Liv - for trettande gong.

Spreke karar, -og ei dame. Vinnarar i Nordfjordkarusellen 2004.

Spreke karar, -og ei dame. Vinnarar i Nordfjordkarusellen 2004.

Liv Berge vann laurdag 25/9 klassa si

på Nordstrandsløpet på Vereide. 35 løparar stilte til start, og Liv brukte i år 30,58 minutt på dei rundt 6,5 kilometerane. Også Jostein Visnes frå Almenning vann si klasse (60-64 år) med tida 26,38 minutt. Totalvinnar var ein gamal kjenning frå 1. mailøpet, Olav Holvik (45-49 år)frå Flatraket. Han fekk tida 22,34 minutt.

Dette var det siste løpet i Nordfjordkarusellen, og både Liv og Jostein vann si klasse samanlagt. For Liv, som spring i klassa 50-54 år, var dette den trettande seieren på rad samanlagt i denne karusellen. Imponerande gjort. Rett nok har ho dei fleste åra ikkje har hatt konkurrentar i si klasse, men dette forringar ikkje prestasjonen, heller tvert om. Det er tøft gjort å drive heilt åleine år etter år og kunne halde seg på eit så godt nivå utan særleg miljø å støtte seg på. Vi håpar ho finn motivasjon til både tretten nye og meir til.

Sykkel til Mingel.

(Foto: Sigve/Synste)

(Foto: Sigve/Synste)

Mingel Estrada fekk full klaff på sitt første friidrettstemne. Vel heime kunne han både hengje gullmedalje på veggen og setje ein sykkel i garasjen.

Det var under Høddsprinten laurdag 11.september at det slo til for Mingel. Først deltok han på 60 meter for 11-åringar. Her vann han med tida 9,4 sekund og kunne ta i mot gullmedalje for innsatsen. Men mot slutten av stemnet kom så det store, då to syklar frå G-sport skulle trekkjast mellom dei 107 deltakarane. Stor stas for vinnaren og mange misunnelege blikk då den eine av desse vart trekt ut på start nr 79, Mingel Estrada frå Åheim.

Stemnet viste elles at 1990 årgangen på Åheim er ein sprek årgang. Dei to 14-åringane som var på Ungdomsleikar helga før, var denne gongen heime. I staden deltok klassekameraten Karl-Martin Hellebust, og han vann like godt 60 meter i si klasse med den flotte tida 8,1 sekund.

Åheim stilte også lag på 1000 meter stafett (etapper på 100, 200, 300 og 400 meter). Etter forfall frå ein 13 og ein 14-åring, stilte dei to 11-åringane Martin Stahl og Ole-Jonny Westerås sporty opp i lag med Mingel og Karl-Martin. Alle fire gjorde gode løp på si etappe, men gjennomsnittsalderen vart litt lav i forhold til konkurrentane. Dei var likevel lenge med og kjempa om fjerdeplassen. Så med eit år til på seg, rikeleg med graut til middag og jamn trening gjennom vinteren, skal nok både Hareid og Hødd og andre få det tøft til neste år.

Flott innsats i Ungdomsleikane.

(Foto: Grete Bj. Mo)

(Foto: Grete Bj. Mo)

Dei tre deltakarane frå Vanylven som var med i dei regionale ungdomsleikane i friidrett for 13- og 14- åringar i Trondheim sist helg, leverte ein svært god innsats, med personlege rekordar og resultat opp i mot pers i fleire av øvingane dei var uttekne i. Når vi veit at det var dei beste ungdommane frå dei seks nordlegaste fylka som stilte til dyst i Trondheim, må det seiast å vere svært bra å komme attende med plasseringar stort sett frå andre til sjetteplass. Dette bidrog til at Møre og Romsdal nest best poengmessig av fylka, og og vårt fylke vann også den avsluttande stafetten, der Kjetil imponerte med ei flott opphenting av trønderlaga på si etappe.

Stadion låg idyllisk til ved Nidelva, og stemnet starta med innmarsj av deltakarane frå kvart fylke. Etter den offisielle opninga av varaordføraren i Trondheim, var det ballongslepp og alle deltakarane fekk ein nøklering med akkrediteringskort, så det var litt ”Athen-stemning” over det. I tillegg til mange konkurransar, fekk deltakarane også utfolde seg i det store badeanlegget ”Pirbadet” laurdag kveld. Alle frå kvart fylke hadde også T-skjorte i den same fargen med fylkesnamnet på. Dette var med å skape ei lagkjensle, og sosiale aktivitetar gjorde også at ein vart betre kjend med dei ein vanlegvis konkurrerer mot.

Resultatmessig ser vi at Kai-Robin plasserte seg best, med ein andreplass i slegge. Her vart det også dobbelt til Møre og Romsdal, då Kai-Are Kristiansen frå Ørsta vann øvinga. På 60 meter vart Kjetil nummer tre, og med sine folk på dei tre første plassane, dominerte Møre og Romsdal øvinga i denne klassa. Ole-Martin treng litt trening for å få sving på spydet i forhold til dei beste, men elles ser vi at han sit att med ein tredje-, ein fjerde-, og ein femteplass i kastøvingane, noko som må seiast å vere flott gjort i dette selskapet.

Når det gjeld prestasjonar, gjorde som vanleg Kjetil ein sterk 60 meter, Ole-Martin leverte både eit godt kuleresultat og var nær teten i diskos. Kai-Robin fekk sitt beste resultat i diskos, sjølv om plasseringa i slegge var betre. Ei fin oppleving å vere med på, syntest våre utøvarar. At dei i nokre øvingar ikkje nådde opp i sitt beste, har nok med det å bruke energien rett gjennom eit langt stemne, og kanskje med rett inntak av væske og næring å gjere. Også ei læringssak der eit slikt stemne er nyttig å ta med på vegen.

Heimreisa søndag var lang etter ei aktiv helg, men med totalt 40 medaljer i bagasjen og mange nye vener gjekk bussturen fint.

