ÅHEIM IDRETTSLAG 

Bli medlem

VINTERKARUSELLEN 2025/26

Laurdag 29. november prøver vi å drage i gang att vinterkarusellen. Dette er fem…

Kaldt, men kjekt på karusell

Tretten personar tok turen rundt i tredje runde av vinterkarusellen. Jon André imponerte både med kortbukse i fem minus og ikkje minst ved å true Fredrik sin sterke løyperekord. Med tida 10.29 var han berre fem sekund frå å slå den ti år gamle rekorden. No vårast det snart, og til neste løp håpar vi  fleire vil legge inn litt trening og stille opp på karusellen som ein motivasjon for å komme i endå betre form. I alle fall gir deltakarane utrrykk for at det er kjekt og sosialt å komme i lag og få opp pulsen med ei runde i bygda, og vi håpar enno fleire vil la seg inspirere til å verte med på dei to siste løpa. Under ligg foreløpige resultat og bilde. 

vinterkarusell 2025 og 26-loep3.doc

Ny runde i karusellen laurdag

Laurdag 14. februar går fjerde runde i vinterkarusellen. Start kl 15 frå Åheim…

Ny trakkemaskin

Måndag 5. januar vart det levert ny trakkemaskin til idrettslaget. Det har lenge vore…

VINTERKARUSELLEN 2025/2026

Løp 2, 27. desember Det stilte flotte 41 deltakarar på andre løpet i…

Vis alle artikler

Vinterkarusellen 2025/ 2026

LØP 1, 29.11 -25 Det stilte denne gongen 23 blide og kjekke deltakarar til start.

Velkommen til vår nye nettside!

Her vil vi informere om aktivitetar som skjer i dei ulike gruppene i  idrettslaget. Følg oss gjerne på facebook.

Årsmøte 2026

Årsmøte på Løvold. Alle medlemar hjarteleg velkomne! Innmelding av saker til styret innan 18. mars. Vel møtt!

Les mer

25 mar
Se alle arrangementer