Vedtekter Åheim IL

Et bilde som inneholder tekst, line, Font, symbolAutomatisk generert beskrivelse

 

Åheim idrettslag vart stifta 1. mars 1942. Lover for Åheim idrettslag vart vedteke 19. november 1989, med endring 18. februar 2004, 1. mars 2011, 29. februar 2012, og 29. februar 2016. Lovene vart endra til vedtekter, og alle paragrafar fornya og modernisert 26. mars 2025. Det er teke med nye visningar til NIF si lov i høve kjønnsfordeling og likeverd.

 

§ 1 Føremål

Laget har som føremål å fremje idrett i sunne former, gjennom samarbeid og kameratskap. Arbeidet skal vere prega av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd, jf. NIF si lov § 1-2.

 

§ 2 Tilknyting

Laget er medlem av Norges Idrettsforbund gjennom Møre og Romsdal Idrettskrets. Laget er tilslutta dei særforbund som årsmøtet vel ein skal vere medlem av. Laget er medlem av Vanylven idrettsråd.

 

§ 3 Medlemskap

Kvar og ein som innordnar seg laget og overordna idrettsmynde sine lover og vedtekter, kan takast opp som medlem. Ein kan bli medlem ved å registrere seg på minidrett.no eller via idrettslaget si nettside.

Ein søkjar kan ikkje takast opp utan at pliktene til andre idrettslag er ordna, jf. NIF lov §39. Medlemskap i laget er først gyldig og reknast frå den dag kontingenten er betalt. For å ha røysterett må eit medlem ha fylt 15 år, og ha vore tilslutta laget i minst ein månad og ha sitt forhold til laget i orden. Eitkvart medlem pliktar å overhalde Norges Idrettsforbund med organisasjonsledd, samt laget sine vedtekter og reglar. For straffesaker gjeld NIF sine «Straffebestemmelser om foregåelser».

Idrettslaget pliktar å registrere opplysningar i idretten sitt medlems- og organisasjonsregister.

 

§ 4 Kontingent

Kontingenten skal betalast forskotsvis og seinast innan 1.februar. Storleiken blir fastsett av årsmøtet, for det komande året. Ein reknast som vaksen medlem det året ein fyller 16 år. Barn betalar ein lågare kontingent. Medlemar som skuldar kontingent for meir enn eitt år, mistar sine rettar og kan av styret strykast av laget. Strykast eit medlem, kan det ikkje takast opp igjen før skuldig kontingent og indre ansvar er ordna. Styret har høve til å setje ned eller fråfalle kontingent ved sjukdom, arbeidsløyse, militærteneste eller av andre gyldige grunnar.

 

§ 5 Årsmøtet 

Laget si høgaste mynde er årsmøtet, som vert halde kvart år. Rekneskapsåret skal fylgje kalenderåret, og årsmøtet skal haldast før utgangen av mars månad. Styret skal kalle inn til årsmøte, med minst fire veker varsel, direkte til medlemane på Åheim IL si nettside eller ved kunngjering i lokalavisa. Saker som medlemane vil ha opp på årsmøtet, må vere styret i hende minst ei veke før årsmøtet.

 

§ 6 Innhald på årsmøtet

Årsmøtet er vedtaksfør med dei røysteføre medlemar som møter. I alle saker skal vedtaka, for å vere gyldige, vere fatta med fleirtal av dei gjevne røyster, når ikkje anna er bestemt i lova. Dei vedtak som vert gjennomført må vere i samsvar med overordna idrettsorganisasjonar sine lover og reglar. 

Årsmøtet skal:

  1. Velje ordstyrar + to medlemar til å skrive under møteboka.
  2. Godkjenne saklista.
  3. Handsame årsmelding og revidert rekneskap.
  4. Handsame innkomne forslag og saker.
  5. Fastsetje kontingentar.
  6. Presentere arbeidsprogram og eventuelt løyvingar for komande år.
  7. Gje styret fullmakt til å velje utsendingar til kretsting og årsmøte, der det er forventa at Åheim IL skal stille. Gje særgruppene fullmakt til å velje utsendingar til kretsting og årsmøte for sine særforbund.
  8. Val
    1. Leiar og nestleiar.
    2. Kasserar, sekretær, eitt styremedlem + to vara.
    3. Velje styre i gruppene ski, friidrett, fotball, handball, trim og e-sport + medlemar i eventuelle nemnder.
    4. To revisorar + ein vara.
    5. Velje valnemnd på tre personar, med årleg opprykk.

Leiar er vald for 1 år. Alle andre representantane vert valde for 2 år. Valnemnd er vald for tre år, med opprykksordning.

Alle røysteføre medlemar som blir spurt, kan veljast. Alle val går skriftleg føre seg, dersom det føreligg meir enn eitt forslag. Blanke røystesetlar tel ikkje og reknast som ikkje-gitte røyster.

Leiar, nestleiar, vara til hovudstyret og gruppeleiarar blir valde ein og ein. Når valet vert gjort einskiltvis og ingen av kandidatane får fleirtal, må det takast omval. Er det ved omval likt stemmetal, vert valet avgjort ved loddtrekning.