Resultat

G-13 Diskos (0,75kg)

1 Jon Berg Jørgensen Singsås IL26,96
3 Ole Martin Brudevoll Syvde IL25,02

G-13 Kule (3,0kg)

1 Christian Schulz Ibestad IL11,75
5 Ole Martin Brudevoll Syvde IL 10,22

G-14 600 m
1 Simen Berg Saksvik Ranheim IL1,33,15
2 Ørjan Engen Grimstad Hareid IL1,35,81
9 Kjetil Westerås Åheim IL1,40,64

G-14 Diskos (1,0kg)
1 Fredrik Dehli Hegdal Byåsen IL43,42
5 Kai Robin Hellebust Åheim IL30,21

G-14 Kule (4,0kg)

1 Fredrik Dehli Hegdal Byåsen IL13,39
2 Marius Moen Måndalen IL11,41
11 Kai Robin Hellebust Åheim IL8,46

G-13 Slegge (3,0kg/110cm)

1 Pål Kalstad Nidelv IL28,34
4 Ole Martin Brudevoll Syvde IL17,65

G-13 Spyd (400 gr)

9 Ole Martin Brudevoll Syvde IL22,33

G-14 60 m, finale Vind: +0.5

1 Marius Moen Måndalen IL7,61
2 Vegard Jenset Øyen Eide IL7,91
3 Kjetil Westerås Åheim IL7,92

G-14 Slegge (3,0kg/110cm)

1 Kai Are Kristiansen Ørsta IL32,79
2 Kai Robin Hellebust Åheim IL23,28

 

 


G-14 Spyd (600gr)

1 Torkel Bjørnbet Selsbakk IF36,14
2 Kai Are Kristiansen Ørsta IL35,82
5 Kai Robin Hellebust Åheim IL28,79

G-14 Tresteg

6 Kjetil Westerås Åheim IL9,56

Kjetil og Kai-Robin til Ungdomsleikane.

Ole-Martin (t.v bak) og Kai-Robin (t.h bak), saman med Kai-Are Kristiansen frå Ørsta, peikar på Kjetil som ligg klar i startblokka.

Ole-Martin (t.v bak) og Kai-Robin (t.h bak), saman med Kai-Are Kristiansen frå Ørsta, peikar på Kjetil som ligg klar i startblokka.

Kjetil Westerås og Kai-Robin Hellebust er begge uttekne på Møre og Romsdal sitt lag på dei regionale ungdomsleikane i Trondheim 4. og 5. september. Det er også Ole Martin Brudevoll frå Syvde.

Ungdomsleikane er det same som før heitte Donald-Duckleikane og seinare ei stund Telenorleikar. Det er ein konkurranse mellom 13- og 14-åringane i alle fylka i Norge. 700 av dei beste ungdommane i landet i desse aldersklassene skal til helga konkurrere på tre stader i landet. Dei frå Møre og Romsdal skal altså til Trondheim i lag med utøvarar frå trønderfylka og Nord-Norge. Samtidig foregår det slike leikar på Sandnes i Rogaland og på Nadderud. Den beste i kvar øving tel i ein lagkamp mellom fylka. Det er også individuell utrekning, og kvar region vil ha ein fylkesstafett som avslutning.

Til saman er det utteke 30 utøvarar frå Møre og Romsdal til desse leikane, 15 gutar og 15 jenter. Kjetil og Kai-Robin er mellom ni gutar som er uttekne i 14-årsklassa. Kjetil er utteken på 60 meter, 600 meter og tresteg, medan Kai-Robin skal delta i spyd, diskos, slegge og kule. Det same gjeld Ole-Martin i 13- årsklassa. Vi seier tvi-tvi og lykke til!

<< Tilbake

Liv og Gunnar i haustform.

Liv Berge i fint driv på Heiamila. (Foto: S. Nesbakk)

Liv Berge i fint driv på Heiamila. (Foto: S. Nesbakk)

Liv Berge og Gunnar Borg er som vanleg i bra form og aktive på konkurransar rundt om kring.

Liv deltek som vanleg i løpa i Nordfjordkarusellen og leiar klassa si samanlagt så langt. I august har ho delteke på Heiamila 11. august og Rundt Nor 18. august. På Heiamila vart tida nokre minutt bak fjoråret. Rundt Nor brukte ho 38 sekund meir enn i fjor, men var tre minutt føre tida i 2002 og berre eitt minutt bak tida frå 2001, så forma er nok ganske stabil.

Gunnar har også vore på farten, med Saudehornet rett opp 7. august, Rundt Nor 18. august og Fanaråken opp 21.august. På Saudehornet var han åtte minutt raskare enn i fjor og brukte 1.40.05, medan han på nyskapningen Fanaråken opp brukte 2.02.31.

RESULTAT HEIAMILA (ca 8,5 KM):

K 50-59:
1. LIV BERGE, ÅHEIM IL 43.51

M 30-39:
1. HELGE HAFSÅS, OLDEN IL 28.01
2. KÅRE SIGURD OS, EID IL 40.11

M 60-69:
1. JOSTEIN VISNES, ALMENNING IL 37.01


RUNDT NOR:

K 17-29 år:
1. Reidun Smørdal, Haugen IL 1.02.26

K 50-59 år:
1. Liv Berge, Åheim IL 1.09.54

M 60-69
1. Jostein Visnes, Almenningen IL 1.01.19
2. Gunnar Borg, Åheim IL 1.18.07

Turtagrø-Fanaråken : H 65-69år

1 Mundal Sjur, Fjærland IL 1:59:09
2 Borg Gunnar Lars, Åheim IL. 2:02:31

Kjetil i rakettfart i KM.

