekort på 500 kroner på sportsutstyr. Resultat under.
vinterkarusell_2016og17_loep5.doc

Vinterkarusellen løp 4, 18. februar

NY PERSONLEG BESTETID: Kyle sette ny pers med 37 sekund.

NY PERSONLEG BESTETID: Kyle sette ny pers med 37 sekund.

Berre sytten deltakarar på vinterkarusell denne gongen. Rett nok skiskyttarstafett og vinterferie, men frå sør om Maurstadeidet stilte dei med rekordmange, og utgjorde ni av dei sytten på start. Eit par persar vart det også i godt løpsvêr. No håpar vi på riktig mange til avslutninga, som er planlagd fredag 10. mars, ev søndag 12. mars?

vinterkarusell_2016og17_loep4_1_.doc

Vinterkarusellen løp 3, 21. januar

LETTFØTTE: Kaja og Tuva sprang på ei bra tid og hadde krefter til ein fin spurt.

LETTFØTTE: Kaja og Tuva sprang på ei bra tid og hadde krefter til ein fin spurt.


Eventuelle nyttårsforsett har enno ikkje slått inn, og det var berre 24 deltakarar som stilte i det tredje løpet i vinterkarusellen. Dei som stilte laurdag fekk ei nesten vårleg runde rundt løypa, medan fredagsgjengen fekk ei litt meir våt fornøying og dessutan ganske mørkt. Men det gjekk heilt greit, og no er det berre å køyre opp forma fram mot neste løp, som er planlagt første laurdag i vinterferien.

vinterkarusell_2016og17_loep3 (1).doc

Vinterkarusellen 2. løp

img_9291.jpg

Femte juledag, 29. desember gjekk andre løpet i vinterkarusellen, med bra deltaking i litt småruskete, men mildt vêr. 39 personar deltok denne gongen. Fyrebels resultat under.

vinterkarusell_2016og17_loep2.doc

Vinterkarusell 2016/2017 løp 1

PERSA: Tiril tok førebels berre tolv sekund av bestetida si, men vil nok komme enno lenger ned gjennom vinteren.

PERSA: Tiril tok førebels berre tolv sekund av bestetida si, men vil nok komme enno lenger ned gjennom vinteren.

31 deltakarar gjennomførte det første løpet i vinterkarusellen 2016/17. Ein tredel av dei kom frå sør om fylkesgrensa. Det er svært kjekt, og vi håper åheimarar og ikkje minst andre vanylvingar framover finn å ville slutte opp på same vis, anten ein ser det som ein formtest eller ein sosial luftetur. Vi minner også om trekning av gåvepremiar og at alle som har minst tre løp også er med på trekning av gåvekort på 500 kroner på sports- og fritidskle/ -utstyr.

Nedanfor ligg resultat frå løp 1. Der ligg også plakat for løpet og bilde. Elles finn du resultat og bilete frå tidlegare løp i margen til venstre under Friidrett - vinterkarusell. Neste løp truleg torsdag, fredag? i romjula.

karusellplakat2016_17.doc
vinterkarusell_2016og17_loep1.doc

Siste runde i karusellen 12. mars 2016

BEGGE VEGAR: Eigentleg var vi tenkt å gje tillegg i tida for Trond Hatlevik Borg med drahjelp, men er usikre på om det var eigentleg særleg hjelp.

BEGGE VEGAR: Eigentleg var vi tenkt å gje tillegg i tida for Trond Hatlevik Borg med drahjelp, men er usikre på om det var eigentleg særleg hjelp.

23 deltakarar fann vegen til avslutninga laurdag. Hilmar Kråkenes var denne gongen raskast og sette pers med tida 11.12, to sekund betre enn rekorden sin frå i fjor. Også Maria Borg pressa ned bestetida si med seks sekund og var raskaste kvinne.

Det var elles premiering for dei som hadde nok løp, og trekning av gåvepremiar, der Bente Sande kunne ta med seg den eine hovudpremien, ein tursekk frå Sparebanken Møre, medan Anders Bakkebø vann gåvekort på 500 kroner frå Selje Sport og Fritid.

Vinterkarusell løp 4, laurdag 13. februar

KLARE TIL START


KLARE TIL START

Laurdag stilte det 25 deltakarar. Førebels resultatliste under.
vinterkarusell_2015og16_loep4.doc

Vinterkarusellen løp 3, 23. januar

FREDRIK PUSTAR UT: Det er lov å vere sliten når du har tangert din eigen løyperekord.


FREDRIK PUSTAR UT: Det er lov å vere sliten når du har tangert din eigen løyperekord.

Laurdag gjkk tredje runde i karusellen, med brukbare løpsforhold. Einaste i starten var det blautt over skuleplassen, noko som gjorde at starten vart flytta opp på vegen ovom kunstgrasbana. Det gjorde kanskje at løypa vart nokre sekund kortare, men likevel svært sterkt av Fredrik Hovdevik å tangere sin eigen løyperekord. Fleire andre unge sette også personlege rekordar.

vinterkarusell_2015og16_loep3.doc


Vinterkarusell løp 2, 28. desember

img_5044.jpg

Trass i sykje som florerer i bygdene, møtte 39 små og store fram fjerde juledag og nytta høvet til ein tur rundt i bygda i fint vintervêr. Litt glatt underlag gjorde at dei fleste valde å ta det som ein god treningstur, men det var også dei som persa, som Tuva Borg, som betra bestetida si med nesten eitt minutt. Elles som vanleg ein del små gåvepremiar, og særleg nøgde var tre deltakarar frå Almenning, som kunne ta med seg to av øskjene med spekemòr frå Coop over fjellet att.


vinterkarusell_2015og16_loep2.doc


Vinterkarusell løp 1, 14.nov -15

SYNTE ATT: Denne gjengen vart trekte ut som vinnarar av blinkande refleksband som Sissel Kragset vik i Sparebanken Møre delte ut. Frå venstre: Tuva Borg, Kaja B. Bøstrand, Tiril Hasund, Jesper Endal Jepsen og Catrine Nygård.


SYNTE ATT: Denne gjengen vart trekte ut som vinnarar av blinkande refleksband som Sissel Kragset vik i Sparebanken Møre delte ut. Frå venstre: Tuva Borg, Kaja B. Bøstrand, Tiril Hasund, Jesper Endal Jepsen og Catrine Nygård.

37 deltakarar. Under ligg føreløpige tider.


vinterkarusell_2015og16_loep1.doc