Kjekk smak av vinter
Om det baud på ein del andre bryderi, som snømåking og anna, baud sist veke på gode vintertilhøve som mange nytta seg av. Flott at skulen kasta seg rundt og var aktiv i snøen og løypene rundt hallen. Elles kjekt å sjå at mange fann vegen på kveldstid. Finaste dagen var torsdag 21. januar -16, då vi utpå kvelden fann truleg eit godt tjuetals personar på ski rundt i løypene, sjølv om det denne dagen også var teke initiativ til ein fellestur til Harpefossen i privat regi.
Fredag var om lag det doble samla til trimgruppa sin utekveld, der fleire også nytta ski, sjølv om mildvêret no var åt og slo inn.
NAUT SKIFØRET: Øyvind Bakke, hunden Sally og jentene Sunniva og Henny Lovise var medllom fleire som hadde ein fin tur i løypa torsdag.
Kjempekveld i løypa
Det vart ein flott kveld på Duestøylen torsdag (26/1 2012), med fint ver, god temperatur og gode forhold. 12-13 personar møtte opp og koste seg med bål og pølser i tillegg til renning og gåing, og dei siste heldt på til nærare klokka 21. På grunn av at ein del var opptekne med musikalen, satsar vi også i morgon på å ha eit liknande opplegg, der folk kan kome fram og ha det triveleg, og håpar det ikkje vert vind som gjer det vanskeleg med bål.
I tre torsdagar framover (26/1, 2/2 og 9/2), har vi altså invitert til uformell samling i lysløypa på Duestøylen mellom 18.30-19.30.
Ni vaksne og ni yngre tok turen i tildels frisk kuling første torsdagen. Det gav fin medvind i ryggen attende etter snuing og raudleitte kinn. Fleire gjekk både to og tre runder i storløypa, og sjølv minstemann, Matias Sande, tok ei heil runde.
Torsdag 2. februar hadde heile femten born og seks vaksne funne vegen og hadde ein fin kveld trass i litt klabbeføre. (For alle, også som førebuing til skisesongen vidare: Det hjelp å spraye silikon under fiskebeinmønsteret på smørjefrie ski.)
BÅLKOS: Pølser, saft og marshmellows smakte godt inni mellom aktiviteten.
Vanylvsrenn 2011
Det stilte 34 deltakarar i Vanylvsrennet med flotte forhold på Hellebust søndag (20.2.11). Takk til alle funksjonærane som hjelpte til. Under ligg resultat og bilde, foto: Kjell Brenne