Etter nokre løp litt "under pari", kom Kjetil Westerås sterkt attende og sette personleg rekord på 60 meter under

Tida 7,84 sekund er 1/100 betre enn han klarte under G-sportleikane på Lillehammer.Fem andre lokale utøvarar stilte til start. Ole-Martin Brudevoll frå Syvde vart den største gull-grossisten med gull i kule og diskos. Elles sprang laget til Åheim ein fin stafett på 4x60 meter. At ingen andre lag i fylket ville by dei konkurranse, skal ikkje ta glansen av gullet, det fortel heller noko om at også innstillinga til gjengen frå Åheim står til førsteplass.

Resultat:
G-13 60m
3 Aahjem, Terje Åheim IL Friidrett 9,37
G-13 Kule 3,0kg
1 Brudevoll, Ole Martin Syvde IL Friidrett 8,88
2 Dahl, Øystein Valle Ekko/Eureosen IL Friidrett 8,66
3 Aahjem, Terje Åheim IL Friidrett 8,58
G-13 Lengde S.s. 50cm før planke
5 Aahjem, Runar Åheim IL Friidrett 4,10
G-14 60m
1 Westerås, Kjetil Åheim IL Friidrett 7,84
2 Øyen, Vegard Jenseth Eide IL Friidrett 8,00
3 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 8,29
G-14 Kule 3kg
2 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 9,98
G-14 Lengde S.s. 50cm før planke
5 Westerås, Kjetil Åheim IL Friidrett 4,41
J-13 60m
4 Thue, May-Brit Åheim IL Friidrett 9,61
G-13 Diskos 1,0kg
1 Brudevoll, Ole Martin Syvde IL Friidrett 21,86
G-13 Spyd 400gr
6 Brudevoll, Ole Martin Syvde IL Friidrett 19,19
G-13/14 Stafett 4x60 m
Åheim IL (Kai-Robin Hellebust, Terje Aahjem, Runar Aahjem Løvold, Kjetil Westerås) 33,40

Spreke vanylvingar i Ørsta.

Det var mykje som føregjekk i Ørsta helga 7.-8. august, med naturfestival, konsertar, småbåttreff, kjerringtorg, og elles mykje aktivitetar og mykje folk. For dei spreke var det både fjelløp og

Frå Vanylven stilte Geir Nordal og Gunnar Borg på ”Saudehornet rett opp.” Det er eit løp som startar i småbåthamna og hadde mål 1303 meter lenger over havet, på toppen av det flotte Saudehornet, rett over Ørsta sentrum. Begge forbetra tidene frå i fjor. Gunnar klarte åtte minutt betre og vart nr.1 i klasse 65-69 år med tida 1 time 40 minutt og 5 sekund. Geir Nordal forbetra seg med over 11 minutt og nådde toppen på 1.20.24. Dette ga tredjeplass i klasse 55-59 år. Vinnar av løpet i herreklassa vart ein kar som mange kjenner, mellom anna frå 1. mailøpet, Øyvind Sandbakk frå Ørsta (52.56 minutt).

Litt yngre sprekingar fann vi på friidrettsbana i sentrum. Her stilte mellom anna Ole-Martin Brudevoll frå Syvde (13 år) og Kai-Robin Hellebust og Kjetil Westerås (14 år) frå Åheim på dei årlege Ørstaleikane. Kjetil vann som vanleg 60 meter, denne gongen med tida 8,09 sekund. Kai-Robin vart nr.3 med tida 8,34. Kai-Robin gjorde det best med førsteplass og resultatet 9,45 meter i kule (4kg). Han har hatt fin framgang i spyd, og klarte no 31,94 meter som ga andreplass. Ole-Martin vann også kule i si klasse med 8,68 meter som resultat. Elles fekk alle tre prøve seg i slegge for første gong, og sjølv om dei har litt å lære frå dei som er på fjernsynet både med omsyn til teknikk og brøling etter kastet, var dette artig. Ole-Martin vann si klasse med 15,37 meter som resultat (3kg), medan kai-Robin vart nr 2. i si klasse med 21,56 meter (4kg) og Kjetil nr. 3 (16,87 meter).

Av andre resultat nemner vi at Kennet Bergesen denne gongen hadde 52,89 meter i spyd og vann klasse menn senior. Ragnhild Gillesdal frå Kjølsdalen vart nr.2 på 100 meter i kvinner junior med 13,35 sekund og vann lengde med resultatet 5,14 meter. Dette ville gitt ho 9. plass om ho hadde delteke og klart det same i senior-NM i helga.

Resultatliste 07.08.2004 Ørstaleikane

G-13 Kule (3,0kg)
Tyrving
1 33 Brudevoll, Ole Martin Syvde IL Friidrett 8,68 604
8,25 8,27 8,26 8,23 8,68 8,24
2 69 Brandal, Anders Egge Hareid IL FIG 7,70 487
7,70 7,25 7,07 7,56 6,69 6,64

G-13 Slegge (3,0kg/110cm)
Tyrving
1 33 Brudevoll, Ole Martin Syvde IL Friidrett 15,37 103
- - - - 15,37 10,56
G-14 60m
Vind: -0,1 Tyrving
1 59 Westerås, Kjetil Åheim IL Friidrett 8,09
2 1 Eide, Per Erik Hjelle Breimsbygda IL 8,16
3 61 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 8,34
4 70 Grimstad, Ørjan Engen Hareid IL FIG 8,60
Plassering Totalt
1 59 Westerås, Kjetil Åheim IL Friidrett 8,09
2 1 Eide, Per Erik Hjelle Breimsbygda IL 8,16
3 61 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 8,34
4 70 Grimstad, Ørjan Engen Hareid IL FIG 8,60
G-14 Kule (4,0kg)
Tyrving
1 61 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 9,45 676
8,55 9,45 8,52 8,58 8,41 8,65
2 46 Kristiansen, Kai Are Ørsta IL Friidrett 8,99 620
- 8,99 8,51 8,60 8,69 -
G-14 Lengde (S.s. 50cm før planke)
Tyrving
1 46 Kristiansen, Kai Are Ørsta IL Friidrett 5,12
+2,30 +2,20 +1,50 +0,70
- 5,12 5,00 - 4,93 4,93
2 70 Grimstad, Ørjan Engen Hareid IL FIG 5,09
+2,20 +1,30 +1,90 +1,40 +1,30 +0,60
4,97 4,93 4,90 5,06 4,93 5,09
3 1 Eide, Per Erik Hjelle Breimsbygda IL 5,05
+1,46 +1,80 +1,70 +1,40 +0,80 +1,50
4,47 4,88 4,77 4,99 5,05 4,56
4 59 Westerås, Kjetil Åheim IL Friidrett 4,62
+1,90 +2,02 +1,20 +1,30 +1,20 +1,50
2,87 4,36 4,49 4,62 4,49 2,66