 

§ 7 Ekstraordinære årsmøte

Ekstraordinært årsmøte vert helde når styret avgjer det, eller ein tredjedel av dei røysteføre medlemane krev det. Det må kunngjerast på same måte som for ordinære årsmøte, og innkallast av styret med minst 14 dagars varsel. Ekstraordinært årsmøte kan berre behandle den eller dei sakene kravet om årsmøtet omfattar, og som er kunngjort i innkallinga.

 

§ 8 Medlemsmøte

Medlemsmøte vert halde når styret finn det naudsynt.

 

§9 Styret

Laget blir leia av styret som er høgste mynde mellom årsmøta.

Styret består av:

Leiar, nestleiar, sekretær, kasserar og eitt styremedlem (hovudstyret).  Det skal minst vere to av kvart kjønn i styret, jf. NIF si lov §2-4.

Gruppeleiarar har møteplikt i hovudstyret, men ikkje røysterett.

Styret skal:

  1. Setje i verk årsmøtet og overordna idrettsmynde sine vedtak og avgjersler.
  2. Stå for laget si daglege leiing og representasjon, og ivareta laget sine interesser.
  3. Vurdere dei økonomiske behova i laget og fordele midlane til dei einskilde grupper etter oppsette planar. Tilskot frå det offentlege, sponsorinntekter og kontingenten vert disponert av laget sitt styre. Midlar som gruppene sjølv samlar inn, vert disponert av desse.
  4. Ved behov gjere val av komitéar, utval og personar for spesielle oppgåver og utarbeide instruks for desse.
  5. Løyse laget sine oppgåver etter beste evne, jf. §1.

Styret held møte når leiaren ynskjer det eller eit fleirtal av hovudstyret krev det. Eit møte kan gjere vedtak når eit fleirtal av hovudstyret er til stades.

Alle vedtak vert fatta med fleirtal av dei gjevne røystene. Ved likt røystetal har leiar si røyst utslag. Det skal førast referat av styremøtet.

 

§10 Styret sitt arbeid

  1. Leiaren har den daglege leiinga av laget, og skal anvise/delegere alle utbetalingar og leie styret sine forhandlingar og laget sine møter, dersom ikkje anna er fastsett. 
  2. Nestleiar fungerer som leiar, dersom leiar er fråverande.
  3. Sekretæren skal føre referat av alle styremøte og medlemsmøte. Sekretær skal i samråd med leiar føre laget sin korrespondanse, samt lage skriftleg innkalling med sakliste.
  4. Kasserar skal setje seg inn i dei instruksar og reglar som til ei kvar tid er gjeldande, og vere eit bindeledd mellom styret og rekneskapsførar i høve økonomien for laget.
  5. Revisorane skal gjennomgå rekneskapen i samsvar med gjeldande revisjonsreglar.

 

§ 11 Gruppestyra

  1. Har laget sitt årsmøte gjort vedtak om å opprette grupper, vert kvar gruppe leia av eit styre på minst tre medlemar: leiar, sekretær og materialforvaltar.

Gruppestyra kjem med forslag til nytt gruppestyre til valnemnda, seinast tre veker før årsmøtet.

  1. Gruppeleiar har møteplikt i hovudstyret, med anna medlem som personleg vara, og skal vere eit bindeledd for informasjon mellom gruppe og hovudstyret.
  2. Gruppestyret skal behandle alle faglege saker som gjeld gruppa si idrettsgrein, og handlar sjølvstendig i idrettstekniske saker. Det skal sørge for at lover og reglar vert halde, og rapportere eventuelle brot på reglar til hovudstyret.
  3. Gruppa står sjølve ansvarleg for økonomien og aktiviteten i gruppa, føreslår kandidatar til gruppestyret, og gjev eventuelle innspel til saker som skal handsamast av styret eller årsmøtet. Gruppestyret legg fram for årsmøtet melding om gruppa sin aktivitet.

 

 

 

§ 12 Oppløysing

Oppløysing av laget kan berre vedtakast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal, eller at forslag om dette på førehand er sett på sakliste som er gjort tilgjengeleg for medlemane minst 14 dagar før møtet.

Blir oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, vert det halde ekstraordinært årsmøte tre månader seinare, og for at laget skal oppløysast må vedtaket her gjentakast med 2/3 fleirtal. 
 Samanslåing med andre lag, reknast ikkje som oppløysing av laget. Vedtak om samanslåing og naudsynte vedtektsendringar knytt til dette, vert gjort i samsvar med reglane om vedtektsendring, jf. §13.

I tilfelle oppløysing, vert laget sine eigedelar overført til Norges Idrettsforbund eller føremål godkjent av styret i Norges Idrettsforbund.

 

§ 13 Vedtektsendringar

Endringar av desse vedtektene, kan berre gjerast på ordinært årsmøte eller ekstraordinært årsmøte, etter å ha vore oppført på saklista, og krev 2/3 fleirtal.

Vedtektsendringar må sendast til styret i Norges Idrettsforbund, for godkjenning.

 

Instruks for valnemnda:

Valnemnda står uavhengig av hovudstyret, og er direkte underlagt årsmøtet. Ingen i hovudstyret kan såleis sitje i valnemnda. Hovudstyret har heller ikkje rett til å instruere valnemnda. Årsmøtet vel inn ein ny person i valnemnda kvart år, for tre år med opprykk, og vel også leiar i valnemnda.

Framlegget frå valnemnda bør føreligge i så god tid før årsmøtet at styret kan få det til handsaming.