Vanylvsrenn Hellebust 7. februar 2021
Her følgjer resultat. Det var i alt 59 deltakarar, 34 av dei på tid.
MED SOLBRILLER PÅ: Nokre fann til og med fram solbrillene. Filip Ekremsæter og mor Ann-Iren legg ut frå start.
Vanylvsrenn 7.02.-21 dei minste
Vanylvsrenn 7.02.-21
Kjekt skirenn på Hellebust
Femti sprekingar i ulike alder og på ulike nivå stilte til start i vanylvsrennet søndag (10.2 -19).
Det var som vanleg fin innsats over heile fjøla, frå dei yngste til dei litt eldre. Kjekt at det framleis er ein del ungdomar som stiller opp, og honnør til dei vaksne som vert med, anten det er i trimklasse eller på tid. Nedanfor ligg ei resultatliste, men det må nemnast at tidene i ungdomsklassene ikkje er så samanliknbare, då det var opna for at dei som ville kunne skøyte og gjorde det.
DEI YNGSTE: Theo Leander legg i veg og Andrine er klar bak hos startar Asgeir Hasund.
vanylvsrenn_2019_resultat_off.doc
Kjekt på Duestøylen
Det vart ein koseleg dag med skirenn på Duestøylen søndag 4. februar 2018. Det gjorde ikkje minst positive deltakarar og frammøtte til. Vi skulle sjølvsagt ønskt litt fleire, men det får også mykje forkjøling rundt om ta litt skuld for.
Så vert det gjerne underteikna (OMK) som er mest synleg og får merksemd, slik at eg vil gjerne få minne om at dette er eit initiativ frå heile skigruppa og særleg takke for innsatsen med løypekøyring og tillaging med løypesjef Idar i spissen. Takk også til funksjonærar og kiosk som gjorde ein fin innsats.