G-14 Slegge (4,0kg/119,5cm)
Tyrving
1 46 Kristiansen, Kai Are Ørsta IL Friidrett 23,33 591
20,85 - 23,33 22,61 - 19,17
2 61 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 21,56 503
14,03 17,15 - - 21,56 -
3 59 Westerås, Kjetil Åheim IL Friidrett 16,87 268
- 16,87 - 14,45 13,52 15,72


J-16 1500m
Tyrving
1 42 Engeset, Kristine Eikrem Ørsta IL Friidrett 4.48,71

KJ 18-22 100m
Vind: -0,8 Tyrving
1 41 Myrold, Ida-Kristine Ørsta IL Friidrett 13,19
2 29 Gillesdal, Ragnhild Kjølsdalen IL 13,35
3 48 Kristiansen, Lene Ørsta IL Friidrett 13,67
4 78 Bigset, Jeanette Hareid IL FIG 13,78
5 79 Kaldhol, Malin Hareid IL FIG 13,93
6 47 Kristiansen, Anita Ørsta IL Friidrett 14,12
Plassering Totalt
1 29 Gillesdal, Ragnhild Kjølsdalen IL 13,35
2 48 Kristiansen, Lene Ørsta IL Friidrett 13,67
3 78 Bigset, Jeanette Hareid IL FIG 13,78
4 79 Kaldhol, Malin Hareid IL FIG 13,93
5 47 Kristiansen, Anita Ørsta IL Friidrett 14,12
KJ 18-22 100m hekk (10 stk./84,0 cm)
Vind: -0,6 Tyrving
1 47 Kristiansen, Anita Ørsta IL Friidrett 17,45
2 40 Mo, Tone Bjørdalsbakke Ørsta IL Friidrett 17,62
Plassering Totalt
1 47 Kristiansen, Anita Ørsta IL Friidrett 17,45
2 40 Mo, Tone Bjørdalsbakke Ørsta IL Friidrett 17,62
KJ 18-22 Lengde
Tyrving
1 29 Gillesdal, Ragnhild Kjølsdalen IL 5,14
+1,7 +1,8 +0,8 +0,4
4,97 4,82 - - 5,14 5,13
Plassering Totalt
1 29 Gillesdal, Ragnhild Kjølsdalen IL 5,14

MS Slegge (7,26kg/121,5 cm)
Tyrving
1 81 Sund, Rolf A. Ålesund FIK 30,25
- 30,25 - 29,52 - -
Plassering Totalt
1 81 Sund, Rolf A. Ålesund FIK 30,25
MS Spyd (800 gr.)
Tyrving
1 74 Bergersen, Kennet Hareid IL FIG 52,89
52,26 49,50 50,82 - 52,89 52,33
Plassering Totalt
1 74 Bergersen, Kennet Hareid IL FIG 52,89
MV 45-49 3000m
Tyrving
1 75 Elvanes, Odd Hareid IL FIG 10.29,80
Plassering Totalt
1 75 Elvanes, Odd Hareid IL FIG 10.29,80

 


Ørstaleikane 2004
Resultatliste 08.08.2004
Ørsta Stadion
G-13 Spyd (400gr)
Tyrving
1 69 Brandal, Anders Egge Hareid IL FIG 26,21 428
23,19 26,21 24,64 22,28 D 23,19
2 33 Brudevoll, Ole Martin Syvde IL Friidrett 22,38 275
22,38 D 21,63 20,53 19,36 18,63
Plassering Totalt
1 69 Brandal, Anders Egge Hareid IL FIG 26,21
2 33 Brudevoll, Ole Martin Syvde IL Friidrett 22,38
G-14 600m
Tyrving
1 59 Westerås, Kjetil Åheim IL Friidrett 1.43,98 699
2 61 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 1.45,91
Plassering Totalt
1 59 Westerås, Kjetil Åheim IL Friidrett 1.43,98
2 61 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 1.45,91
G-14 80m hekk (8 stk./76,2 cm)
Vind: -1,2 Tyrving
1 1 Eide, Per Erik Hjelle Breimsbygda IL 13,66 737
2 46 Kristiansen, Kai Are Ørsta IL Friidrett 16,08
Plassering Totalt
1 1 Eide, Per Erik Hjelle Breimsbygda IL 13,66
2 46 Kristiansen, Kai Are Ørsta IL Friidrett 16,08
G-14 Høyde
Tyrving
1 70 Grimstad, Ørjan Engen Hareid IL FIG 1,48 832
1,30 1,35 1,40 1,48 1,52
O O O XO XXX
Plassering Totalt
1 70 Grimstad, Ørjan Engen Hareid IL FIG 1,48
G-14 Spyd (600gr)
Tyrving
1 46 Kristiansen, Kai Are Ørsta IL Friidrett 35,36 758
31,84 35,36 30,26 33,80 32,18 35,09
2 61 Hellebust, Kai-Robin Åheim IL Friidrett 31,94 621
30,04 29,94 25,69 31,94 29,13 27,39
3 1 Eide, Per Erik Hjelle Breimsbygda IL 31,13 589
27,84 30,51 26,80 26,49 29,77 31,13

Gode prestasjonar på Dimnaleikane.

Sju utøvarar frå Åheim var laurdag 21. august med på Dimnaleikane.

- Trass i veret fekk vi fleire gode resultat på stemnet. Men regnet og vinden gjorde at kanskje dei aller beste resultata uteblei, oppsummerer Arve Hatløy i Dimna IL.

Rundt 130 deltok i Dimnaleikane, som er eit årleg friidrettsstemne arrangert av Dimna IL. Stemnet har tradisjonar tilbake til 1970-talet. I år vart det arrangert i skikkeleg ruskever.

Det beste resultatet i stemnet stod 12-åringen Karoline Vattøy Larsen for. Ho hoppa 4,54 i lengde. 16-åringen Mirjam Knutsen gjorde det også skarpt i lengde, med 5,05. Men i dette hoppet hadde ho for sterk medvind. Beste godkjende hopp vart difor på 4,94. Begge er med i Dimna IL.
- For tida har vi ei stor og god gruppe, som er samansveisa og markerer seg i alle stemne, både lokalt og nasjonalt, seier Hatløy.
Dimna IL har rundt 40 aktive i gruppa.

- Vi har aktive frå heile kommunen, og også nokre frå Myrvåg og Leikong. Bakgrunnen for dette er vel at vi har fått eit godt miljø, og gode resultat. Sist helg tok fire jenter frå Dimna IL 4.-plassen i Ungdoms-NM i 1000 meter stafett, fortel Hatløy.

Han er nøgd både med resultata i gruppa og arrangementet laurdag.
- Vi hadde godt med funksjonærar, og alt gjekk på skinner, seier han.

For Åheim sin del må vi berre underskrive på eit godt arrangement. Dimna er ein klubb som driv godt og tar idretten på alvor. Vi har opplevd at det ikkje er tilfelle over alt når det gjeld arrangement. Personleg vil eg også gje ein honnør til Åheimforeldra som i år har vore flinke til å køyre og følgje ungane sine på stemne, og som denne gongen sat i vinterklede og vart kalde i rumpa (og meir til).

For vår del gjorde som vanleg Kjetil og Kai-Robin det sterkt, med 8,03 og 8,16 på 60 meter i motvind og regn. Også Runar var godt nøgd med 4,25 meter og pers i lengde. her var det rett nok medvind. Og så var Alexander tilbake med bra resultat både i kule og lengde etter å ha hatt litt kneplager før i år. Elles prøvde Patrick og Sondre seg på stemne og gjorde det fint. Patrick er rett nok "veteran" etter å ha vore med også på Byrkjelo tidlegare i år, men kanskje ser vi her starten på to lange og gode friidrettskarrierer i Åheim IL?

Resultat:

60 meter.

Gutar 7 år:
Nr 4: Sondre Aahjem Løvold 13,60
Gutar 8 år:
Nr 4: Patrick Hellebust 12,06
Gutar 13 år:
Nr 2: Terje Aahjem 9,23
Nr 4: Runar Aahjem Løvold 9,60
Gutar 14 år:
Nr 1: Kjetil Westerås 8,09
Nr 2: Kai-Robin Hellebust 8,16

Lengde.
Gutar 7 år:
Nr 5: Sondre Aahjem Løvold 2,00 m
Gutar 8 år:
Nr 5: Patrick Hellebust 2,42 m
Gutar 12 år:
Nr 5: Alexander Hovdevik 3,55 m
Gutar 13 år:
Nr 1: Runar Aahjem Løvold 4,25 m

Kule.
Gutar 12 år: (3 kg)
Nr 3: Alexander Hovdevik 7,80 m
Gutar 13 år: (3 kg)
Nr 1: Ole Martin Brudevoll 8,74 m
Nr 2: Terje Aahjem 8,40 m
Gutar 14 år: (4 kg)
Nr 1: Kai-Robin Hellebust 9,28 m

800 meter.
Gutar 14 år:
Nr 1: Kjetil Westerås 2.32,37
Nr 2: Kai-Robin Hellebust 2.33,45

Gode resultat også 2. dag på Lillehammer.

(Foto: Kjell Brenne/Synste)

(Foto: Kjell Brenne/Synste)

Kjetil og Kai-Robin gjorde fine løp også søndag på Lillehammer. Kai persa med 2,32.27 på 800 meter. I det sterke selskapet ga dette "berre" 27. plass, men når ein konkurrerer mot dei beste frå heile landet, er dette flott gjort. Kjetil hadde fjerde beste tida i kvalifiseringa på 100 meter. I finalen vart det 6. plass med tida 12,40 sekund. Ei kjekk oppleving for både deltakarar og foreldre vert det rapportert. kanskje noko å satse mot for fleire til neste år ?


Kjetil nr. 4 på Lillehammer

Kjetil Westerås vart nr 4 under G-sportleikane på Lillehammer. Godt løp også av Kai-Robin.

Kjetil Westerås (14) er i storform og vart nr. 4 på 60 meter under G-sportleikane på Lillehammer laurdag 26/6. På dette stemnet stiller snart 1500 av dei beste ungdommane i landet, og i 14-årsklassa var det 48 deltakarar på 60 meter. Kjetil sprang på 7,9 sekund og vann sitt innleiingsheat. Han kom dermed til A-finale der han vart nr 4 med den sterke tida 7,85 sekund, sjølv med ein dårleg start. Vinnarane hadde 7,58 sekund.

Kai-Robin Hellebust (14) sprang på 8,38 i innleiingsheatet. Også det ei sterk tid, som ga han 20. plass i denne klassa. Nokre hundredelar betre hadde gitt han plass i C-finalen. På søndag ventar 100 meter og lengde for Kjetil, og 800 meter og lengde for Kai.

Kjetil imponerte i Hornindal

Kjetil Andre Westerås (14) med 7,7 i Hornindal. (Foto: Reidun Aa. Løvold)

Kjetil Andre Westerås (14) med 7,7 i Hornindal. (Foto: Reidun Aa. Løvold)

Surt og kaldt ver og ein del rot frå arrangørane si side prega friidrettsstemnet i Hornindal søndag 06.06. Utøvarane frå Åheim leverte likevel mange fine resultat.

Mest imponerte igjen lynraske Kjetil Andre Westerås med 7,7 sekund i forsøket på 60 meter og 7,8 i finalen. Også ei bra tid på 800 meter der han vart nr 2 med 2.29,4 minutt. Kai Robin Hellebust leverte også ei god tid med 8,3 sekund i forsøket på 60 meter og vart nr 5 i finalen.

Av andre resultat ser vi at Torgeir Skorge Aasen (12) gjorde det godt i lengde med 3,80 meter (nr5) og vart også nr 2 i høgde med 1,20 meter. I 13-årsklassa er Runar Aahjem Løvold no stabil over 4 meter (4,09 - 3.pl) og har stadig framgang, medan Terje Aahjem var best på 60 meter og vart nr 2 med 8,9 sekund. Runar vart her nr 3 med same tid.

Av jentene var Ine Flister (12) med, og viser seg stadig som eit høgdetalent, sjølv om ho denne gongen måtte nøye seg med 1,15 meter og andre plass.

Med tanke på det kalde veret og at dette var det første utandørsstemnet, ser det lyst ut framover i sesongen. Alt til helga ventar vi framgang, spesielt av Kai-Robin og Kjetil under Førdeleikane.

Resultat 1.mai 2004

Biletet viser Kristian Nedregård, IK Tjalve(start nr3)og Øyvind Sandbakk, Ørsta (start nr5)

Biletet viser Kristian Nedregård, IK Tjalve(start nr3)og Øyvind Sandbakk, Ørsta (start nr5)

Dagens beste tid og ny løyperekord fekk Kristian Nedregård, Tjalve, tid 9,48! Vi gratulerer med første napp i vandrepokalen, og ønsker velkomen tilbake neste år!!!

PL. NAMN TID
MENN SENIOR:
21-34 År (1983-1970)
1 Kristian Nedregård, IK Tjalve 9,48
2 Øyvind Sandbakk, Ørsta 10,23
3 Bård Inge Bø, Bergsøy 10,59
4 Stig Rune Maurstad, Bryggja 12,15

35- 39 År (1969-1965)
1 Svein Oskar Nedregård, Gular 10,42
2 Asgeir Hasund, Åheim 12,01
3 Odd Harald Heggen, Heggjabygda 13,42
4 Lars Drage, Åheim 14,14
5 Asgeir Bakke, Haugen 15,04

45-49 År (1959-1955)
1 Jarle Myklebust, Bjørke 11,40
2 Roger Kvalsvik, Bergsøy 12,25

50-54 År (1954-1950)
1 Ragnar Furnes, Skavøypoll 12,16
2 Inge Asbjørn Haugen, Hornindal 13,29
3 Idar Berget, Åheim 13,34

55-59 År (1949-1945)
1 Thorvald Jacobsen, Aksla 12,51
2 Per Storøy, Bergsøy 13,43
3 Geir Nordal, Syvde 14,21

60-64 År (1944-1940)
1 Sigmund Julshamn, Fræna 12,21
2 Jostein Visnes, Almenning 14,03
3 Svein Vik, Syvde 15,18
4 Otto Drage, Åheim 15,55
5 Magnor Myklebust, Stårheim 15,57

65-69 År (1939-1935)
1 Gunnar Borg , Åheim 16,35
2 Magne Evensen, Fiskå 16,50

KVINNER SENIOR
21-34 År (1983-1970)
1 Reidun Smørdal, Haugen 12,30
2 Bodil Ryste, Hovdebygda/Strindheim 12,35
3 Hildegunn Dalsbø, Stadlandet 12,50

50-54 År (1954-1950)
1 Liv Berge, Åheim 16,08

MENN JUNIOR:
19-20 År (1985-1984)
1 Odd Magne Liaskar, Ørsta 10,41

JENTER 15 År (1989):
1 Tone Hellebust, Åheim 5,14
2 Karoline Myklebust, Bjørke 6,27

GUTAR 18 År (1986):
1 Endre Risøy, Haugen 4,27

GUTAR 17 År (1987):
1 Arve Nedreberg, Bergsøy 4,26

GUTAR 16 År (1988):
1 Jan Martin Smørdal, Haugen 4,22
2 Elling Flister, Åheim 4,31
3 Stian Øye, Hovdebygda 4,36
4 Jo Inge Skålbones, Haugen 4,38

GUTAR 15 År (1989):
1 Kent Ove Kragset Sylte, Åheim 4,37
2 Jonas Duestøl, Åheim 4,48
3 Håvard Aahjem Løvold, Åheim 5,13
4 Alf Kristian Berget, Åheim 5,19

JENTER 14 År (1990):
1 Malin Beate Bakke, Haugen 2,27
2 Pia Wickstrøm Hide, Bergsøy 2,28
3 Anne Marte Årvik, Stadlandet 2,34
4 Miriam Kvalsvik, Bergsøy 2,41

GUTAR 14 År (1990):
1 Kjetil Westerås, Åheim 2,08
2 Kai Robin Hellebust, Åheim 2,14
2 Mons Arne Gillesdal, Kjølsdalen 2,14

JENTER 13 År (1991):
1 Linn Katrin Bakke , Haugen 2,20
2 May Brit Thue, Åheim 2,36
3 Marianne Breiteig Bakke, Haugen 2,37
4 Ida Kristin Skålbones, Haugen 2,40
5 Hildegunn Remme, Haugen 2,42
6 Ann Merete Risøy, Haugen 2,45
7 Marita Bakkebø, Stadlandet 2,47
8 Anette B. Holte, Åheim 2,49

GUTAR 13 År (1991):
1 Kjetil Remme, Stårheim 2,20
2 Håvard Myklebust, Bjørke 2,26
3 Runar Aahjem Løvold, Åheim 2,29
4 Terje Aahjem, Åheim 2,33
5 Kai Sindre Moldestad, Selje 2,33
6 Tony Hjertenes, Selje 2,34
7 Ruben Aahjem Løvold, Åheim 2,38

JENTER 12 ÅR (1992):
1 Ine Helen Flister, Åheim 2,45
2 Anne Marit Eide, Kjølsdalen 2,45
3 Siri Honningsvåg, Stadlandet 2,52
4 Ida Karita Karlsen, Åheim 2,56
5 Rita Lunde, Kjølsdalen 3,01

GUTAR 12 ÅR (1992):
1 Tony Lotsberg, Stårheim 2,22
2 Eivind Daniel Røed, Stårheim 2,24
3 Andreas Foldal, Ørsta 2,29
4 Svein Tore Hovlid, Stadlandet 2,31
5 Martin Gilleshammer, Kjølsdalen 2,32
6 Torgeir Skorge Aasen, Åheim 2,34
6 Thomas S. Løvold, Bergen 2,34
8 Jørn Tore Kragset, Åheim 2,38
9 Joachim Refvik, Selje 2,42
10 Robin Bergseth Vågeskar, Hødd 2,43
11 Martin Horn, Hødd 2,44
12 Marius Duestøl, Åheim 2,46
13 Espen Flo Bødal, Stårheim 2,47
14 Alexander Hovdevik, Åheim 2,50
15 Erlend Løvold, Åheim 2,51

JENTER 11 ÅR (1993):
1 Kristin Stave, Stadlandet 2,34
2 Kristin Haddal, Hødd 2,44
3 Merete Heggen, Heggjabygda 2,50
4 Maria Dalsbø, Stårheim 2,55
5 Linda Breiteig Bakke, Haugen 3,20
6 Janne Strømmen, Haugen 3,39
7 Mette Lise Bakke, Haugen 5,02


GUTAR 11 ÅR (1993):
1 Kristoffer Sætrenes, Hødd 2,27
2 Christian Thue, Åheim 2,29
3 Mingel Estrada, Åheim 2,34
4 Eivind Risøy, Haugen 2,38
5 Ole Johnny Westerås, Åheim 2,39
6 Stian Remme, Stårheim 2,43
7 Adrian Lyngver, Åheim 2,55
8 Kevin H. Hjertenes, Selje 2,56

Rekruttklassene spring ikkje på tid, lista er sortert alfabetisk.

JENTER REKRUTT
HEAT NR 1. (10 ÅR / 1994):
Heidi Flo Bødal, Stårheim
May Kristin Ekremsæter, Åheim
Sandra Ervik, Stadlandet
Silje Sjåstad Lid, Hovdebygda
Dorthea Moen, Fiskå
Henrikke Nørve, Fiskå
Marita Bergseth Vågeskar, Hødd

HEAT NR 2. (9 ÅR/1995):
Madelen Bakkebø, Stadlandet
Ulrikke Løvold Hellebust, Åheim
Elisabeth Myklebust Hide, Bergsøy
Kitt Helen Aasen Hole, Åheim
Veronica Bakkebø Jensen, Åheim
Elisabeth Kvalsvik, Bergsøy
Emilie Strømmen, Haugen
Ingvild Øye, Hovdebygda

HEAT NR. 3. ( 8 ÅR/ 1996):
Aina Sofie Bakke, Haugen
Silje Breiteig Bakke , Haugen
Celine Endal, Åheim
Dothea Hermansen, Åheim
Rikke Wickstrøm Hide, Bergsøy
Tina Honningsvåg, Stadlandet
Stine Lise Sundal, Kjølsdalen
Miriam Slagnes Takseth, Åheim
Ellen N. Aahjem, Åheim
Judi Leonora Aahjem, Åheim

HEAT NR. 4. (7 ÅR/ 1997 )
Mona Anette Bakke, Haugen
Anne-Grete Gilleshammer, Kjølsdalen
Vilde Hasund, Åheim
Tone Lise Hellebust, Åheim
Ane Linett Karlsen, Åheim
Lise Marlen Kragset, Åheim
Astrid Eline Sande, Åheim
Malin Stave, Stadlandet
Silje Terese Venøy, Åheim

HEAT NR.5. (6 ÅR og Yngre/1998
Anne Marie Bakkebø, Åheim
Elisa Bakkebø, Åheim
Hanne Bakkebø, Åheim
Kaisa Emilie Beitveit, Åheim
Thea Sofie Beitveit, Åheim
Inger Lise Breiteig, Syvde
Charlotte Brobakke, Åheim
Amalie Berge Bøstrand, Åheim
Amalie Flister, Åheim
Live Halse, Åheim
Andrine Heggen, Heggjabygda
Rebekka B. Holthe, Åheim
Elisabeth Hovdevik, Åheim
Anna Humborstad, Kjølsdalen
Elise Rakvåg Kriken, Åheim
Aina Nystøyl, Åheim
Lillian Svastuen, Åheim
Malin Svastuen, Åheim
Karianne Thue, Åheim
Tonje Kristin Westerås, Åheim
Anna N. Aahjem, Åheim

GUTAR REKRUTT.
HEAT NR. 1 (10 ÅR /1994):
Odd Erik Bakkebø, Åheim
Kristoffer Berge, Åheim
Ivan Marius Berget, Åheim
Magne Brobakke, Åheim
Henrik Ekremsæter, Åheim
Sondre Hasund, Åheim
Adrian Hatlenes, Åheim
Sigur Per Hellebust, Åheim
Lars Herman Hermansen, Åheim
Daniel Lotsberg, Stårheim
Jan Bernard Moen, Fiskå
Sander Stahl, Åheim
Karl Martin Svastuen, Åheim
Jørgen Sætrenes, Hødd
Lars N. Aahjem, Åheim

HEAT NR. 2. ( 9 ÅR/1995):
Alfred Bakkebø, Åheim
Isak Flo Bødal, Stårheim
Per Arne Ekremsæter, Åheim
Jan Olav Humborstad, Kjølsdalen
Andreas Osnes Kriken, Åheim
Preben Lyngver, Åheim
Knut Olav Øvregård Thue, Åheim
Svein-Ove Westerås, Åheim
Sverre Årsnes, Åheim

HEAT NR. 3 ( 8 ÅR /1996):

Mats Ole Bakke, Haugen
Magnus Gilleshammer, Kjølsdalen
Daniel Rønnestad Hellebust,Åheim
Patrick Hellebust, Åheim
Andreas Leite, Stårheim
Victor Stahl, Åheim
Runar Stranden, Åheim
Eirik Thue, Åheim
Stian Bergseth Vågeskar, Hødd

HEAT NR. 4. ( 7 ÅR /1997):
Kevin Andre Beitveit, Åheim
Are Berstad, Selje
Erlend Hagen, Åheim
Håvard Hasund, Volda
Asbjørn Bakkebø Jensen, Åheim
Lasse Lillebø Lien, Haugen
Egil S. Løvold, Bergen
Erlend Nystøyl, Åheim
Henrik Stahl, Åheim
Håvard Andre Svastuen, Åheim
Erlend Thue, Åheim
Sindre Thue, Åheim
Robin Vedvik, Åheim
Olai Viken, Åheim

HEAT NR. 5. (6 ÅR/1998):
Markus Rene Beitveit, Åheim
Eirik Breiteig, Syvde
Kjetil Halse, Åheim
Daniel Rakvåg Kriken, Åheim
Tomas Lillerovde, Åheim
Jon Rasmus Lunde, Kjølsdalen
Sondre Aahjem Løvold, Åheim
Johannes Rekkedal, Åheim
Artur Sundal, Kjølsdalen
Torgeir Sætrenes, Åheim

HEAT NR. 6. ( 5 ÅR / 1999 OG YNGRE.
Ådne Hagen, Åheim
Magnus Hasund, Volda
Victor R. Hellebust, Åheim
Fredrik Hovdevik, Åheim
Jonas Stensaa Kriken, Måløy
Kristian Lillerovde, Åheim
Olav Andreas Sande, Åheim
Eirik Stave, Stadlandet
Håkon Stranden, Åheim
Joakim Svastuen, Åheim
Jakob Sætrenes, Hødd
Karl-Martin Landsverk Taklo, Syvde
Ørjan Westerås, Åheim

TERRENGLØP PÅ HAUANE 21. APRIL

Heile gjengen i skarp motsol. Fotograf Asgeir.

Heile gjengen i skarp motsol. Fotograf Asgeir.

Åheim IL stilte med ei god tropp då det årlege terrengløpet på Hauane gjekk onsdag kveld. I det nydelege vårveret hadde også ein bra flokk med foreldre teke turen.

Løpsmessig viste igjen 11-åringen Christian Thue flotte takter då han la inn ein langspurt og slo alle, både i klasse 11 og 12 år. Nr. to i feltet og best i klasse 12 år, vart Torgeir Skorge Aasen. Elles ser vi det er mange fine prestasjonar av våre, og særleg synest vi det er flott med dei to femtenåringane som stilte opp. Og ikkje minst då Tone Hellebust. Jenter over 13 år som er tøffe og sporty nok til å stille opp, har vi ikkje hatt på nokre år.

Her er resultata:
Gutar 11år:
1. Christian Thue Åheim 2.44
2. Eivind Risøy Haugen 2.47
3. Sondre Hasund Åheim 3.01
4. Stian Remme Stårheim 3.02
5. Vebjørn Hjelle Heia 3.03
6. Isak Flo Bødal Stårheim 3.08

Jenter 12år:
1. Anne Marit Eide Kjølsdalen 3.03
2. Ine Flister Åheim 3.15
3. Ida Karita Karlsen Åheim 3.23
4. Rita Lunde Kjølsdalen 3.33

Gutar 12år:
1. Torgeir Skorge Aasen Åheim 2.46
2. Alexander Hovdevik Åheim 3.00
3. Erlend Løvold Åheim 3.04
4. Espen Flo Bødal Stårheim 3.07


900m
Jenter 13år:
1. Mari Seim Fj/V 4.47
2. Linn Kathrin Bakke Haugen 5.04
3. Ann-Merete Risøy Haugen 5.28
4. Hildegunn Remme Haugen 5.34
5. Ida Kristin Skolbones Haugen 5.37

Gutar 13år:
1. Kjetil Remme Stårheim 4.38
2. Bjørnar Alme Fj/V 4.40
3. Runar Åhjem Løvold Åheim 5.19
4. Kristian Os Eid 5.51
5. Robin Haugland Haugen 5.52

Jenter 14år:
1. Sigrid Hjelle Heia 5.05

Gutar 14år:
1. Mathias Kullsveen Eid 4.15
2. Kjetil Westerås Åheim 4.35
3. Kai Robin Hellebust Åheim 4.51


2000m
Jenter 15år:
1. Ida Seim Fj/V 9.08
2. Tone Hellebust Åheim 9.27

Gutar 15år:
1. Vidar Nyhammer Fj/V 7.37
2. Jonas Duestøl Åheim 8.16

Gutar 17-18år:
1. Bjørn-Kristian Risøy Haugen 7.59
2. Endre Risøy Haugen 8.00
3. Brede Seim Fj/V 8.07
4. Vegard Løken Stårheim 9.05

K Jr.
1. Reidun Smørdal Haugen 8.34

M 35-39
1. Asgeir Hasund Åheim 8.25
2. Kåre Os Eid 8.29
3. Asgeir Bakke Haugen 9.25

M 40-44
1. Audar Kullsveen Eid 8.56

M 60-64
1. Magnor Myklebust Stårheim 11.12